Kultur

Ømt islandsk vulkanutbrot

Jonsi frå Sigur Ros trollbandt Øya-publikummet.

Det er ikkje alle rockeartistar som kallar opp bandet etter veslesøstera si. Slikt fall seg heilt naturleg for Jon Thor Birgisson, vokalist og gitarist i det islandske bandet Sigur Ros. Birgisson, eller Jonsi, som han gjerne kallar seg, har ein pause frå bandet sitt og turnerer solo.

Musikkens Odin. Artisten er blind på det eine auget og har dei siste åra stått fram som ein musikkens Odin. Iallfall har Sigur Ros skapt ein nærmast mytologisk «sound», som Jonsi også legg seg tett opptil som soloartist. Ikkje minst er stemma hans fengslande. Den ømme falsetten er særprega, og han kan halde tonane like lenge som ein fullblods operaartist.

Tander og energisk. Sigur Ros spelte på Øyafestivalen for to år sidan. Kanskje var den konserten endå betre enn solokonserten med Jonsi i år. Men no, som den gongen, klarer Jonsi å trollbinde oss med låtane sine. Han er ein kunstnar, rett og slett. Sjølv om han i delar av konserten såg ut som eit fugleskremsel på scena.

Jonsi kombinerer både det tandre og det energiske, som eit ømt islandsk vulkanutbrot. Det aktuelle albumet heiter Go, og er verdt å sjekke ut for dei som ikkje var til stades i Middelalderparken.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur