Satire, ikkje religion

Ingen vil skuldast for å vere humørlause, heller ikkje religiøse. Men Den europeiske menneskerettsdomstolen bør sette foten ned for at tilbeding av eit spagettimonster er sann religiøs utøving.

Publisert Sist oppdatert

'For ein ukjend Gud', stod det på altaret som apostelen Paulus merka seg då han gjekk rundt og studerte heilagdomane i oldtidas Athen. Det er lite truleg at denne ukjende Gud var eit flygande spagettimonster.
Slik Paulus gjorde det, lever vi også i dag i religionsmangfaldet si tid. Men nokre av oss har ikkje nok med dei religionane som allereie finst. Stadig kjem det nye aspirerande «religionar» til. Felles for mange av desse er eit sterkt innslag av satire.

Dørslag på hovudet. Nederlandsk rett har nyleg underkjent den såkalla pastafarianismen som ekte religion. Tilhengar­ane av denne retninga, som også blir kalla for Kyrkja av det flygande spagettimonsteret, trur at verda blei skapt av ein guddom av spag­etti. Som religiøst kjenne­teikn ber dei eit dørslag på hovudet. Ein av tilhengarane, nederlandske Mienke de Wilde, fekk i retten avslag på kravet om å bere dørslaget på hovudet på passbilete og førarkort.

Humor. Avisa VG har vore i Nederland og intervjua de Wilde­, som no har teke saka ­vidare til den europeiske menneskerettsdomstolen. «Bare fordi det er morsomt, betyr ikke at det ikke er et viktig budskap bak. Hadde flere mennesker tatt seg selv mindre høytidelig, ­hadde verden vært et fredeligere sted», seier de Wilde. Til dette er det mange truande som kan seie ja og amen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS