Søk i Edens hage

Søk  i  alt  innhold  på VL.no

Landet som går tomt for mat

Mangel på varer og høge prisar har fått mange i Venezuela til å dyrke mat sjølve. Styresmaktene håper det kan få landet ut av krisa.

BILDER

Laura Marcano er stipendiat ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) og har budd i Noreg sidan 2013. Ho kjem frå San Diego i Venezuela, ein liten landsby ved storbyen Valencia.

Foto: HiOA
Vis bildetekst

Krisa i Venezuela

  • Venezuela har dei største oljereservane i verda, og økonomien er hardt råka av den låge oljeprisen.

  • Venezuela er eitt av verdas mest oljeavhengige land. Ifølgje Det internasjonale pengefondet (IMF) førte oljeprisnedgangen til at landet gjekk frå å tene 80 milliardar dollar i 2013, til mellom 20 til 25 milliardar dollar i 2015.

  • Landets økonomi krympa med 5,7 prosent i 2015. I år er det venta at økonomien vil krympe med 8 prosent.

  • Inflasjonen har stige i takt med krisa. I år er det venta at inflasjonen vil nærme seg 700 prosent.

  • Krisa har ført til stor mangel på daglegvarer. Fleire tusen venezuelanarar hamstrar mat og andre dagligvarer i nabolandet Colombia når dei har hatt høve til det. Grensa mellom landa er som regel stengt.

  • Regjeringa i Venezuela meiner opposisjonen i landet og USA må ta skulda for krisa. Kritikarar peikar derimot på dårleg økonomisk politikk og ein altfor stor avhengnad av olje.

  • Situasjonen i landet har ført til store protestar mot styresmaktene. Sidan 2014 er minst 50 personar drepne og over 3.000 pågripne i samband med protestane.

  • Kjelde: NTB, Reuters, AFP, DPA, IMF, OPEC

Militza Perez går langs urte- og paprikaplantene som spirer i takhagen hennar midt i Venezuelas hovudstad Caracas. Til vanleg jobbar ho i ein bank.

– Vi dyrkar ikkje mat for å fylle magane våra, men for å kunne ete betre, fortel ho til Reuters.

Eit forskingsteam frå tre lokale universitet fann nyleg at 12 prosent av innbyggjarane i byen no må kutte eitt måltid per dag.

Matkrise

Venezuela har dei største oljereservane i verda, og rundt 95 prosent av landets statsinntekter har tradisjonelt kome frå oljesektoren. Det gjer landet svært sårbart for svingingar i den internasjonale oljeprisen.

LES OGSÅ: I sommer har norske ungdommer spadd møkk og mjelket kyr

I år er det venta at inflasjonen i landet vil nærme seg 700 prosent. Styresmaktene har erklært matkrise.

President Nicolás Maduro skuldar på opposisjonen. Kritikarar meiner derimot at Maduro har seg sjølv å takke. Venezuela har store, fruktbare område, men produksjonen har kollapsa. Økonomar legg mellom anna skulda på styresmaktenes strenge priskontroll, som tvingar bønder til å gå med underskot.

Lange køar

Laura Marcano er stipendiat ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Ho har budd i Noreg sidan 2013, men har sett kva foreldra går gjennom i heimlandet.

– Styresmaktene har utvikla eit system, der det siste nummeret på det nasjonale ID-kortet ditt bestemmer kva dag du kan handle mat på. Den dagen er maten billegare. Måndag er nummer 0 og 1, tysdag er 2 og 3, og så vidare, forklarar ho.

LES OGSÅ: Hjelper hundrevis av foreldreløse pinnsvin

Det er stor mangel på basisvarer som mjølk, kjøt og brød. I tillegg kan det vere vanskeleg å få tak i toalettpapir, bleier og matolje.

– Når det er din dag, må du stå i kø mesteparten av dagen. Og du veit aldri om butikken kjem til å ha det du treng når du endeleg kjem fram, seier Marcano.

Tomatar og egg

Som eitt av tiltaka for å betre situasjonen, har president Maduro oppfordra befolkning til å dyrke maten sin sjølve. Han har oppretta eit eige departement for urbant landbruk, og hevdar at han og kona no produserer all maten dei treng sjølve.

Følg Edens hage på Facebook!

Ifølgje regjeringa har over 100.000 innbyggjarar produsert 273 tonn grønsaker, frukt og urter i urbane områder dei siste tre månadane. Årets mål er 3.500 tonn.

Marcano kjem frå ein liten landsby ved storbyen Valencia. Ho fortel at også familien hennar har byrja dyrke meir mat.

– Far min har byrja dyrke tomatar, paprika og grasløk, fordi det er så dyrt å kjøpe. Eg har også ei venninne med eit lite barn som har byrja dyrka mat, sjølv om ho aldri har gjort det før, seier Marcano.

I Europa

Også økonomiske nedgangstider i Europa har ført til større interesse for matauk. Spesielt i middelhavslanda er tendensen tydeleg, sa Helena North til Edens hage i fjor. Ho er førsteamanuensis og med i eit europeisk forskarnettverk som mellom anna kartlegg korleis kolonihagar og parsellane vert brukt i dagens samfunn.

LES OGSÅ: Nå er det ut med innpakning

Parsellar er små hagar i byar som opphavleg skulle gi dei sosialt svakaste familiane høve til å dyrke mat.

– Å dyrke sin eigen mat er generelt meir vanleg i andre land enn Noreg. Her er vi meir opptekne av hygge og fellesskap, sa Nordh.

– Blant dei som dyrkar i parsellar i Middelhavsområdet, er det mange innvandrarar.

– Plaster på såret

83 prosent av venezuelanarane bur i byar. Byfolk er ikkje nødvendigvis like vande til å dyrke mat som Laura Marcano si familie. Men urbane hagar er meir og meir vanleg i heimlandet, fortel ho.

Mellom tronge gater og skjøre hytter i det største slumområdet i hovudstaden Caracas, veks det no fram tomatplanter og basilikum. Familiane som bur rundt håper dei snart kan ete grønsaker igjen.

LES OGSÅ: Dette er hobbygartnerens enkleste venn

Francisco Salazar, som arbeider i slumområda i hovudstaden, fortel at han og naboane dyrkar raudbetar, svarte bønner, salat og mange fleire grønsaker. Men han tvilar på at det vil vere nok.

– Vi har ikkje mjøl, ikkje pasta og ikkje ris. Det vi har er eit plaster på såret, som eigentleg ikkje vil løyse problemet, seier han til AP.

Dyrkar for seg sjølve

Målet til den venezuelanske regjeringa er at 20 prosent av landets matproduksjon skal kome frå private hagar innan dei neste tre åra. Marcano er usikker på om det vil fungere.

– Eg trur dei fleste som dyrkar mat kjem til å behalde maten sjølve. Men det kan hende somme vil selje det dyrt til naboane sine, dersom dei har høve til det, trur ho.

Men ikkje alle har høve til å dyrke mykje. I tillegg er dei som dyrkar veldig avhengige av godt ver.

– Og ein må nok dyrke meir enn tomatar for å brødfø befolkninga, seier Marcano.

ANNONSE

;