Søk i Edens hage

Søk  i  alt  innhold  på VL.no

Idyllalarm i kjøkkenhagen

– Vi kan sitje ved frukostbordet og sjå kor det gror.

Marièl Eikeset Koren

  • Marièl Eikeset Koren er 27 år og har nyleg flytt attende til heimstaden Sandane i Gloppen kommune.
  • Ho er gift med Martin, og i vinter fekk dei sonen Johan Kornelius.
  • Under studietilveret i Trondheim vart tanken om eit meir miljøvenleg liv sådd og har fått utvikle seg gjennom stadige nye forsøk på å verte meir sjølvforsynt og finne nye og meir miljømedvitne svar på utfordringane og behova i kvardagen.
  • Det grøne livet har for alvor fått skyte fart etter at ho flytte frå byen og attende til heimbygda.
  • Her arbeider ho som kantor og trusopplærar og er partileiar og listetopp for Miljøpartiet Dei Grøne i kommunen.
  • I tillegg til at ho endeleg har fått seg ein grønsakshage.
  • Marièl og ektemannen har saman bloggen «Grøn er ein fin farge - ein blogg om å redde verda og andre kvardagslege ting» der dei skriv om sine stadige prosjekt og tankar.

I fjor haust grov vi opp eit område nederst i hagen som vi hadde fått lov til å bruke til kjøkkenhage. Gjennom vinteren og våren synte det seg diverre at arbeidet utleigaren vår gjorde med å lage ein finfin mur nederst i hagen også fekk konsekvensar for kjøkkenhagen.

Det førte til at vi no har fått ein stor og flott plen, men at kjøkkenhagen måtte ofrast på hageplanlegginga sitt alter.

Heldigvis hadde vi ikkje rokke å gjere noko anna enn å setje kvitlauk som skulle stå og godgjere seg i jorda over vinteren, så antakelegvis kjem vi til å finne litt kvitlauk her og der i hagen framover.

Trong etter å plante

På det tidspunktet det vart klart at kjøkkenhagen slik vi fyrst hadde planlagt den, var ein saga blott, var vi så opptekne av vårt nyaste tilskot til familien at vi raskt ristet sorgen av, som det heiter i diktet.

Men etter kvart som våren trengde seg fram kjende vi også stadig meir på trongen etter å grave og plante. Lukka var difor stor då vi fekk eit nytt stykke plen å gå amok på!

Betre jord

No har vi fått eit stort og fint stykke rett bak kjøkkenet og utanfor kjøkkeninngongen. Det gjev faktisk meining å kalle det kjøkkenhage.

Vi kan sitje ved frukostbordet og sjå kor det gror. Idyllalarm!

Eigentleg er denne plasseringa mykje betre, sidan det er både meir solvendt, lunare og betre jord her.

Så eg bretta opp ermene og nytta Johan Kornelius sine små lurar til å spa og vende. Kven treng vel treningssenter når ein har ein spade og eit greip?

ANNONSE

;