Tomas Tranströmers diktekunst har åndeleg sprengkraft

Poeten er død, poesien lever vidare.

Den svenske poeten Tomas Tranströmer døydde før helga, 83 år gammal. Tranströmers poesi har åndeleg sprengkraft, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Midt i vår sekulære og materialistiske tid sprengte den svenske poeten Tomas Tranströmer inn ein kile av ånd. Den nobelprisvinnande forfattaren – han fekk prisen for berre fire år sidan – skreiv dikt som opna for noko større. Han var ein metafysisk diktar, mange vil også seie ein kristen metafysisk diktar. Før helga anda han ut, 83 år gammal.

Døropnar

Då Tranströmer i starten av forfattarkarrieren vart intervjua om det religiøse engasjementet i dikta hans, fortalte han både om behovet for eit religiøst fellesskap og avsmaken for autoritær kristendom. Denne kontrasten har vore ein god posisjon å dikte frå. Dikta hans, som i hovudtrekk kan kallast fellesskapsorienterte, har nok opna opp både for lesarar utan religiøse genar og for religiøse med lite engasjement for moderne poesi. Tranströmer har vore viktig også gjennom arbeidet med den svenske nyomsettinga av Bibelen. Den svenske poeten var stilist på Salmane fleire år før forfattarane vart trekte inn i bibelomsettingsarbeidet her i Noreg.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP