Utgangspunktet er enkelt. Alle som kjem i nærkontakt med sjølvmord, har eit intenst ønske om å forstå kvifor. Dei som lever vidare, leiter etter teikn i alt det som er igjen etter den døde. Dei les og les om igjen alt det den døde har skrive sjølv. Eit eventuelt avskjedsbrev blir eksegert og tolka etter alle kunstens reglar. Kva var den avdødes siste melding til verda og oss?