Nyheter

Kjærleik og kjensler

Kjærleik er ikkje berre kjensler. Kjærleik er handling, skriv Vigdis Berland Øystese.

Kan ein bestemma seg for å elska? Må ikkje kjærleiken koma nærast av seg sjølv? Ei kjensle som veks og varmar og til sist bryt fram? Det er vel slik vi ønskjer­ at det skal vera, at kjærleiken skal kjennast så vi ikkje tviler på han eit sekund.

Og like fullt: Dei fleste av oss veit at kjensler kan vera lunefulle, og at kjærleiken kan heva seg over dei. Elles gir det ikkje meining når Bibelen ber oss om å elska kvarandre og Gud. Det høyrest ut som noko ein kan bestemma seg for. Som noko ein kan gjera.

Slik er det også når Johannes skriv om å elska eller hata bror sin. Den som hatar, gøymer seg i mørket. Hatet kan gjera det mørkt for den som blir hata. Men hatet skaper også mørke i det hjartet som hatar. Eit smertefullt mørke som dekkar over det som er godt, det som er elskverdig, det som er rett. Eit mørke som gjer at ein misser retninga og vender seg innover mot sine eigne bitre kjensler og ikkje greier å venda seg til andre, og ikkje til Gud.

Motsett er lyset og kjærleiken i kompaniskap. Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall. Ikkje ein gong seg sjølv.

Kan vi velja dette lyset og denn­e kjærleiken? Kan vi velja denne «broren» som teksten nemner? Nei, vi kan ikkje velja vår bror. Der er ofte knuten. For om vi har sysken som vi ikkje likar, som ikkje deler vårt syn, som handlar feil, og som foraktar oss og gjer narr av oss, korleis skal vi kunna elska dei då? Det finst ikkje gnist av kjærleik til slike folk i kjenslene våre.

Men kjærleik er ikkje berre kjensler. Kjærleik er handling. Det viste Gud oss då han gav ­Sonen sin for oss alle. Ikkje det at eg tviler på kjenslene hans! Men kva om det hadde stoppa der, og han som advent skal f­ørebu oss på, ikkje kom?

Så får vi byrja der, med dei gode handlingane. Kanskje berre ei bøn i staden for eit grynt sånn til å byrja med?

Vigdis Berland Øystese er førstelektor ved NLA Høgskolen, Bergen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter