Kommentar

Fred som PR-stunt

Dei som skal lage fred i Ukraina, kor var dei i 2014?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fleire med tendensar til stormannsgalskap har lansert fredsinitiativ for krigen i Ukraina. Sist ut var den sørafrikanske generalsekretæren i den globale paraplyorganisasjonen Kirkenes Verdensråd, Jerry Pillay. Han valde å besøke Putin-venen patriark Kirill i Moskva for å lansere initiativet om ein rundebordskonferanse mellom Den russisk-ortodokse kyrkja og dei ortodokse kyrkjene i Ukraina. I beste fall var det naivt, i verste fall var det både farleg og skummelt.

Det største problemet er at det ligg ein eim av PR-stank over initiativet, til fordel for den russiske leiarskapen som myrdar ukrainske born med blodige våpen kvar veke.

Norges forsøk på å stanse Libya-krigen

Først skal vi likevel gje generalsekretær Jerry Pillay rett i ein ting.

Han meiner at vestlege land som USA og Storbritannia ikkje har gjort nok for å få ei fredeleg løysing på plass. «Dei vil hevde at dei har gjort det, men ein må stille spørsmålet: Har det verkeleg vore press nok?», sa han til Vårt Land.

Etter å nyleg ha lese Henrik Thunes glitrande sakprosabok Strengt fortrolig. Norges hemmelige forsøk på å stanse krigen i Libya er det ei tolking som gir meining. Sjølv om Libya-krigen var heilt annleis enn den som no føregår i Ukraina, er det fleire læringspunkt frå Thunes sterke forteljing frå innsida av storpolitikken.

Diplomatiets kollaps

Den sterkaste scena i boka er då den norske fredsforhandlingsdelegasjon sit med sonen til diktator Muammar Gadaffi på hemmeleg stad i Libyas hovudstad Tripoli, medan ein skjerm på veggen sender direkte frå det avgjerande møtet i FNs tryggleiksråd i New York. Der sat stormaktene og vedtok at Nato kunne sende bombefly over hovuda deira få timar seinare, men Gadaffi og hans folk skjønte ingenting. Thune skildrar korleis Saif Gadaffi snudde seg mot dei: «'Herr ambassadør’, sa han og hørtes usikker ut. ‘Hva betyr dette?’ Han henviste til bildene borte fra fjernssynsskjermen. ‘Betyr dette at vi er i krig nå?’ Han virket oppriktig nysgjerrig.»

Særleg tydeleg blir kunnskapsløysa og naiviteten når Pillay skal skildre kva maktfaktor han meiner den russisk-ortodokse kyrkja eigentleg er. Der vi andre ser ei krigshissande, nasjonalistisk og korrupt kyrkje full av Putin-sympati som støttar grove krigsbrotverk, ser openbert Jerry Pillay noko anna.

Og slik var det: Medan verdssamfunnet diskuterte og vedtok bombing av Gadaffi-regimet, hadde ikkje diktatoren og hans næraste klikk i Tripoli blitt orientert, forhandla med eller gitt noko ultimatum. Blant stormaktene som gjorde minst for å snakke med diktatoren – og som etter Thunes forteljing nærast saboterte eventuelle fredsforhandlingar – var Storbritannia og Frankrike. Resten av soga vart som kjend ei katastrofe for den libyske staten, som i åra etter har vore herja av stamme- og borgarkrig.

Boka til Thune – som er blant årets aller sterkaste sakprosautgjevingar – er eit studie i korleis internasjonalt diplomati kollapsar når viktige folk sluttar å snakke saman. Vi vanlege trur jo at det føregår mykje på bakrommet, som det i Libya viste seg at det ikkje gjorde. Fleirtalet og makteliten i Nato var fast bestemt på å felle Gadaffi med konsekvensane det fekk.

Det er heller ingen grunn til å tru at desse landa har noko større vilje til å skape fred i Ukraina med det første.

Putin-apologetane sin fred

For kvifor skulle dei det? Fredsforhandlingar er først mogleg den dagen det er noko å forhandle om. Ukraina har no for gode militære kort på handa til å gå inn i fredsforhandlingar på dei russiske premissene.

Ordet og omgrepet fred blir av ein del Putin-apologetar brukt som PR-middel for å vise at Russland eigentleg berre vil ha fred.

Dei sende store delar av sitt militære arsenal mot Ukraina 24. februar i fjor, fordi dei helst vil ha fred. Dei har kriga mot Ukraina sidan 2014, fordi Russland er så fredelege. Det er Ukraina som er nasjonalistiske, vanskelege og uvillige til å skape fred, i følge denne tankegangen. Den freden russarane vil ha er ein fred som betyr at Ukraina tapar store landområder, nasjonal tryggleik og som betyr at mange ukrainske borgarar blir del av det russiske diktaturet.

Det er så grenselaust naivt, fordummande og farleg at Den norske kyrkja ved Mellomkirkelig råd bør sei tydeleg ifrå om at dei ikkje kan akseptere slik relativisering av krigens brutale realitetar i Ukraina frå generalsekretæren i Kirkenes Verdensråd.

Det er denne tankemåten den ferske generalsekretæren i Kirkenes Verdensråd har slukt rått. Ikkje berre det: Han stiller det som vi i beste fall kan omtale som farleg dumskap og naivitet ut på utstilling for heile verdspressa. Pillay sa mellom anna dette om patriark Kirill: «Jeg var faktisk ganske imponert over at han sa at som kristne, som troende, må vi jobbe for fred».

putin kirill

Det siste vi skal gjere er å la oss imponere av russisk fredspropaganda, slik ein tidlegare rådgjevar av den russiske patriarken åtvara om at Den russisk-ortodokse kyrkja misbrukar dialog for å fremje Kreml sin agenda.

Patriark Kirill er først og fremst Putins mann.

Reelle fredsforhandlingar skjer i hemmelegheit

Særleg tydeleg blir kunnskapsløysa og naiviteten når Pillay skal skildre kva maktfaktor han meiner Den russisk-ortodokse kyrkja eigentleg er. Der vi andre ser ei krigshissande, nasjonalistisk og korrupt kyrkje full av Putin-sympati som støttar grove krigsbrotverk, ser openbert leiaren for Kirkenes Verdensråd noko anna.

Dessutan er det grunn til å spørre seg kor den globale kyrkjeorganisasjonen har vore i forsøket på å skape fred i Ukraina sidan russarane invaderte landet allereie i 2014?

Generalsekretær Pillay seier mellom anna at han trur patriark Kirill må vere forsiktig av omsyn til eigen situasjon og kyrkja si stilling i Russland, og at det til dels forklarar kvifor patriarken stadig rettferdiggjer krigen.

Det er så grenselaust naivt, fordummande og farleg at Den norske kyrkja ved Mellomkirkelig råd bør sei tydeleg ifrå om at dei ikkje kan akseptere slik relativisering av krigens brutale realitetar i Ukraina frå generalsekretæren i Kirkenes Verdensråd.

For kva var den viktigaste lærdommen frå Henrik Thunes bok om forsøket på å stanse krigen i Libya? Jo, det var at reelle forsøk på å skape fred alltid skjer i hemmelegheit – med mindre nokon har behov for å drive PR.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar