Anmeldelser

Forteljinga om kristenfolkets ugjerningar mot jødane er gjennomskakande lesnad

I eit klårt språk med grundig dokumentasjon syner Mette Nygård korleis kristendomen gjorde jødane til fiende.

Det finst mange mørke kapittel i kyrkjesoga.

Av dei mørkaste er forteljinga om korleis menneska har omtolka Guds altomfemnande kjærleik til vondskap ved å tildela jødefolket kollektiv skuld for drapet på Jesus.

Men dette er ei forteljing som framleis ikkje har nådd fram til kristenfolket i all si gru, med Shoa – eller Holocaust – som vondskapens største triumf over Guds paktfolk. Jo, Holocaust kjenner vi til som eit heslig minne om nazismens grufulle gjerningar – men vår del i dette som kristne, ja som Kyrkje, har vi framleis vanskeleg for å sjå.

---

Bok: Sakprosa

Mette Nygård

Vendepunktet. Den katolske kirkes forhold til jødene før og etter Det annet Vatikankonsil

Solum Bokvennen 2021

Vendepunktet

---

Vendepunktet

Mette Nygård var eit unikum, på så mange vis. Som psykiater, forfattar og utfordrande katolsk intellektuell. Ho døydde ifjor, før ho fekk sjå utgjevinga av Vendepunktet med undertittelen Den katolske kirkes forhold til jødene før og etter Det annet Vatikankonsil. Men Mette Nygård, som mellom anna hadde nedlagt eit stort arbeid for traumatiserte flyktningar, fekk oppleva å disputera til den filosofiske doktorgraden ved Det teologiske fakultetet, UiO, som den eldste doktorand. Ho var då 83 år gamal.

Det er denne doktoravhandlinga ho omarbeidde og oppdaterte til bokmanuskript før ho døydde.

Det er sjeldan eg har vore så gjennomrista, så tvers igjennom skaka, som ved lesinga av denne boka.

—  Knut Ødegård

Eg har vore bokmeldar i femti år og burde vore ein herda lesar. Men likevel: Det er sjeldan eg har vore så gjennomrista, så tvers igjennom skaka, som ved lesinga av denne boka.

Mette Louise Nygård

Fiendskapen

I eit klårt språk med grundig dokumentasjon på dei fakta ho legg fram, viser Mette Nygård korleis kristendomen, som oppstod ved jøden Jesus og hans jødiske disiplar, vart til ein fiende av dette same jødefolket. Det vart utvikla ein teologi som hevda at dei få jødane som ropte krossfest! krossfest! før romarane drap Jesus, er heile jødefolket som gudsdreparar – og som difor skal flakka fredlause ikring til evig tid. Og i form av ein erstatningsteologi som går ut på at den pakt som Gud gjorde med Israel ikkje gjeld for jødefolket lenger, men for dei kristne.

Teologisk villfaring

Som innleiing til del ein i boka, «Forhistorien», siterer ho pater Edward Flannery: «Det påhviler enhver historiker å dømme enhver handling i lys av forståelse og normer på den tiden da den skjedde for å unngå den ‘nåtidens imperialisme’ som dømmer fortiden ut fra sin egen samtids liberalisme og demokratiske standard.» Ja, det er rett, men vi skal ikkje tru dette er oppskrift på ei ansvarsfritaking. Flannery vigde sitt liv til forsoning mellom jødar og kristne (mellom anna som direktør for den amerikanske bispekomitéen for katolsk-jødiske forhold) og var ei klår røyst i påpeikinga av den teologiske villfaringa som ligg bak kristen antisemittisme (under nemninga antijudaisme).

Deicidium

Det store, gruelege ordet er: deicidium, gudsdrap. Heilt frå tempelet vart øydelagt av romarane i år 70 og fram til midt på 1900-talet, var deicid – at jødane som folk hadde drepe Jesus – grunntanken bak den kristne jødeforfølginga. At tempelet vart øydelagt vart teikn på Guds vreide og at dei kristne hadde erstatta jødedomen som rett arving til pakta med Gud.

Det store, gruelege ordet er: deicidium, gudsdrap.

—  Knut Ødegård

Boka (og doktoravhandlinga) er konsentrert kring den katolske kyrkja og tilhøvet til jødedomen før og etter Andre Vatikankonsilet. Men tilsvarande negative haldningar til jødane finn ein òg i dei fleste kristne kyrkjesamfunn, til dømes vart Martin Luther ein fanatisk jødehatar då han oppdaga at dei ikkje ville slutta seg til hans kyrkje som han meinte var reinare og ærlegare enn den katolske. Luthers skrift Om jødane og deira løgner vart flittig brukt av Hitlers naziparti i dei jødeforfølgingane som kulminerte i Shoa/Holocaust.

Pave Johannes

Vendepunktet

Eit heilt avgjerande vendepunkt i det katolske synet på jødane skjedde med det dokumentet som vart vedteke under andre Vatikankonsilet i 1965: Nostra aetate («I vår tid»). Forholdet til jødane utgjer berre eit underkapittel i dokumentet, men den teksten fekk ei virkningshistorie som er langt sterkare enn den noko varsame ordlyden. Heilt avgjerande var det at her understrekar Kyrkja for første gong dei jødiske røtene sine, ho omtalar jødedomen på positiv måte og legg ned forbod mot å framstilla jødane som eit folk som er forbanna eller forkasta av Gud. Erstatningsteologien vert avvist saman med antijudaismen.

Jødeforakt

Det har vore peika på at Den katolske kyrkja – og kyrkjene – ikkje var antisemittisk, men antijudaisk. At det altså ikkje var «rase» men teologi som låg til grunn for den forakt jødane vart utsette for. Mette Nygård held distinksjonane klåre gjennom boka, men ein lesar vil sjå tydeleg kor uvesentleg skiljet mellom omgrepa er når det kjem til konsekvensane for jødefolket – og for Kyrkja. Det er teoretisk ein vesentleg skilnad mellom kyrkjeleg antijudaisme og den ny-heidne nazististiske antisemittismen, men vi har vore vitne til at det eine vert brukt som argument for det andre, og for offeret gjer det knapt skilnad.

Våre eldste brør

Det er eit stort arbeid Mette Nygård har utført med denne avhandlinga og denne boka. Det er, som eg skreiv i innleiinga, gjennomskakande lesnad. Men til å bli klokare av. Og til å minna om at den kristne kyrkja har sitt opphav i Jesus, son av ei jødinne, han som kom med kjærleiksbodet. Og til å minna oss om at, for å sitera pave Johannes Paul II då han tala til den jødiske forsamlinga i Den store synagogen i Roma: «De er brørne våre. I ei viss meining kan vi seia at de er våre eldste brør.»

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser