Therese Utgård

Lege, pasient og innvald for Åpen folkekirke

Det blir snakka mykje om homoterapi. Homoterapi, sjelesorg, konverteringsterapi, medvandring - nemningane er mange. Og fleire freistar å få debatten over på ordbruk. Dei let som om det er ein essensiell forskjell på terapi og samtalar. Som om det er betre å snakke med nokon med premiss om at ein bør endre legning viss det skjer i ein «samtale».

Poenget er at same kva ein kallar det, er det uetisk.

Makt og ansvar

Mange innvender at folk kjem friviljug. Og den som held sjelesorgsamtaler, snakkar nesten ikkje med klienten, seier enkelte. Dei lyttar mest. Som om dét skulle legitimere det.

Det forundrar og foruroligar meg at dei som driv med slik «sjelesorg», ikkje ser rolla si og sitt etiske ansvar. For er du behandlaren, terapeuten, sjelesørgjaren, eller «medhjelparen», sit du uansett i ein maktposisjon overfor den du hjelp. Det gjeld uavhengig av om du lyttar mest, om du meiner du ikkje gir klare råd eller oppmodingar. Du er den som har autoritet overfor den andre. Difor er det også du som har ansvaret.

ALF GJØSUND OM HOMOTERAPI: Sjelden ser vi et tydeligere behov for klargjøring

Kor friviljug er det?

Det er rart at dei same organisasjonane som påfører skeive ei ekstra påkjenning og kallar homofili for synd - at dei meiner det er friviljug når skeive takkar ja til «samtalane» dei tilbyr. Viss ein lege hadde diagnostisert deg med ein farleg sjukdom, og så tilbudt deg ei lækjande pille - hadde du då latt vere å ta medisinen? Hadde du takka nei? Det er ikkje rart om enkelte skeive internaliserer fordømmande haldningar og vil bli kvitt eiga legning. Men friviljug? Kva er alternativet i slike miljø? Fordømming og stadig påpeiking av at ein lev i synd?

Uetisk bruk av maktposisjon

Det som manglar i denne debatten og i medvitet til medhjelparar, er at ein erkjenner sitt etiske ansvar som behandlar/samtalepartner. Når nokon oppsøkjer terapi, samtalar eller sjelesorg, må ein ta utgangspunkt i at denne personen er sårbar og i ein underlegen posisjon. Dette er ikkje ein samtale mellom likestilte partnarar, der begge har like mykje makt og kraft til å seie i frå om eventuelle overtramp. Dei som utfører slike samtaler burde slutte late som om det ikkje er eit svært asymmetrisk maktforhold her. For om ein ikkje er medviten dette, utnyttar ein det. Og det akkurat det som skjer her.

Om ein aldri så mykje meiner at homoseksuelt samliv er i mot Bibelens lære, kan ein ikkje ta den kampen i det personlege sjelesorgrommet. Det er fullstendig uetisk å utnytte ein maktposisjon for å få andre menneske til å oppføre seg etter eins private, religiøse verdsbilete.

 

ENGASJERER DU DEG I DEBATTEN OM HOMOTERAPI? LES DISSE SAKENE:

Espen Ottosen: Greit å forby homoterapi

Hegseth svarer Ottosen: Velmenende sjelesorg kan få alvorlige konsekvenser

• Kirkerådslederen reagerer etter debatt om homoterapi: – Jeg får lyst til å rope og skrike

KrFU-leder om homoterapi: – Er det ikke ulovlig i dag, burde det bli det