Studentane slit. Men får vi vera med å hjelpa?
PSYKISK HELSE: Det er heilt sjølvsagt at Laget sine arrangement må vera å finna på program som tek mål av seg å tilby mangfaldige møteplassar for studentane våre. Men fleire stader møter vi motstand.
INNSATS: Dei tankevekkande funna fortel at alle må bidra for å gi studentane våre ein betre kvardag. Der dei unge sjølv rapporterer einsemd, rus og destruktiv digitale vanar, blir vi utfordra til å leita etter gode alternativ, skriv Braut og Kjøde.
Håkon Mosvold Larsen
Den nyleg publiserte SHoT-undersøkinga viser at studentar treng mykje meir enn ein triveleg studiestad og eit varmt velkommen i døra inn til studenttilværet. Spørsmålet «Hvorfor har vi det ikke bedre når vi har det så godt?», lånt frå ein boktittel for nokre år tilbake, heng i lufta etter å ha lese hovudfunna frå den ferske rapporten frå Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT). Med svar frå nær 60.000 heiltidsstudentar i aldersgruppa 18-35 år, gir undersøkinga unikt innblikk i norske studentars kvardag og korleis dei oppfattar eige liv og eiga helse.
I det overordna er det mykje positivt å merka seg. 75 prosent er nøgde med studiestaden og endå fleire (86 prosent) opplevde seg godt mottekne på det studiet dei starta på. Når det gjeld helse, kan vi merka oss at eit klart fleirtal (74 prosent) rapporterer om god eller svært god helse.
Desse tala fortel historia om studentane våre litt frå avstand. Det er sjølvsagt mykje som fungerer svært bra, det skulle kanskje også berre mangla i eit land som stadig figurerer høgt på indeksar for beste land å bu i.
Bestill abonnement her
KJØP