Realisme eller utopisme

Publisert Sist oppdatert

Er det å skjera hol i dei vestlege propagandabileta av Vladimir Putin og Alexander Dugin uttrykk for politisk utopisme av gamalt merke?Det kan sikkert vera det, og det finst sikkert dei som er på frustrert jakt etter ein ny verdsfrelsar. Eg reknar meg ikkje for å vera ein av dei. Du kan seia mykje om dagens regime i Moskva, men utopisk er det ikkje. Det er eit pragmatisk regime, dei mest «ideologiske» føringane som td. prosjektet for ein Eurasiatisk Union dreier seg i stor grad om å finna samarbeidsformer i det geopolitiske rommet kring Russland. Russarane er vaksinert mot tankar om å byggja «ei ny og annleis verd».

I tillegg er det misvisande å snakka om Putin og Dugin som siamesiske tvillingar. Heilt sidan krisa i Ukraina byrja har Alexander Dugin hatt ei heilt anna line enn Putin. Han har vore tilhengar av open intervensjon i Aust-Ukraina, medan dette har vore unemneleg for Kreml. Dugin har nett same rolle og oppgåve som John Mearsheimer eller Hilde Henriksen Waage: Han er ein intellektuell som har det politiske spelet som sitt ekspertfelt. Det einaste uvanlege med Dugin er ambisjonsnivået og spennet i interesser.

Det finst mange grunnar til at politisk medvitne folk i Noreg har sterke band til USA – også sentimentale. Dei rasjonelle grunnane er greie nok, og mogleg å diskutera. Men dei sentimentale er svært problematiske, av di dei er eit hinder for realistiske vurderingar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS