Ole Kristian Grønneng

Formann i Høgnorskringen

Når kulturnemndi skriv i tilrådingi at ho meiner framlegget hev breid studnad i opinionen, byggjer ho på attermeldingar frå eigne medhaldsmenner. Me er kann henda ikkje so mange som idest lyfta røysti og tala beint imot framlegget – «Ja, vi elsker» er då i praksis norsk nasjonalsong å kalla – men nokon trygg folkeleg grunn stend ikkje eit slikt formelt vedtak på. Det kann ikkje Stortinget vita. Framlegget frå fyre sumaren hev ikkje gjeve noko ope ordskifte i ålmenta um emnet, men hev berre skapt hovudskaking og låtteleggjering – det me hev frett frå vår synsstad.

«Millom bakkar og berg»

Me meiner det er gale at ei statsmakt formelt skal taka ved denne songen til offisiell norsk nasjonalsong. Det er eit uturvande og låkt vedtak.

Låkt er vedtaket med di det høgjer ein norskdansk tekst upp til einrådande nasjonalt samlingsmerke. «Ja, vi elsker» hev ikkje vore einrådande nasjonalsong, ymse lag og rørslor hev då samla seg um songen «Nordmannen» («Millom bakkar og berg») av Ivar Aasen i staden.

Når styremaktene ser heilt burt frå dette, og kjem med slik kulturell standardisering og einsretting, smakar det gamaldags nasjonsbyggjing ovantil. Motkulturane – ein sterk straum i norsk kultur og politikk – hev stade for demokratisk fylkjing av folkelege motrøyster mot nettupp slik einsretting.

LARS PETTER SVEEN: «Eg har inga løysing på korleis gjere nynorsk lettare for folk flest. Ikkje regjeringa heller»

Borgarleg midstadkultur

Målrørsla hev vore sterkt med i denne demokratiserande motstraumen frå periferien som hev bore uppe andre synsmåtar på det norske en det borgarleg midstadkultur jamt byd oss. Ein norskdansk bokmålssong kann ikkje vera nasjonalsong for Noreg, i alle fall ikkje åleine.

Det er hevd for å kalla «Ja, vi elsker» fedrelandssongen og «Gud signe vårt dyre fedreland» fedrelandssalmen. Soleis hev nasjonalsongane våre femnt um båe dei jamstelte skriftmålstradisjonane i riket. Skal ein plent gjeva songar status gjenom stortingsvedtak, burde i minsto denne jamstellingi av måli og songtradisjonane koma med.

Kulturnemndi skriv at eit vedtak skal «sørge for at det aldri vil herske tvil om hva som er vår felles nasjonalsang». Politikarar som vil fremja norsk nasjonal song kann då ikkje nøgja seg med at folk kann denne eine songen. Kva då med «Gud signe Norigs land», «Fagert er landet», «Å, eg veit meg eit land» og «Nordmannen»? Ei slik einsretting der bokmålskulturen er sett til riksstandarden, er i beste fall kulturpolitisk blindskap og sogeløysa.

Toler tevling

«Ja, vi elsker» skulde få vera ein uoffisiell nasjonalsong framboren av folkeleg vilje og ynske til å syngja denne songen. Songen toler tevling, og på idrottsbana vinn han visseleg. Me som ynskjer å halda fram andre songtradisjonar, syter for at det òg kjem andre songar med på songarket. Me kann ikkje tru at kulturpolitikarane våre kann hava noko imot det.

Eit vedtak der Stortinget segjer at «Ja, vi elsker» skal vera det eine nasjonalmerket i dag, det treng me ikkje og det vil me ikkje hava. Skal me plent ha offisielt vedtekne nasjonalmerke, må vedtaki fylgja den offisielle kulturpolitikken og jamstella nynorsk- og bokmålstradisjonen. Ikkje ved å laga ei nynorskumsetjing, men ved å setja ein annan song jamsides. Der er mykje godt å velja i.

Men i grunnen treng me ikkje nasjonalsong i offisielt bundi form. Stortinget gjer klokast i å ikkje skapa denne floken. Me råder Stortinget til å avvisa heile framlegget og røysta imot tilrådingi frå kulturnemndi.