Vil gjere norske elevar til verdas beste lesarar
LESING: Regjeringa bruke ein milliard på nytt leseløfte. – Vi treng ikkje ein lesekommisjon, seier Høgre-nestleiar Tina Bru.
LESEKOMMISJON: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun vil satse på ny lesestrategi, mens nestleiar i Høyre, Tina Bru, vil satse på kvalifiserte lærarar.
Rodrigo Freitas og Ole Berg-Rusten / NTB
– Norske
barn skal på nytt bli blant verdas beste lesarar, seier statsminister Jonas
Gahr Støre.
15.000 elevar går ut av grunnskulen utan å kunne lese ordentleg. Arbeidarparti-regjeringa
har derfor lagt fram nye tiltak for å betre leseferdigheitene i skulen. Midt i innspurten på valkampen seier regjeringa at dei vil bruke éin milliard ekstra på eit nasjonalt leseløft dei neste fire åra.
Blant
tiltaka i leseløftet er fleire fysiske lærebøker, mindre skjermbruk for dei minste og 15
minutt med obligatorisk lesing kvar dag. I tillegg vil regjeringa sette ned ein
lesekommisjon som skal lage ein ny lesestrategi for Noreg.
Bestill abonnement her
KJØP