Når biskopane er tause
TRUSFRIDOM: Kvifor er eigentleg biskopane i Den norske kyrkja så stille i debatten om trusfridom i Klepp?
– Det er interessant å merka seg kor stilt det har vore frå dei åndelege leiarane i det største trussamfunnet i Noreg i denne saka, skriv Sofie Braut. Bildet: Biskopane samla i 2019 då Helga Haugland Byfuglien framleis var preses.
Joakim S. Enger
2021 kom knapt i gang før vi fekk ei svært interessant sak om trusfridom med lokal vri her til lands. Eit sakskompleks som vi vanlegvis assosierer med langt fjernare himmelstrok fekk brått adresse midt i det norske bibelbeltet. Klepp kommune føreslår, som mange truleg har fått med seg, å gå lenger enn staten i sitt siste forslag knytt til fordeling av kulturstøtte til lag og foreiningar.
Forslaget seier at alle, uavhengig av «samlivsform, seksuell orientering, kjønn eller etnisitet» skal kunna veljast til styre, tillitsverv og posisjonar, og verkar nærast målretta for å råka tradisjonell kristen samlivsetikk og ekteskapslære. Saka er for tida ute på høyring, og responsen har så langt vore formidabel. Det elles grasrotvenlege Senterpartiet køyrer saka i Klepp, og deira representant uttalar at det er «sjokkerende» å sjå responsen på det han kallar «en bagatellmessig sak». Det er freistande å minna lokalpolitikaren om at i eit demokrati er det ikkje politikarane sitt privilegium å vedta kva saker som er viktige for folk. Stor respons tyder at saka engasjerer; denne demokratiske logikken kan sjølv ikkje ein SP-veteran heva seg over. I staden for å la seg sjokkera av folkeleg engasjement, bør både lokalpolitikarar og andre lytta til det som kjem fram i denne viktige saka.
Har nådd stortingspolitikaranes sfære
Bestill abonnement her
KJØP