Moses - ein historisk skikkelse ein fabelfigur?
Korleis kan det ha seg at skildringane i Mosebøkene med stor visse kan stemplast som fabler, dikt og eventyr? Heimesida til Det israelske utenriksdepartementet(MFA) kan gi oss forklaringa:
Kva oppgåve hadde så Bibelen? Så lenge jødane levde konsentrert var identiteten tufta på religiøst fellesskap med presteskapet i Jerusalem som kulturberarar. Då jødane tufta koloniar utafor kjerneområdet, oppstod det trong for eit nasjonalt epos som omfatta religion, myter, legender, heltar og skrytehistorier, som kunne styrkje jødefolket sin identitet og deira fellesskap. Mykje tyder på at jødane starta målretta arbeid med si historie samstundes som den jødiske eliten sat som gissel i Babylon. Dei har forsynt seg skamlaust frå andre religionar og kulturar. Messiasfiguren er henta frå Zarahustra og historia til Moses-barnet er eit blåkopi av historia om Kong Sargon fra Akkad i Mesopotamia, tidfesta til omlag 1000 år før Moses si tid.
Dei som har produsert GT har ikkje lagt særlig band på seg. Historia er spekka av rabiate skildringer, letvindt bruk av historiske/geografiske fakta og luftig talfesting, alt med sikte på å imponere lesarane. Truverde og sanning er ikkje ofra mykje omtanke i trygg forvissing om at religiøs indoktrinering kan gjere kva som helst til ”sanning” overfor ei forsamling som mangler høve eller vilje til å sjekke innhaldet.