«Døkk sit og glor», seier minkeigar Jostein Kroksleiven når han er kanalvert i Flåklypa. Og det er jo sant – vi sit og glor. Og vi er ikkje åleine: Moderne datateknologi, satellittkommunikasjon og kamerateknologi gjev eit enormt potensiale for å sitja å glo – med dei illusjonane om røyndomskontakt dette gjev. Kombinert med fullmakter til å avfyra Hellfirerakettar mot dei ein glor på gjev dette forbausande effekter, og enorme inntekter til dei som produserer teknologien som gjev eit illusorisk kjensle av røyndomskontakt mellom dei som glor og dei som blir glodd på – og drepne. Dette er temaet for Andrew Cockburns svært velskrivne bok om emnet – Kill Chain.
Cockburn har følgt amerikansk forsvarspolitikk lenge – og har skrive kritikarroste bøker om «trugsmålet» frå Sovjet og om Donald Rumsfeldt. Cockburn kjenner sitt tema – og han kjenner mange folk bakom den veggen av togn som omgjev dei amerikanske militære, spesielt dei hemmelege tenestene. Og ikkje minst den veggen av togn som omgjev den uheilage blandinga av teknologi, pengar, private forretningsinteresser og politikk som er motoren i mykje av det som skjer i det amerikanske forsvaret.
Syn og bilete er to ulike ting, og det er manglande forståinga av dette som har ført viktige delar av den amerikanske militærmaskina ut på eit blindspor. Som optiske instrument er auga våre ferdigutvikla ved fødselen, men vi brukar lang tid og mykje konsentrasjon på å læra å sjå. Ein stor del av hjernen vår blir brukt til å tolka sanseinntrykka vi får frå synssansen, og syn er ein av dei sterke motorane i utvikling av stor hjerne – anten ein snakkar om menneske eller blekksprut. Synssansen er krevjande, av di bilete er komplekse og vanskeleg å tolka. Kjørelæraren min brukte spegelen til å følgja med blikket mitt, for bilkøyring handlar i stor grad om å ha augo og merksemda på rett stad. Vi kan skifta blikkretning og mentalt «zooma inn» og ut fleire gongar i sekundet. Eg såg ein gong ein filmsnutt av augo til ein utforkjørar i fart ned ein av dei klassiske utforløypene. Febrilsk aktivitet, der augo fokuserte og blikket hoppa att og fram etter kvart som nye ting dukka opp i synsfeltet. Det ligg svært mykje trening bak all denne målretta blikkaktiviteten.