Geir Sørebø

Pensjonert prost

Franz av Assisi sin tale til fuglane er berømt. Her oppfordrar han sine søstrer, fuglane, til å prise Gud, fordi Gud har skapt dei til eit så fantastisk flott og fritt liv. Slik skal dei saman med han forkynne Guds herlegdom over heile jorda. Og fuglane responderer, ifølgje tradisjonen, med å flyge i formasjon og teikne ein kross over himmelen. Naturen er, ifølgje Franz, guddommeleg og er til for å vise Guds kjærleik og for å lovprise han saman med oss. Når det i den messianske Davidssalme 22 står «Eg er ein makk og ikkje ein mann», så tilskunda dette Franz til å fjerne meitemakkar frå stigen slik at dei ikkje skulle bli trakka på. Skal ein forstå slike handlingar hos Franz, så må forstå at for han hadde alt levande ein unik eigenverdi.

LES MER: Ropstad: Kristent menneskesyn «er under angrep» – slik går KrF-sjefen til motoffensiv

Kristendemokratisk forvaltartanke kjem til kort

Den kristendemokratiske forvaltar-tanken som oppfordrar oss til å forvalte miljøet, naturressursane og samfunnet til felles beste, kjem til kort i møte med arven frå Franz. For i forvaltartanken ligg det ei betydeleg eigeninteresse – anten på eigne vegne eller på vegne av dei komande generasjonane. Naturen vert eit slags arvegods som vi skal ta vare på og om mogeleg auke verdien på. Vi er på ein måte bønder som skal arbeide for at garden (les naturen) skal gje meir og meir avkastning til vår felles nytte.

Franz oppfordra til at ein ikkje brukte heile jordstykket til nyttevekstar. Noko av jorda burde stå der berre for vakre blomar, som med sin naturlege pryd skulle prise Gud – men utover det heilt unyttige for menneske.

MDG vidarefører arven frå Franz

Når Miljøpartiet De Grønne har som ­utgangspunkt at menneska ikkje står heva over naturen, men er ein del av naturen, så har dei på mange måtar vidareført arven frå Franz betre enn det konseptet vi finn i den kristendemokratiske forvaltartanken, som langt på veg er ein modell som er inspirert av ein bedriftsøkonomisk tankegang. Når det vidare heiter i prinsipprogrammet at «Dyr har en egenverdi og rettigheter som vi må respektere, og vi er moralsk forpliktet til å behandle både det enkelte dyr og mangfaldet av liv og økosystemer med respekt», så er dette heilt på linje med Franz.

Og så kan ein spørje: Kvar vert menneskeverdet best teke vare på? Er det innanfor ein modell der det er maktpåliggjande å vere den beste forvaltaren, eller er det innanfor ein modell der mennesket først og fremst vert oppfordra til å prise Gud saman med alt levande?

Franz si tilnærming til naturen, vart ikkje utvikla utan kontakt med dei bibelske tekstane. Tvert om. Dette var hans genuine forståing av den bibelske bodskapen. ­Diverre har dette perspektivet ofte tapt terreng i kyrkja i høve til ei einsidig fokusering på to vers i første Mosebok som seier at ­mennesket skal herske over alle dyra på jorda.

HAR DU FÅTT MED DEG DEBATTEN? HER ER FLERE SAKER:

ROPSTAD: «De som tror jeg sikter til den brede miljøbevegelsen mistolker meg»

Fortsatt full klinsj: Bastholm vil at Ropstad beklager

Ropstad angrer ikke på MDG-angrepet: – Dette er en viktig sak

Noe av det drøyeste jeg har hørt fra Kjell Ingolf Ropstad, sier MDG-talsperson

Grønn Ungdom-talsperson: – Menneskeverdet står sterkere i MDG enn i KrF