Legar som blir sjuke av jobben
HELSE: Legar jobbar seg til utmatting og depresjon, samtidig som det aldri har vore fleire legar i Norge. Eg trur den viktigaste grunnen er at vi i dag har så mykje meir å tilby.
FRAMGANG: Det har vore eit kvantesprang på dei fleste medisinske felt. Men store framskritt kjem ikkje utan kostnadar, skriv Frode Thorup.
Gorm Kallestad
Etter ein yngre leges tragisk dødsfall er det blitt fokus på stort arbeidspress i legeyrket. Takk til Vårt Land for oppslag om dette, eg har litt utfyllande opplysningar og kommentar om temaet. Underteikna har over førti års erfaring først som allmennlege seinare sjukehuslege, dessutan har eg opplevd at det på eit tidspunkt vart naudsynt å radikalt revurdera yrkeskarrieren vidare.
Eit paradoks
Legar jobbar seg til utmatting og depresjon. Tilsynelatande er dette paradoksalt når ein ser på legeforeningens statistikk, aldri har det vore fleire legar i Norge. Legeforeningen har tett under 40.000 medlemmer inkludert studentar. Dette er ei tidobling frå 1962 og ei dobling frå år 2000. Det er over 31.000 yrkesaktive legar, det vil si 179 innbyggjarar per lege. Blant OECD landa er det berre Austerrike som ligg betre an enn oss.
Bestill abonnement her
KJØP