Kan verda nå togradersmålet?
Det er nesten berre Europa som fører klimakamp og reduserer utsleppa.
Mykje av klimaforskinga går ut på å få betre svar på kor mykje global temperatur aukar når CO2 aukar i atmosfæren. Ein viktig måte å studere dette på er å doble innhaldet i testar med kompliserte klimamodellar. Då finn ein eit estimat for aukinga av global temperatur for ei slik dobling, og aukinga blir kalla klimasensitiviten for CO2. Til neste klimarapport frå FN (IPCC), som kjem neste år, har vel 20 institusjonar for klimaforsking alt utført slike like testar med klimamodellane sine. I tidlegare rapportar frå IPCC har sensitiviteten vore tre grader i middel, no melder The Guardian at betre modellering av skyer aukar talet til fem grader i dei beste modellane (Jonathan Watts, 13.06.2020). Dette er ein svært stor auking som gjer klimakrisa mykje verre. Professor Tim Palmer ved Universitet i Oxford, har alt testa skyene i klimamodellen til Met. Office, England i ein artikkel i Nature, 27.05.2020. Palmer tolkar konsekvensane av forskinga slik: Bodskapen til dei som styrer og til folk flest er at vi må ta resultatet om auka sensitivitet alvorleg. Klimautsleppa må ned så fort som muleg. Vidare seier Palmer: Skyene avgjer lagnaden til menneska - enten om klimaendringane blir ein trussel for vår eksistens, eller ein fare som vi må læra oss å leva med.