Kan Afrika komme seg gjennom koronakrisa?

Det er usikkert korleis koronaviruset vil slå ut i afrikanske land. Men dei økonomiske følgjene er det ikkje vanskeleg å sjå for seg.

En mann med ansiktsmaske går forbi sykehuset Yaba Mainland i Lagos hvor de første covid-19-pasientene i Nigeria har fått behandling. Det var nettopp i Lagos det første smittetilfellet sør for Sahara ble bekreftet.

Asbjørn Eidhammer

Tidlegare ambassadør og evalueringsdirektør i Norad

Om pandemien kom seinare til Afrika til enn til Europa, viser afrikanske regjeringar handlekraft. Det er blitt erklært unntakstilstand, grenser og flyplassar blir stengde, skulebygg er lukka og forsamling forbode. Sør-Afrika, med langt dei fleste koronatilfella så langt, er stengt ned. I Botswana og Malawi vart folk pålagde å halde seg heime, skulane stengde og gatesal forbode før det var påvist eit einaste koronatilfelle.

Sosial distansering er det ikkje lett å tru på

Medan ekspertane i Norden ventar på evidens for kva tiltak som verkar for å flate ut eller stanse pandemien, er det endå meir usikkert i afrikanske land. Sosial avstand kan kanskje fungere i det tynt befolka Botswana. Men når byrådet i Lagos – med millionar i trongbudde hus utan sanitæranlegg – annonserer sosial distansering, er det ikkje lett å tru på.

Professor Gunnar Bjune seier likevel at Afrika står betre rusta enn mange industriland. Han er verdt å lytte til, etter hans mange års innsats på feltet. Han peikar mellom anna på at befolkninga er svært ung og at dødstala dermed blir lågare, i tillegg til at mindre reising gjer at farsotta ikkje spreier seg så fort.

Stor sjanse for uro og opptøyar

Det er også rett, som fleira har trekt fram, at ein del afrikanske land, som Liberia, har erfaring frå å nedkjempe ebola. Men denne pesten spreier seg mykje fortare. Melissa Leach ved Institute of Development Studies peikar dessutan på at erfaringa frå ebola-epidemien tilseier at standardiserte toppstyrte modellar ikkje passar i den komplekse sosiale og politiske røyndommen i afrikanske land.

Det er eit stort problem at statsapparata i afrikanske land med nokre unntak er ineffektive når det gjeld å tilby tenester for befolkninga. Samtidig er helsesektoren av dei best organiserte, og folk i mange land har vist at dei er gode til å ta skippertak. Vellykka vaksinekampanjar i samarbeid med internasjonale organisasjonar er eksempel på det. Men det er vanskeleg å sjå for seg at å stenge ned samfunnet, om det i det heile tatt lar seg gjere for kort tid, er noko som vil kunne oppretthaldast lenge. Dei sosiale konsekvensane, med uro og opptøyar, kan ein lett tenkje seg. Og konsekvensane av epidemien for dei sårbare, som funksjonshemma eller folk med tuberkulose, kan uansett bli fatale.

LES OGSÅ: Over fem millioner trues av sult i Sahel-regionen: – Situasjonen ute av kontroll

Dramatiske økonomiske følgjer

Uansett om ein klarer å avgrense smitten, vil dei økonomiske følgjene av pandemien kunne bli dramatiske. Etterspørselen etter råvarer frå Afrika fell som ein stein. Det gjeld ikkje berre olje, men også koppar og andre mineralar. Tusenvis av arbeidarar kan miste jobbane i den lovande tekstilindustrien i Kenya og Etiopia, åtvarar britiske økonomar. Utanlandske investeringar blir borte.

Etter finanskrisa i 2008 stagnerte dei stadig viktigare overføringane frå utvandra afrikanarar, og det tok mange år før turistinntektene på kontinentet tok seg opp att. Verknadene denne gongen vil bli verre. Den økonomiske redaktøren i The Guardian skriv at ein ikkje kan samanlikne følgjene som koronakrisa kan få for Afrika med verknadene av finanskrisa.

Paradoksalt lyspunkt: dei fattigaste best stilte

Afrikanske land har ikkje ressursar til å kompensere folk og firma for økonomiske tap. Medan Tyskland vil bruke 150 milliardar euro for å støtte tyske selskap, har Sør-Afrika sett av 150 millionar. Medan vestlege land i praksis kan låne kostnadsfritt, må land med dårleg kredittverde betale høge renter.

Ein kan leite etter lyspunkt. Eitt er – paradoksalt nok – at landa som har komme kortast i den økonomiske utviklinga truleg er best stilte – i alle fall relativt sett. Fleirtalet i Afrika sør for Sahara bur ennå på landsbygda, og dyrkar mat sjølve. Dei vil klare seg, om ikkje klimakrisa slår for hardt ut. Men veldig mange av dei som treng å kjøpe mat vil ikkje ha pengar til det.

Norge kan bidra, men det må handlast raskt

Norske myndigheiter konsentrerer seg forståeleg nok om vår eigen situasjon. Men samtidig er det i slike kriser at vår internasjonale solidaritet verkeleg blir sett på prøve. Utviklingsminister Ulstein skal ha ros for å ha kasta seg rundt for å møte den dramatiske situasjonen. Rett nok er milliardbidraga til utvikling av vaksiner like mykje bistand til oss sjølve som til verdas fattige, men at regjeringa lempar på vilkåra for norske organisasjonar og elles signaliserer målretta tiltak er bra. Her må ein ha tillit til at organisasjonane maktar å tilpasse seg og set inn tiltak som er effektive ut frå lokale forhold.

Krise er tid for å tenkje nytt. I tillegg til helsetiltak vil matproduksjon og økonomiske stimuli vere det viktigaste i mange norske samarbeidsland. Professor Kalle Moene tar opp att sin tanke om borgarlønn. New York Times krev på ledarplass 2000 dollar til kvar amerikanar. Vil det vere eit utenkeleg forslag at vi i denne kritiske situasjonen samarbeider med fattige land for å innføre tilsvarande økonomisk støtte og stimuli? Det vil kompensere for fråfall av inntekter, og det vil stimulere til lokal produksjon, ikkje minst mat. Og det kan gjere kampen mot koronasmitten lettare og bidra til hindre uro. Men då må det handlast raskt.

LES MER:

Une Bratberg: – Ditt sanne jeg kommer frem i en krise. Ikke alle består testen

Derfor er mannen bak Sveriges korona-strategi så selvsikker

Sykehusprest Aud Irene Svartvasmo: «Vi tørker tårer med hansker»