Ingen reservasjonsrett mot å samarbeide med kvinner i Den norske kyrkja

Har mannlege prestar i Den norske kyrkja reservasjonsrett mot å samarbeide mot kvinner? Svaret er nei.

PRESES:

Olav Fykse Tveit

Preses i Bispemøtet

Det er Den norske kyrkja si offisielle linje at kvinner og menn har lik åtgang til presteembetet, og at kvinner er ønska i alle typar stillingar i kyrkja. Praksis har vist at dette tar ein på fullt alvor, med kvinner i alle typar leiarstillingar i Den norske kyrkja. Det kjem også til uttrykk i at alle biskopar ordinerer både kvinner og menn til presteteneste, og at alle bispedømmer har tilsett både kvinner og menn som prestar.

Det er difor ikkje tale om eventuelt å oppheve ein reservasjonsrett i denne samanheng, fordi det finnst ingen regel eller ordning i Den norske kyrkja for ein slik reservasjonsrett. Det er forutsatt at alle tilsette samarbeider med kvarandre, uansett kjønn, om å løyse dei oppgåvene tenesteordninga og arbeidsgjevar pålegg ein prest.

Kyrkja som eit fellesskap

Dette handlar om vår forståing av kyrkja som eitt fellesskap. I «Tunsbergsaken» som var fremma for Lærenemnda (konkludert i 2000), var eitt av spørsmåla om ein prost kunne avstå frå altar- og preikestolfellesskap med sin biskop på grunn av teologisk usemje (om homofilt samliv), men likevel halde fram i tenesta. Då var svaret at det «ikke skal råde grunnleggende uvisshet om hvorvidt de som forvalter tjenesten med ord og sakrament i menighetene tilhører det samme kirkelige fellesskap».

At Presteforeininga (PF) i ein tidlegare fase (for nokre tiår sidan) i debatten om kvinners presteteneste utvikla eit sett med «køyrereglar» mellom kollegaer, for å unngå konfliktar i det daglege arbeidet, er ei anna sak. Dei har aldri hatt status som offisiell ordning i Den norske kyrkja, men har i noko mon vorte praktisert i kollegiale relasjonar. For dagens debatt er det viktig å merke seg at PF avvikla offisielt dette som fagpolitisk retningslinje alt i 2004.

LES OGSÅ: Biskoper med klar melding: «Ikke mulig for en mannlig prest å nekte samarbeid med kvinner»

Ingen reservasjonsrett

Det som framleis har vore ein viss praksis er at det frå biskopane si side har vore gitt visse tilpassingar frå arbeidsgjevar si side i enkelttilfelle, særleg i forhold til prestar som gjekk inn i tenesta i kyrkja før det vart så tydeleg kva som er felles haldning til kvinners presteteneste i Den norske kyrkja. Eg har forstått det slik at det har vore på vilkår av at det kan skje utan at det framstår som ein demonstrasjon mot andre kollegaer. Det kan verke som at andre prestekollegaer no har feilaktig oppfatta dette som ein reservasjonsrett.

Det er også klart at kvinner og menn har like rettar og like muligheiter som søkjarar og som tilsette i Den norske kyrkja, uavhengig av kjønn. Dette følgjer også av gjeldande lov om likestilling og diskriminering. Den norske kyrkja har ut frå det som er sagt ingen grunn til å be om dispensasjon frå den lova med tanke på desse spørsmåla.

LES OGSÅ: Krever endring etter kvinneprest-debatt: 'Flere har fått flashbacks og grått'

Skal drøftast grundig på Bispemøtet

Det er eit kyrkjeleg forplikting og i samsvar med det same lovverket at arbeidsgjevar har plikt til å proaktivt sørge for eit godt og trygt arbeidsmiljø mellom kollegaer. I det som er kome fram i debatten, kan det vere grunn til å sjå nærare på denne side av problematikken frå arbeidsgjevar si side. Eventuelle tillempingar i enkelttilfelle må i så fall skje ut frå omsyn til heile kollegafellesskapet, ikkje berre den som måtte be om det.

Bispemøtet vil på sitt neste møte i oktober drøfte denne saka grundig, med tanke på korleis ein best skal presisere til dømes i tenesteordninga kva som er gjeldande ordning og kva som er forventa av alle som skal verte prestar i Den norske kyrkja. Kyrkjerådet har også på sitt siste møte fått oversendt til utgreiing eit spørsmål om plikt til samarbeid med alle kollegaer uavhengig av kjønn skal presiserast i kvalifikasjonskrava for tilsetting av prestar. Bispemøtet og Kyrkjerådet må i alle fall samarbeide om korleis ein skal konkludere med tanke på eventuell tydeleggjering av regelverket, og eventuelt legge fram endringsforslag for Kyrkjemøtet.

LES FLEIRE SAKER I DEBATTEN OM KVINNER I PRESTETENESTE:

Teologer: – Gjør som Svenska kyrkan i synet på kvinneprestmotstand

Mikael Bruun: – Jeg har aldri tatt til orde for en omkamp om hvorvidt kvinner skal få være prester

«Det vi er vitne til i dag i kvinneprestdebatten, er både sårende og hårreisende for mange»

Domprost Stig Lægdene: «Den norske kirke legitimerer kvinnediskriminering»

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt