Hildegard von Bingen+900 år
Eg prøver å skrive om moderne tru, og veit at det eg skriv best om er det eg brenn mest for og er mest oppslukt av. Men kva er det? Eg klarer ikkje heilt å bestemme meg for hjartesaka.
Det er kanskje rart, i og med at eg er nøydd til å beskrive meg sjølv som eit moderne, truande menneske. Eg har utdanning innan industriell økologi, og tenkjer at trua mi er heilt avgjerande for verdien eg ser i å ta vare på miljøet. I tillegg jobbar eg som realfaglærar og ser korleis mange unge har utvikla ei misforstått forståing av at ein ikkje kan drive vitskap og samstundes tru på Gud. Og eg held på å utdanne me til anglikansk prest, så eg burde jo vere veldig opptatt av korleis ein formidlar tru til moderne menneske i ein sekulær kultur. Så eg burde jo ha mykje å skrive om, berre eg kunne velje ut ei sak som kunne vere hjartesaka mi.
Eg kunne skrive mykje om kor viktig det er å ta både vitskapen og trua på alvor, slik at ein ikkje kjem i skade for å tru at dei utelukker kvarandre. Det er ei relativt ny haldning, som diverre har spreidd seg som eld i tørt gras både blant nyateistar og i ein del religiøse krinsar, og som fører til ein illusjon om at viss ein skal ta naturen på alvor, kan ein ikkje rekne med Gud, eller at viss ein skal ta Gud på alvor, må ein mistru alle vitskaplege oppdagingar som ikkje stemmer overeins med ei bokstavleg tolking av Bibelen. Det er nok av rare forklaringar folk har laga seg for å forklare avviket mellom det vi ser og den bokstavtru tolkinga av bibeltekstar. Og gudsbiletet som kjem utav slike forklaringar kan bere skikkeleg galt åt. Som at Gud skulle ha konstruert eit univers som skulle sjå ut som om det var 13 milliardar år gamalt, berre for å teste om vi er lojale nok til å tru bokstavleg på det som står i Bibelen, trass i observasjonar og oppdagingar som tyder på noko anna. Vi kan ikkje tru at skaparverket vitnar om ein god Guds store skaparkraft dersom det er berre eit kosmisk narrespel der Gud blir ein utspekulert lurendreiar. Slike forklaringar er kanskje heller eit symptom på frykt for at Gud ikkje er stor nok eller trua sterk nok til å tole alternative måtar å sjå ting på.
For at vi skal kunne leve som heile menneske i eit samanhengande verdsbilete, blir det viktig både å ty til naturvitskaplege forklaringar om korleis ting heng saman, men også til teologien som kan fortelje oss om korleis Gud ser på oss og ønskjer at vi skal relatere oss til Gud.