Heilage dagar, heilage kyr

Etter lanseringa av Unge Venstres heilagdagsreform har eg blitt skulda for å vere «en moderne utgave av Johann Friedrich Struensee». Det tek eg som ein stor kompliment.

Publisert Sist oppdatert

På sjølvaste 2. pinsedag, denne tradisjonsrike og viktige familiedagen der nordmenn kjem saman for å minnest at læresveinane mottok Den heilage ande, foreslo Unge Venstre å innføre ein rauddagskonto. Vi foreslår at dei åtte statlege heilagdagane blir gjorde om til fridagar som norske arbeidstakarar kan ta ut etter eige ønske. Då kan dei som vil feire 2. pinsedag på våren, gjere det; dei som vil feire Jom Kippúr på hausten, kan gjere det; dei som vil ha ein ekstra dag fri før jul, kan gjere det. Vi ser dette som eit naturleg steg for ein stat som ikkje lenger har ein offisiell religion, og som rommar eit stadig større mangfald av religionar, livssyn og tradisjonar.

Kritikken mot forslaget har vore hard, slik den brukar å vere når nokon foreslår å endre noko som helst i dette landet. Sven Egil Omdal kritiserte forslaget i ein elegant og leseverdig kommentar som stod på trykk i dei store regionavisene 2. juni og samanliknar reformiveren min med den som vart utvist av Johann Friedrich Struensee på 1700-talet. Det er ei samanlikning eg lever usedvanleg godt med.

Struensee var livlege for den sinnssjuke kong Christian VII, og var den reelle makthavaren i Danmark–Noreg i perioden 1770–1772. Livlegen var ein overbevist liberalar og sette sporenstreks i verk til dels svært radikale reformer – i tråd med idéane frå opplysningstida. Av reformene til Struensee kan nemnast avskaffing av dødsstraff for tjuveri, forbod mot tortur, avskaffing av bøter for graviditet utanfor ekteskap, avskaffing av merkantilisme i handelspolitikken til fordel for liberalisme, fjerning av monopol og importforbod, moglegheit for å ta doktorgrad ved universitetet utan å vere kristen og innføring av offentlege utnemningar etter kvalifikasjonar (og ikkje blått blod).

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS