Fryktar samanbrot av den offentlege samtalen

– Dersom det kostar for mykje å gå inn i den offentlege samtalen, så lar ein heller vere, seier Anki Gerhardsen i Ytringsfrihetskommisjonen.

– Mykje av det vi diskuterer, kretsar omkring identitetspolitikk. Vi ser at veldig mykje av det er knytt til symbol og form, meir enn reelt innhald, seier journalist Anki Gerhardsen som sit i Ytringsfrihetskommisjonen.
Publisert Sist oppdatert

– Mykje av det vi diskuterer, kretsar omkring identitetspolitikk. Vi ser at veldig mykje av det er knytt til symbol og form, meir enn reelt innhald.

Det seier journalist Anki Gerhardsen, som sit i Ytringsfrihetskommisjonen. Kommisjonen var utnemt i år og er eit offentleg utval som skal jobbe med å utgreia ytringsfridommen sine kår i Noreg.

I sommar har mange blitt kjend med eit nytt ord: Identitetspolitikk. Ein slik politikk tek utgangspunkt i å mobilisera på vegner av utsette og marginaliserte identitetsgrupper. Gamle skilje som klasse, alder eller geografi fell vekk.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS