Ein unyansert bruk av Bibelen

SEX OG SAMLIV: Eg kan dessverre ikkje sjå at undervisningsopplegget, med si bastante avvising av det livet mange av oss har vald å leve, på noko vis kan fremje ein open samtale.

SVARAR PÅ KRITIKKEN: Oslo-biskop Kari Veiteberg svarar på kritikken som har kome frå fleire hald i den løpande debatten om sex og samliv i ein kristen kontekst.
Publisert Sist oppdatert

Kronikken min i Vårt Land 11. oktober har fått ein del motbør og kritiske merknadar frå ulikt hald i etterkant. Utgangspunktet for det heile var altså at eg hadde sett noko av undervisningsmateriellet om seksualitet og samliv som blir tilbydd av ulike organisasjonar. Eg konkluderte med at eg ikkje kunne tilrå dette materialet til bruk i Den norske kyrkja.

Unyansert bruk av Bibelen

Det viktigaste med kritikken min mot dette studieopplegget retta mot ungdom, var den unyanserte bruken av Bibelen som ein eintydig storleik, blir brukt som argument mot all seksuell utfalding utafor det heterofile ekteskapet. På det viset rammar undervisningsopplegget liva til mange av medmenneska våre, familie, nære venner og kollegar, der det svir mest. Dette er for meg ei alvorleg sak og eg kan derfor ikkje tilrå dette til bruk i kyrkjelege samanhengar. Dette betyr ikkje at samtalen om enkelte bibeltekstar ikkje bør halde fram. Eg synst nettopp vi skal lese ulike bibeltekstar saman, og kanskje då særleg frå evangelia, gjerne med folk frå ulik bakgrunn og teologi.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS