Ein har ikkje greidd å stå i mot ei irrasjonell og profitabel kjønnstru

KJØNNSTEORI: Å gjera roller og uttrykk til noko meir reelt enn kjønn, er ein kognitiv kollaps og reaksjonær anti-intellektualisme.

– Eg oppfordrar VLs lesarar å gå til kjeldene – til såkalla kjønnsteori, til lovtekstane me har fått basert på dette, til skulens lærebøker, og samanhalda dette med logikk og etablert vitskap, skriver Anne Kalvig. Foto: NTB
Publisert Sist oppdatert

I ein kronikk der pensjonert biskop Halvor Nordhaug kritiserer det obligatoriske LHBT+-kurset som Den norske kyrkja (DNK) har innført, tilrår han lesing av mi bok Kjønnstru: Kampen om røynda. I eit tilsvar i VL 30.01 imøtegår stipendiat i norsk, Mette Maria Rønsen Gjerskaug, Nordhaugs problematisering av dei nye ideane om kjønn og innføringa av desse i DNK. Ho avviser såleis kritikken mot dette også i boka mi.

Gjerskaug drøftar ikkje Nordhaugs konkrete bekymringar, men vil heller presentera kjønnsforskaren Judith Butlers forvirra og reaksjonære idear om kjønn. Butlers bidrag til verdsforståing blir kritisert i boka mi. Butler påstår at kjønn ikkje er ein realitet, men noko konstruert, og at kjønn såleis er det me menneske bestemmer at det er, gjennom gjentatte handlingar. Eg studerte Butlers tekstar på 1990-talet og frametter, og har utfordra kjønnsforskarar på korfor me skulle opphøga denne dårlege tenkaren til autoritet på kjønn.

Kvinnekjønn er ikkje ein parykk

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS