Eg passar ikkje inn på bedehuset
AVSTAND: Eg er ikkje stoverein i bedehusmiljøet heime. Før var toleransen større, men no er det sterkt høgrevridde sorteringsnormer som gjeld.
MINDRE TOLERANSE: – Før var toleransen større. Nå er det derimot sterkt høgrevridde sorteringsnormer som gjeld, der toleransen er mindre, skriver Bjørn Haavardsholm.
Erlend Berge
Frå Jakobskirken i Oslo såg me gravferda til kunstnar og visesongar Ole Paus. Paus sleit med å vera stoverein, spesielt i kristne forsamlingar.
Dei som vil vera stovereine må alltid innordne seg normene til den gruppa som dei vil ta del i. Det kan ta lang tid, i alle høve for dei som kjem utafrå. Terskelen er forskjellig alle plassar, frå det mest høgre-konservative bedehusmiljøet, slik eg opplever det her heime, til eit meir liberalt kyrkjemiljø. Kva politisk og ideologisk haldning den einskilde har, tykkjest også å vera viktig når ein skal delta i bedehusmiljøet. For å bli akseptert må me vera på trygg og tillitsfull talefot med dei andre som er der. Det er ikkje nok berre å ha gode meiningar og argument.
Sjølv bur eg i ei jordbruksbygd i Vindafjord i Nord-Rogaland. For min del er eg ikkje stoverein i bedehusmiljøet heime. Tidlegare har eg delteke der, og også leia møter, men eg held meg borte nå. Før var toleransen større. Nå er det derimot sterkt høgrevridde sorteringsnormer som gjeld, der toleransen er mindre. Eg har høyrd, dels via omvegar, at sidan eg er sosialist så passar eg ikkje inn i gjengen. Ved å stemme Ap slik eg gjer, så er eg ikkje ein av dei.