Det skal lønne seg å lage barn
BARNEFØDSLAR: Ein fødselsfremjande politikk må gje reelle økonomiske fordelar til barnefamiliar som barnlause ikkje får.
KOSTAR Å FÅ BARN: Barnefamiliane treng større plass, har større løpande utgifter og mindre overskot til å arbeida overtid for å spara opp til eigenkapitalkravet, skriv Jarle Fagerheim.
Frank May
I Vårt Land 21. august føyer stortingsrepresentant Kathrine Kleveland seg inn i rekkja av politikarar som etterlyser tiltak for fleire barnefødslar. Men tiltaka ho føreslår – gratis barnehage, billegare familiebilar og høgare rentefrådrag – vil berre vera ein liten kompensasjon for arbeidet og utgiftene ved å ha barn (og kanskje gjera terskelen litt lågare for å gå frå eitt til to eller to til tre). Men dei vil neppe motivera fleire til å stifta familie i yngre alder.
Meir lån, mindre skatt
Den største økonomiske utfordringa for dagens unge er å få kjøpt seg eigen bustad. Dette er endå vanskelegere for barnefamiliane, som treng større plass, har større løpande utgifter og mindre overskot til å arbeida overtid for å spara opp til eigenkapitalkravet.