Å setja merkelappar på folk betyr først og fremst å senda dei rett i forsvarsposisjon
MERKELAPPAR: Hillary Clinton kalla Trump sine veljarar for ei korg med forkastelege folk. Det ho innsåg for seint er at å setja merkelappar på andre er å senda dei rett i forsvarsposisjon.

Ashli Babbit, som blei skoten og drepen av politiet medan ho prøvde å ta seg inn ei barrikadert dør under storminga av Capitol, var ein ivrig tvitrar – akkurat som presidenten ho elska.
I følge Washington Post viste twitterkontoen hennar (som nå er fjerna) korleis ho sokk ned i ei verd av konspirasjonsteoriar og villfaring. Den aller første av dei 8600 tweetane hennar kom i 2016 og viste ordet #love ved eit bilde av nokre Trump-vennlege skilt spikra på eit tre. Eitt av dei hadde teksten «CHRISTIAN DEPLORABLES LIVE HERE».

Annekterte uttrykket
I USA hugsar dei fleste bakgrunnen for skiltet: Då Hillary Clinton snakka om Donald Trump sine veljarar under valkampen i 2016, kalla ho halvparten av dei «a basket of deplorables», ei korg med forkastelege folk. «Rasistane, mannsjåvinistane, dei homofobe, dei framandfiendtlege, dei islamofobe – you name it. Dessverre finst det slike folk. Og han (Trump) har løfta dei opp».
Ikkje uventa annekterte ein del av «dei forkastelege» uttrykket, og det dukka opp på t-skjorter og skilt
Ann Kristin van Zijp Nilsen
Dei som nyleg brukte ordet «forkasteleg» om storminga av Capitol, og hatsymbola som var del av den, tok ikkje akkurat hardt i. Å kalla eit menneske forkasteleg er noko anna, og Hillary angra seinare. Ho innsåg at det var «ei politisk gåve» til motstandaren som kan ha bidratt til at ho tapte valet. Ikkje uventa annekterte ein del av «dei forkastelege» uttrykket, og det dukka opp på t-skjorter og skilt: Proud member of Basket of Deplorables. Deplorable patriot. Christian Deplorables live here. Men for dei fleste var merkelappen eit eksempel på at folk med høgare status og utdanning forakta dei.
Sjølv om Clinton sitt ordval var elendig, er slikt ganske fort gjort når ein snakkar til sine. For det var jo ikkje «dei forkastelege» ho snakka til, dei hadde ho gitt opp. Ho snakka til dei ho håpa at ville stemma på henne og ta avstand frå favorittkandidaten til «rasistane, mannsjåvinistane» og så bortetter.
Merkelappar som identitet
Å kalla ein rasist for rasist kan vera frigjerande, særleg viss ein blir utsett for rasisme sjølv. Kanskje kan stempelet få nokon til å gå i seg sjølv og endra oppførsel. Men de færraste har identitet som forkasteleg, rasist, sjåvinist eller homofob. Å setja merkelappar på folk betyr først og fremst å senda dei rett i forsvarsposisjon.
Eg er for eksempel både kristen og feminist, andre kallar seg muslim, nasjonalist, liberalist, konservativ, jøde, sportsidiot, ateist, filatelist, kattehatar.
Ann Kristin van Zijp Nilsen
Noko heilt anna er merkelappane ein set på seg sjølv. Dei kan me bera med stoltheit, som ein del av identiteten, sjølv om andre spyttar dei ut med forakt. Eg er for eksempel både kristen og feminist, andre kallar seg muslim, nasjonalist, liberalist, konservativ, jøde, sportsidiot, ateist, filatelist, kattehatar.
Dei seinare åra har mange som lever med ulike lidingar, sjukdommar eller funksjonsnedsetjingar sagt at dei ikkje lenger vil ha merkelappar som definerer personen. Derfor har ein slutta å seia at nokon for eksempel er autistar. Dei har autisme.
Verdas mest uønskte merkelapp
Andre merkelappar har helsestyresmaktene sjølv innsett at står i vegen for behandling.
Eit eksempel er kampanjen «Det finnes hjelp», som er «eit tilbod til deg over 18 år som har seksuell interesse for barn». På nettstaden dinutvei.no brukar ein ikkje ordet «pedofil» nokon stad. Innhaldet rettar seg mot dei som er redde for at dei kan komma til å gjera overgrep mot barn.
Det er ikkje mindre solidarisk å snakka høgt og tydeleg om rasisme og sjåvinisme i staden for rasistar og sjåvinistar.
Ann Kristin van Zijp Nilsen
Det underliggjande målet er sjølvsagt å hindra nye overgrep. Det uttalte målet er å «senke barrieren for å ta kontakt, slik at de som ønsker og trenger hjelp enkelt skal få tilgang til det». Då er det sikkert klokt å droppa ein av verdas mest uønskte merkelappar, uansett kor rett han måtte vera.
Snakk om det som er feil, ikkje dei som er feil
Mange av oss som er engasjerte i kyrkjelege samanhengar har også sterkt engasjement for andre menneske, ikkje minst dei som er utsette for overgrep eller hat. Det kan få oss – i alle fall meg – til å tenkja at å setja bjøller på kattar og merkelappar på bøller er ein god måte å visa solidaritet med dei utsette.
Men det er ikkje mindre solidarisk å snakka høgt og tydeleg om rasisme og sjåvinisme i staden for rasistar og sjåvinistar. Me kan snakka om det som er feil i staden for dei som er feil. Og særleg om det som er rett. Slik Gud ser oss alle som meir enn syndarar – Gud ser djupare inn og lenger fram – er me kalla til å sjå nesten vår.
Ikkje berre fordi det er rett, men fordi det byggjer bruer der så mykje riv oss frå kvarandre. Villfarne Ashli Babbit trong bruer ut frå konspirasjonsmørkret. Ein veg heim. Og kanskje #love.