Nyheter

Seier nei til å gjere misjonskontor om til rusbustad

Fjell kommune meiner 18 millionar for Indremisjonsforbundets bygning er for mykje.

– Etter ei innleiing frå sakshandsamaren og ein lang diskusjon i komiteen, stemte fleirtalet på ni medlemmer mot kjøp, medan mindretalet på to ville utsetje saka og få inn fleire opplysningar, seier den uavhengige kommunestyrerepresentanten Tore Lønøy til Indremisjonsforbundet sitt organ Sambåndet.

– For dyrt. Komité for finans og forvaltning i Fjell kommune i Hordaland handsama torsdag kveld eit forslag frå rådmannen om å kjøpe Indremisjonsforbundet sitt administrasjonsbygg på Bildøy for 18 millionar kroner for å gjere det om til bustadar for menneske med problem knytt til rus og psykiatri.

Komitéleiaren, som sjølv stemte nei, seier til Sambåndet at det var to hovudgrunnar til at fleirtalet vende tommelen ned: For høg pris og lite ideell plassering.

LES MEIR: Indremisjonsbygg kan bli bustad for ruspasientar

Indremisjonsforbundet har vedteke å flytte administrasjonen sin inn i det planlagde, nye bedehuset til Brattholmen indremisjon og ynskjer difor å selje lokala på Bildøy.

Nabomisnøye. I kommentarfeltet på Sambåndet si sak om handsaminga, kom naboane sin misnøye raskt til syne: «Er dette ønsket til Bibelskolen? På denne måten driver vi vår skole: Unik sjanse til endeleg å etablera eit rusmiljø i eit oppvekst- og skuleområde for barn og unge!» skriv ein mann som seier han er medlem av Søre Bildøy vel.

«Dette er og har vært en svært ubehagelig sak å fronte fra velforening og nabolag, for vi ønsker alle at denne gruppen mennesker i nød skal få hjelp», skriv ei kvinne.

– Ønskjer gode relasjonar. «Og det handler ikke om at vi ikke kan ha rusmisbrukere boende i vårt nabolag, det har vi allerede i Fjell Bustadstifting sine boliger. Det handler om at å plassere 8 tunge rusmisbrukere m/psykiatrisk tilleggslidelse i boliger med full frihet og egen inngang i et boligfelt nær skoler og idrettsanlegg er en svært dårlig løsning, og at risikovurdering/konsekvensutredning i innstillingen mangler», held ho fram.

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet understrekar i ein kommentar i debattråden at organisasjonen «ønskjer dei beste relasjonar med befolkninga på Søre Bildøy, og fleire av oss er medlemar i velforeininga.»

Forsvarar sal. Han skriv at prosessen var kome langt før «vi forstod kor tung pasientgruppe som skulle ha bustad i bygget», utan at han klandrar kommunen for å ha haldt informasjon tilbake.

Furnes forsvarar likevel framgangsmåten: «ImF har i eitt år prøvd å få selje bygget for å flytte si verksemd over i meir tenlege lokale, og henvendinga frå Fjell kommune er den einaste seriøse vi har fått. Eg vil tru at det er ytterst få husseljarar som set krav til kven som kan kjøpe huset sitt, særleg ikkje når ein seriøs aktør som kommunen melder si interesse.»

Kommunestyret i Fjell handsamar saka torsdag 19. juni.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter