Nyheter

Prestar føler seg overkøyrde av UNE

– Vi blir mistenkjeleggjort av Utlendingsnemnda i konverteringssaker.

Fleire prestar på Toten står bak kritikken.

– Det er ei slags nedvurdering av mitt fag, seier prest Karen Sidsel Solberg, som har døypt asylsøkjaren Ghadir frå Afghanistan. Han kom til Toten i 2006, konverterte til kristendommen og vart døypt i Hoff kirke på Lena i Østre Toten Solberg.

– Eg døypte han fordi eg var overtydd om at dette var eit verkeleg og ekte ynskje frå Ghadir, seier Solberg til NRK Hedmark og Oppland.

– Ikkje avgjerande. Men Ghadir har fått avslag frå Utlendingsnemnda (UNE) og skal no sendast ut av landet. Konvertittar frå Afghanistan kan risikere å bli utsett for forfølging viss dei vert sendt tilbake til heimlandet. Konvertering kan difor gje opphald i Noreg. Det er eit tilbakevendande tema i kva grad konverteringane er ekte eller berre eit middel for å få opphald. I 2006 trudde ikkje UNE på at konverteringa var riktig i to av tre saker, ifølge NRK Hedmark og Oppland.

– Dette er vanskelege saker, og vi må gjere ei heilskapsvurdering. Det prestane seier er ein del av vurderinga, men det blir ikkje nødvendigvis avgjerande, seier Ingunn Halle, seksjonssjef i UNE.

– Mistrur prestar. Men presten Solberg får støtte frå biskop Solveig Fiske.

– Det er oppsiktsvekkjande dersom UNE mistrur prestar i Den norske kyrkja i forhold til deira forvaltning av dåpen sitt sakrament. Eg har tillit til at prestane i Den norske kyrkja handterer dette med dåp på ein forsvarleg måte, seier Fiske.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter