Nyheter

Å hugse seg sjølv

Når sprang du sist over ein open plass og rett inn i armane på den du elskar? spør gjestespaltist i Vårt Land, Laura Djupvik.

SPALTISTEN: Nyttårskvelden stod eg med familien på balkongen og beundra fyrverkeriet. Overgangen frå det gamle til det nye året kjendest stor og avgjerande. Alt er enno mogleg! Men ganske fort la kvardagen seg mellom meg og nyttårsfesten, og eg var tilbake i funksjonen meg, småjamrande og masande på alle rundt meg.

Er det slik eg har blitt?

Ja, kven har eg blitt? Spørsmålet opnar ikkje noko anna enn nye spørsmål. Kven var eg i året som gjekk? Kven blir eg dei kommande åra? For eit par dagar sidan fekk eg ei melding frå ei eg kjende for lenge sidan, vi er vener på Facebook. Ho skriv at ho ein gong såg meg springe over Stortorget i Oslo for så å kaste meg i armane på ein mann. Ho meinte å kunne sjå at det var ein mann eg elska, for eg ensa ingenting rundt meg der eg sprang som i sakte kino og med ei raud lue på hovudet.

Ho er sikker på at det var meg ho såg.

Eg vart først glad og opprømt over at nokon har sett meg slik. Og at eg har sprunge slik, utan å bry meg om andre enn den eine. Men sidan har eg vore uroleg. Eg kan ikkje hugse det. Eg kan ikkje hugse at det har skjedd! Eg kan heller ikkje vere heilt sikker på kven denne mannen var.

(det er sjølvsagt ille …). Det verste er at eg ikkje hugsar å ha vore på Stortorget på ein slik måte. Det er lenge sidan eg har sprunge i sakte kino over opne plassar. Men ho som såg det, ho hugsa det altså.

Det er fryktelig å oppdage at ein ikkje lenger hugsar seg sjølv, slik ein var. Ein ryddar bort, av ulike grunnar. Mannen på Stortorget har forsvunne ut av historia og passar ikkje lenger inn i mitt liv. Ikkje eingong minne av han finn nokon sjølvsagt plass der.

Vi finst i så mange utgåver, vi er mange i ein. Innimellom får ein ei påminning om det, slik eg fekk. Gamle brev dukkar opp, julekort eller dagbøker. Som 10-11 åring hadde eg ei dagbok der eg noterte små teikn i margen eller mellom linjene når eg skreiv om slikt som eg der og då ikkje hadde ord for. Kjenslene var langt meir komplekse enn orda.

Det gode med desse teikna var at ingen av brørne mine eller nokon andre kunne forstå kva som stod der, om dei fann boka. For det var så klart løyndomsfulle og potensielt skamfulle ting eg skreiv om.

Når han sykla forbi meg ned bakken frå skulen og snudde seg og såg på meg så var det sånn ... og så kjem det litt merkelege sjølvpåfunne teiknet. Eg kan ikkje lenger hugse korleis eg tenkte meg fram til dei ulike teikna, men eg kan stadig kjenne kva dei romma. Eg hugsar den augneblinken med sykkelen.

Var alt eg skreiv sant? Og skreiv eg ned det som ikkje var bra? Når ein gut kanskje sa noko stygt til meg? Nei, det trur eg ikkje. Allereie som elleveåring redigerte eg mi eiga fortid. Ein luker ut det som ikkje synest verdt å ta vare på. Likevel minner dagboka mi meg på kven eg var og koropent og alvorleg livet er, uansett alder. Korleis skamma ligg på lur, korleis ein stadig må tilkjempe seg sjølvrespekt.

Den amerikanske forfattaren Joan Didion skriv i tekstsamlinga Att lära sig själv att leva (boka finst berre på svensk!) ein artikkel om å skrive dagbok og om å hugse seg sjølv. For vi gløymer altfor fort det vi trudde at vi aldri skulle kunne gløyme, skriv ho.

Didion fortel om hennar eigne små notat og korleis desse har hjelpt henne til å bringe tilbake alle dei personane som finst inne i henne. Slik, skriv ho, er ein førebudd når noko heilt ungt i oss vaknar og med eitt bankar på døra til vårt inste og vil vite kven som gav dei opp, kven var det som sveik, kven vi må be om tilgjeving.

«… jag tycker att vi gjör klokt i att hålla en vänskaplig kontakt med de personer som vi var en gång i tiden, vare sig vi uppskattar deras sällskap eller ei.»

Stortorget demrar sakte. Eg har jo ikkje alltid gått med raud lue, lytta til den musikken, elska den mannen. Det var den dagen. Og så kom det så mange andre dagar.

Denne teksten er skrevet av Vårt Lands gjestespaltist Laura Djupvik, og stod på trykk i Vårt Land 18. januar. Djupvik er forlagsredaktør, skribent og forfattar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter