OMSORG: Sjølv om Irene Mathisen møter folk i vanskelege livssituasjonar kvar dag, går historiene fortsatt inn på henne. No vil ho gi flest mogleg ei best mogleg jul.

Ventetid i vakuumets vinter

Ei høgtid avhengig av tradisjonar kan miste mange av haldepunkta i år. Kva skjer når det som skal sikre adventsstemninga blir borte? Møt dei som jaktar på ein alternativ førjulsfred.

Publisert Sist oppdatert

– Hallo, der heime. God kveld!

Dirigent Steffen Kammler vinker til dataskjermen. På andre sida, i stuer og ved kjøkkenbord, sit 18 personar med noteark framfor seg. Dei er klare til øving med Cæciliaforeningen oratoriekor.

Utanfor skjermen, i aulaen på Steinerhøyskolen i Oslo, sit dei resterande 50, på turkise ullkledde bedehusstolar, med 1,5 meter imellom seg. Tommestokken er blitt styreleiar Marit Rosenvinge sin beste ven i pandemien.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP