TRYGG: – Vi vil gråte, men vi kan ikkje skremme borna. Vi må smile og halde oss sterke for dei, seier den ukrainske 29-åringen Polina Dukhonchenko frå Zaporizjzja i Ukraina. No er ho i Polen, saman med dottera Galina, som snart skal byrje på skulen.
Erlend Berge
Ukraina-krigens skuggar i Polen og Ungarn
DEMOKRATI: Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.
– Vi vil gråte, men vi kan ikkje skremme borna. Vi må smile og halde oss sterke for dei, seier den ukrainske 29-åringen Polina Dukhonchenko.
Vi møter henne i eit hus på den polske landsbygda, ein times køyretur utanfor Warszawa.
For å forstå korleis Polen og Ungarn vert påverka av flyktningane frå nabolandet, hjelper det å møte dei som har flykta – og høyre korleis dei blir tatt imot. Polen har på få veker fått kring tre millionar ukrainske flyktningar over grensa, og på togstasjonane i Warszawa er det tett med flyktningar og frivillige hjelparar.