Han hadde aldri planar om å bli prest. Trond Løberg stilte seg fleire gonger spørsmålet om det fanst ein Gud. I løpet av livet har han hatt tre viktige møter som har gjort han trygg i trua.

Han hadde aldri planar om å bli prest

Han hadde aldri planar om å bli prest. Trond Løberg stilte seg fleire gonger spørsmålet om det fanst ein Gud. I løpet av livet har han hatt tre viktige møter som har gjort han trygg i trua.

Trond Løberg stilte seg fleire gonger spørsmål om det fanst ein Gud

Han hadde aldri planar om å bli prest. Trond Løberg stilte seg fleire gonger spørsmålet om det fanst ein Gud. I løpet av livet har han hatt tre viktige møter som har gjort han trygg i trua.

I løpet av livet har han hatt fleire viktige møter som har gjort han trygg i trua

Dei avgjerande erfaringane 

Publisert Sist oppdatert

– Eg kunne sikkert tent mykje meir pengar som ingeniør, men eg trur eg har verdas viktigaste jobb der eg får lov å forvalte det viktigaste – at menneske skal få møte Jesus og ta da del i det evige liv, seier basstemma som nyt godt av akustikken i Mortensrud kirke. 

Det er ei spesiell kyrkje, kyrkja som ligg på ein liten kolle med skogen rundt, eit stykke søraust i hovudstaden. Store vinduage på begge sider sørgjer for at dagslyset flommar inn i kyrkjerommet, og frå golvet bryt berget opp fleire stader. Besøkjande frå heile verda kjem for å sjå det naturnære gudshuset.

Trond Løberg viser stolt fram arbeidsplassen sin. Han har vore sokneprest i kyrkjelyden i 15 år, men denne hausten vert han pensjonist og nye eventyr startar.