Sjefredaktøren som hudfletta Trump
Mark Galli fekk dødstruslar etter sin siste leiarartikkel i magasinet Christianity Today. Den evangelikale sjefredaktøren sette punktum ved å hudflette Donald Trumps låge moral og krevje at han blir fjerna frå presidentstolen.
– Eg følte det ville ha vore uansvarleg å ikkje seie noko, seier Mark Galli.
Den nyleg avgåtte sjefredaktøren i det amerikanske magasinet Christianity Today har tatt bladet frå munnen. Han meiner at Donald Trump er «den mest umoralske presidenten i USAs historie». Og då Trump blei stilt for riksrett for nokre månader sidan, skreiv redaktøren det også på leiarplass: Den moralske karakteren til presidenten utgjer ein fare for nasjonen, og bør fjernast frå embetet.
Straks kokte det rundt Galli og magasinet hans. Nettsidene krasja momentant. Store nyhendemedia som The New York Times banka på døra. 3.000 abonnentar sa opp i protest, og 9.000 nye kom til.