LOSSI: Serina Ur Geiteskjær går frå hus til hus på Fiskå. Strand kommune er ein av få stader kor lossi-tradisjonen framleis er levande.
Erlend Berge
Når Lossi rir i natta
TRADISJON: I nokre få enklavar i Rogaland kjempar foreldre for at barna fortsatt skal kle seg ut som trollkjerringar den mørkaste natta i året.
Det er 12. desember og lussi langnatt. Denne kvelden på Fiskå i Strand er det stort sett barn i raud julenissedrakt som går frå dør til dør. Mange har på seg ein romsleg gul refleksvest som lyser opp langs vegen når bilar køyrer forbi. To nissar på el-sparkesykkel ruller inn på gardstunet, slenger frå seg syklane og ringer på. Døra går opp og «Eit barn er født i Betlehem» vert framført a capella i byte mot snop og mandarinar.
Denne natta er Lossi ute og rir. Det kan gå ut over både hus og dyr, mat og øl dersom ho blir sinna. Lossi var rekna som eit skremmeleg juletroll i gamle dagar som tok hestar og reid dei til dei vart dyvåte av sveitte. Det gjeld å halde seg inne med denne trollkjerringa som går frå dør til dør og tiggar. Det kan gå ille med folk som ikkje gir, fortel tradisjonen.
Matauk
Bestill abonnement her
KJØP