– Det har vore eit balansepunkt i mitt liv å skrive for heile mennesket

MIN TRO: Olav Mosdøl lever under open himmel og minner oss om at Gud snakkar i naturen.

Olav Mosdøl Min tro
NATUR: – Naturen betyr mykje når ein er vaksen opp på toppen av Setesdal, i Bykle. Du såg alltid naturen i samanheng med skapinga, seier Olav Mosdøl.
Publisert Sist oppdatert

Det er stille i stova, ei ro. Her har det vore tenkt – det sit i veggene. Heimen til Elise og Olav Mosdøl ligg oppe i bakkane ved Kvitsund gymnas, der Olav har vore lærar gjennom skulens lange liv i mange fasongar. Ja, han er skulemann, men òg ein markant skikkelse mellom Telemark-forfattarane, ein «kristen» forfattar, vil nokon seie. Sjølv nøyer han seg med «forfattar», det andre får koma som det vil. Naturen sit i dikta.

– Har du nokon gong tvila på trua?

– Ikkje nokon bevisst tvil. Grunnen var kanskje at heimen min låg like ved Bykle-kyrkja, den gamle kyrkja som var frå 1600-talet, der eg var med far og ringde inn jolehøgtida. For han var kyrkjetenar og mor hadde lært oss å be Fader Vår og syngje ein salme, som eg trudde var ein gammal salme:

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP