Stortingspresidenten som ber til Gud kvar dag

Denne reportasjen vart publisert fyrste gong 29. januar 2022.

Haustkvelden var mørk, tett på jul i 2006. På døra i Skotselv stod politimannen Trond Berntsen. Det var alvor no.

Nokon hadde lagt eit brev med ein hatefull bodskap i postkassa til familien Gharahkhani. Masud Gharahkhani var berre 24 og var leiar av AUF i Buskerud. Nokre veker tidlegare hadde faren til Gharahkhani, Bijan, støtt på medlemer av den høgreekstreme grupperinga Vigrid i ein butikk rett ved heimen i Skotselv i Øvre Eiker. Dei snauskalla nynazistane hadde trakassert og hetsa Bijan Gharahkhani. Dei truga med at han måtte halde kjeft.

No hadde dei same nynazistane lagt eit brev i postkassa til familien som truga både Bijan og Masud Gharahkhani. Eit lite miljø av høgreekstreme krefter som tidlegare hadde halde til i Øvre Eiker prøvde å etablere seg igjen. Bijan Gharahkhani sat i kommunestyret for Arbeidarpartiet, medan sonen var ein frittalande ungdomspolitikar. No skulle nynazistane skremme den vesle innvandrarfamilien til å teie.

Stortingspresident Masud Gharahkhani. Min Tro.

«Eg passar på dykk»

Tryggleik og takksemd var kjenslene familien Gharahkhani hadde kjend sterkast sidan dei kom til Norge som flyktningar i 1987. No hadde nynazistane lukkast med å ta bort tryggleiken og skremme familien. Mora Zahra var livredd. Kontrasten til dei tjue gode åra familien hadde hatt i Norge, vart så stor. Tankane hennar handla om regimet dei hadde flykta frå i Teheran.

«Eg passar på dykk. De kan ringe meg 24 timar i døgnet og så vil eg kome med ein gong», sa politimannen Berntsen på dørstokken til familien Gharahkhani den haustkvelden i 2006. Berntsen kjende Arbeidarpartiet godt, då han fleire gonger hadde stilt opp som tryggleiksvakt på Utøya. Han budde også i bygda og var ven med faren Bijan. Også ordføraren og rådmannen kom på døra og sa at dei stod saman med familien, at dei skulle bekjempe høgreekstremismen i bygda saman.

– Lokalsamfunnet stilte opp for oss. Vi kjende at dei brydde seg om og passa på oss, fortel Masud Gharahkhani.

Trugselen frå dei høgreekstreme rører noko djupt inne i den nesten alltid blide og taleføre politikaren. Smilet forsvinn og han må stokke orda, stemmen vert grautete.

---

Masud Gharahkhani

  • Nyvalgt stortingspresident
  • 39 år
  • Utdanna radiograf, stortingsrepresentant sidan 2017
  • Gift, eitt barn

---

Flyktningen som vart stortingspresident

Vi møter han på det nye, storslåtte kontoret hans, med utsikt til Karl Johan og Slottet. Den tidlegare AUF-aren har blitt stortingspresident, den høgst rangerte stillinga i Norge etter kongen.

– Først og fremst er eg utruleg takksam. Eg er verkeleg utruleg takksam for moglegheitene eg har fått i Norge.

Stortingspresident Masud Gharahkhani. Min Tro.

Så takksam for livet, moglegheitene og fridomen, er Gharahkhani at han takkar Gud kvar morgon før han går ut av huset. Då tenker han på familien, foreldra og det gode livet han har fått. Og korleis det kunne blitt – om foreldra hadde bestemt seg for å bli verande i Iran. Landet dei flykta frå i 1986.

Stjerner og bomber

Midt på 80-talet gjekk sirenene kvar natt i Teheran, hovudstaden i Iran. Inne i leilegheita lukta det av maten til bestemora og var allltid folksamt. Gharahkhani var berre fem, men foreldra og bestefaren vekka han kvar natt og hasta ut av blokka med den vesle guten. Ute var himmelen var mørk og klar. Masud retta blikket oppover og tenkte at det var stjerner han såg.

kk

Etter kvart forstod femåringen at det var bomberegn, at ein skulle vere redd for dei vakre lysglimta på himmelen over den iranske hovudstaden. At bombene kom frå diktatoren i nabolandet, den irakiske presidenten Saddam Hussein, som låg i krig med det sjiamuslimske prestestyret som hadde tatt makta i Iran få år tidlegare. Dei kriga om oljeressursar, territorier og stormaktstatus.

Eg kan like gjerne gå inn i Bragernes kirke i Drammen, det er òg mitt gudshus.

—  Masud Gharahkhani, stortingspresident

Masud Gharahkhani fekk tidleg nase for politikk, allereie der han stod om nettene utanfor blokka i Teheran og kikka opp på bombene og rakettane han trudde var stjerner. Dei vaksne fortalde han etter kvart kva som gjekk føre seg, og Gharahkhani trong ikkje få det inn med teskjei.

– No kjem Saddam igjen, sa femåringen, sånn at dei livredde vaksne som stod rundt han byrja å le. I dag unner han ingen born å oppleve det han måtte gjennom dei nettene.

Berre ein dollar i lommeboka

Foreldra ville gje sonen ei anna framtid. Ei natt bestemte dei seg for å satse på at rett folk var på vakt ved kontrollposten på grensa, og sette seg derfor på ein buss i Teheran med mål om å kome fram til Istanbul i Tyrkia. Dei visste at folk kunne bli skotne på grensa, viss dei vart tatt i forsøk på å flykte. Likevel hadde dei bestemt seg for å kome seg bort frå det ytterleggåande, fundamentalistiske prestestyret. Dei ville at sonen skulle sove i ei trygg seng, ikkje måtte bruke nettene på gata under bomberegnet.

Dei hadde flaks og kom seg til Istanbul, men månadane der vart tøffe. Av frykt for å bli tatt og tvangsreturnert til Iran, kunne dei ikkje gå ut. Dei hadde ikkje pengar, og til slutt var det berre ein dollarsetel igjen i pengeboka til faren.

– Vi hadde håp, men ingen svar, skildrar Gharahkhani.

---

4 raske

  • Gud er: Vissheita om at det fins noko større enn livet her og no.
  • Jeg klarer meg ikke uten: Familien, kaffi og Cola Zero.
  • På gravsteinen min skal det stå: Lev livet!
  • Boka alle må lese: Einar Gerhardsens sjølvbiografi, Mennesker og politikk. Erindringer 1965–78

---

Truser i julegåve

Så ein dag, igjen med ein god porsjon flaks, kom dei seg på eit fly til Fornebu. Dei hamna på eit asylmottak på Larkollen utanfor Moss, der fleire flyktningfamiliar budde saman med dei i eit hus. Leiaren for asylmottaket heitte Ellen, og ho gjorde det ho kunne for å gje familien Gharahkhani ein trygg start på livet i Norge, og stelte i stand både bursdagsfeiringar med krone og familievenlege aktivitetar. Så mykje brydde ho seg om Masud Gharahkhani og dei andre at ho heldt fram med å sende gåver lenge etter familien flytta frå Larkollen til Øvre Eiker.

– Ellen sende meg truser som julegåver til eg var 13 eller 14 år gamal. Ho ville sikre at eg hadde det eg trong. Vi har vore heldige med folka vi har hatt rundt oss på reisa vår. Eg er så takksam, seier Gharahkhani.

I Øvre Eiker, der familien slo seg ned i det Gharahkhani på drammensdialekt omtalar som «Skotsælva», fann familien seg godt til rette.

Muslim på Misjonshuset

På det lokale Misjonshuset sat Gharakhani engasjert, interessert og konsentrert og følgde med på flanellografen. Han demonstrerer korleis dei som snakka til borna flytta rundt på dei små filtfigurane. Så mykje lærte han om Josef, Maria, Jesus og alle dei andre filtfigurane at han kunne svare på alle spørsmål læraren hadde i kristendomsundervisinga på skulen. Han hadde stålkontroll på salmer og kristne barnesongar.

– Eg vaks opp på Misjonshuset, så å seie, fortel Gharahkhani. Huset er del av Misjonskirken i Norge.

– Men eg vaks òg opp som muslim.

Han vart aldri spurt om han ville konvertere, og trekk fram «presten sin» Svein som eit heiderseksempel på ein kristen. Sjølv meiner Gharahkhani at han nærast vaks opp på Misjonshuset, eit slags bedehus i lokalmiljøet.

– Eg fekk lov å berre vere der som den eg var. Det betyr at eg gjennom livet har vore fleire gonger i kyrkja enn i ein moské.

Stortingspresident Masud Gharahkhani under finansdebatten i Stortinget i starten på desember. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Trur på noko større

Gharahkhani meiner han ikkje er så god på dette med teologi, men er tydeleg på at han trur på Gud.

– Trua er noko større enn livet her og no. Trua har vore der gjennom dei vanskelegaste og beste tidene i livet, då har eg tenkt at det har vore nokon der oppe som har tenkt på og tatt hand om meg og familien min.

– Kva kallar du den du trur på, den guden du trur på?

– Gud, svarar Gharahkhani kontant.

– Ber du?

– Ja, eg ber kvar dag.

«Dei trur på same Gud»

Masud Gharahkhani gjer det på sin måte. Fleire gonger trekk han fram bestefaren Seifi som eit førebilete i livet, òg dei delane som handlar om trua. Bestefaren, som no er gått bort, budde heile livet i Iran, men kom fleire gonger på besøk til Norge. Han var ein truande muslim. Kvar gong familien tok med bestefaren ut på køyretur dei gongane han var i Norge, korsa han seg då dei køyrde forbi kyrkjer eller kristne gudshus med kors på.

«Kvifor gjer du det, bestefar?» spurde Gharahkhani.

«Dei trur på den same guden som oss, Masud», svara bestefaren.

kk

Gharahkhani har fått høyre at han går for langt, at han ikkje er ein ekte muslim, at han til dømes må slutte å snakke om dette med likestilling. Kritikken har kome både frå konservative muslimar og konservative kristne.

Alkohol og nestekjærleik

– Kva seier du til dei som meiner du ikkje er ein ekte muslim?

– Eg er ikkje så opptatt av kva andre meiner om kva eg trur på. Eg gjer det på min måte, svarar Gharahkhani.

Bestefaren i Teheran lærte han at det viktige er kva du har i hjartet ditt, ikkje kva du gjer.

Det var hjarterått. Eg tenkte: Har dette verkeleg skjedd i Norge? Vi må aldri vere naive i kampen mot ekstremisme.

—  Masud Gharahkhani, stortingspresident

Han drikk alkohol, et svin og meiner mange brukar religion for å vinne makt for seg sjølv. For Masud Gharahkhani handlar trua om nestekjærleik og medmenneskelegheit. Viss han skulle få behov for å snakke med nokon om trua og livet, er Gharahkhani tydeleg på at oppveksten i ei kristen forsamling har fått konsekvensar.

– Då kan eg like gjerne gå inn i Bragernes kirke i Drammen, det er òg mitt gudshus, forklarar stortingspresidenten.

Vart sjuk 22. juli

Livet i Norge vart godt. Han fekk ein trygg oppvekst, utdanning som radiograf og eit stadig meir glødande politisk engasjement. Heile vegen var takksemda for tryggleiken og fridomen i Norge sterk.

kk

Likevel har utryggleiken meldt seg fleire gonger, som den julidagen i 2011 då han hadde planlagt å reise til Utøya for å høyre på foredraget til Gro Harlem Brundtland, saman med Ap-kompisen Torgeir Michaelsen, men så vart han sjuk. Flaks og tilfeldigheiter.

Den dagen var politimannen Trond Berntsen – han frå heimbygda – på Utøya, slik han pleidde. Då han holdt på å avsløre terroristen, vart han det første terrorofferet på øya.

– Det var hjarterått. Eg tenkte: Har dette verkeleg skjedd i Norge? Vi må aldri vere naive i kampen mot ekstremisme, seier Gharahkhani med blanke augo.

Kanskje er det takksemd. Kanskje er det hans intense politiske engasjement for fridom, demokrati og likestilling. Kanskje er det saknet etter partikameratane som ofra livet i kampen mot høgreekstremismen.

Kanskje er det desse tinga som gjorde Masud Gharahkhani til den yngste stortingspresidenten i norsk historie.