Lill vaks opp i same bygd som den omstridde presten Børre Knudsen. Det var ikkje alltid like lett.

Lill Sverresdatter Larsen hugsar det godt: Eit bedehus klart til gudsteneste, der alle hadde funne plassane sine på smale, steinharde kyrkjebenkar. Ho sat der saman med bestefaren, foreldra, syskena – og fleire andre frå heimbygda Balsfjord.

Så kom han inn bakarst i rommet. Stemma hans – ei fantastisk stemme – romma heile bygget. Ho har aldri høyrt nokon andre synge slik, verken før eller sidan. Sjølve innhaldet i preikene er blitt vagt med åra, men ho kan hugse at han kviskra. Han kunne gå ned på kne, for så å reise seg og rope ut like etterpå.

Ho kunne få frysningar på armane.

– Det var gripande. Eg meiner heilt seriøst at eg har lært mykje av Børre Knudsen når det gjeld å halde talar, seier ho, og legg til, litt stille: Men han er vel rekna som ein svovelpredikant.

Etter kvar preike, sto Knudsen utanfor døra og tok alle i handa. Også borna.

– Han snakka til oss som om vi var jambyrdige. Så du kjende det allereie som barn: Eg betyr noko, eg blir sett.

---

Fakta: Lill Sverresdatter Larsen

  • Leiar av Norsk Sykepleierforbund (NSF) sidan november 2019.
  • 41 år
  • Er utdanna sjukepleiar, med doktorgrad i demensomsorg.
  • Gift, fire barn
  • Aktuell med:

---

Leder av Norsk Sykepleierforbund. Lill Sverresdatter Larsen. Unio i Streik

Eit sterkt emosjonelt press

Larsen let att vindauget på kontoret sitt i 7. etasje, midt i Oslo. Herifrå representerer ho heile landets sjukepleiarar, som forbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF). Det er varmt både ute og inne, men støyen frå bytrafikken vart for intens.

Staten har nettopp gripe inn med tvungen lønsnemnd i kommunestreiken. Larsen fortel om møter med sinte og skuffa sjukepleiarar.

– Streiken handlar ikkje om at sjukepleiarar må få betre løn fordi dei er så innmari mykje betre enn alle andre. Men det er ein konstant mangel på folk.

Det å stå i dette presset, som Larsen kallar eit sterkt emosjonelt press, enda med at sjukepleiarane sa: nok er nok, vi må få hjelp.

– Og så blir du likevel klappa ned.

41-åringen er direkte, tydelig. Ho nøler sjeldan når ho snakkar, og engasjementet er sterkt.

– Kvar kjem det engasjementet frå?

– Frå å vere sjukepleiar, tenker eg. Frå å stå i mange situasjonar der eg ikkje skjønte kvifor eg ikkje fekk høve til å gjere jobben min skikkeleg. Og frå eit ynskje om å gjere godt, om å gjere ting betre. Kvifor skal vi elles drive på?

Larsen vart vald til forbundsleiar i november 2019. Ho er oppteken av at kompetansen til sjukepleiarane skal løftast fram.

Sjølv gjekk ho rett til sjukepleiestudiet etter vidaregåande. Deretter mastergrad, og så doktorgrad i demensomsorg. I tillegg arbeidde ho med eit omfattande slektsprosjekt saman med far sin, samtidig som ho og mannen hadde fire barn heime.

– Blir det riktig å kalle deg eit arbeidsjern?

– Ja. Eg har stor arbeidskapasitet, det må vere lov å seie det. Og så er eg ærekjær. Det er både positivt og negativt. Men om eg har sett meg føre at eg skal gjere noko, så skal det gjerast godt.

---

4 raske

  • Gud er: Håp om meining.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Musikk
  • På gravsteinen min skal det stå: «Best før»
  • Boka alle må lese: Stoner av John Williams, om eg må velje. Othello av William Shakespeare er viktig lærdom.

---

Vanskeleg å passe inn

Då prest og abort-motstandar Børre Knudsen la ned sitt embete som prest i 1979, heldt han likevel fram som forkynnar og sjelesørgjar i Balsfjord. Bygda delte seg mellom dei som gjekk i kyrkja, og dei som valde å gå til Knudsen på bedehuset. Familien til Larsen var, som nemnt tidlegare, blant dei sistnemnde.

Som ungdom i Balsfjord vart det stadig vanskelegare for henne å stille seg til Knudsen. På den eine sida elska ho å synge under gudstenestene hans, og opplevde han som ein mild person som var fin å prate med. På den andre sida såg ho han på fjernsynet dekt av griseblod, med små dukker i hendene. Det var vanskeleg å støtte aksjonane hans mot abort, og ho fortalde aldri til klassekameratane at ho gjekk på samlingane hans.

Det vart vanskeleg å vite korleis ho skulle passe inn, og ho fekk eit sterkt behov for å ta avstand frå det kristne.

– Eg ville vise at eg kunne vere annleis også, fortel ho.

Ho trur opprøret var som opprør flest: med fest, gutar og alkohol.

Børre Knudsen sang en av sine egne salmer. Stemmen bærer fortsatt godt.

Ei kraft som gir mot

Larsen brukar å tulle med at ho vart fødd som 90-åring. Ho var sist i rekka av syskena og dei syskenborna som budde i nærleiken. Om ho vart med ut og leika, vart ho gjerne plassert som veslebror som måtte sove på verandaen, medan dei andre leika indianarar. Så ho ville heller vere saman med dei eldre i familien.

– Eg likte kryssord, las mykje.

Gamletanta, som var dagmammaen hennar, hadde ein postill – ei samling med rettleiande tolkningar av bibeltekstane gjennom kyrkjeåret. Postillen var frå 1864, og Larsen lærte seg tidleg å lese i den.

– Det er nok ikkje alle 4-6-åringar som gjer dette, så eg var nok litt rar. Eg kunne plutselig kome med framandord som syskena mine aldri hadde høyrt før. Så dei brukte å erte meg med at eg var litt utanfor.

Ho elska «Bibelens beste», som dei hadde liggande heime. Larsen har sidan brukt den til sine eigne barn.

– Det er utruleg fine bilete. Korte tekstar, men likevel gode skildringar slik at du kjenner att bibelhistoria. Den er ikkje sminka på noko vis.

Livet er vanskeleg. Det er død, smerte og liding, men så er det også artig og fint innimellom. Men du vil ikkje kunne kjenne glede på ein skikkeleg måte om du ikkje veit noko om det som er vondt.

—  Lill Larsen

Som barn tykte ho særleg forteljinga om Isak var krevjande. Å lese om ein forelder som var villig til å ofre barnet sitt, og det på ein ganske bestialsk måte, var vanskeleg.

– Det same gjaldt Jobs bok. At nesten uansett kva du gjer, uansett kor from du er eller kor riktig du gjer ting, så blir du straffa gong på gong. Fordi Gud er ute etter å finne ut kor langt trua di når.

Ho lener seg fram i stolen.

– Sjå føre deg at du skal vere i eit ekteskap med nokon som skal teste kor langt trua di går, ved å straffe deg gong på gong.

Blikket hennar vik ikkje. Så set ho seg tilbake i stolen og seier:

– Eg har ikkje tru på ein slik Gud.

– Korleis ser du på Gud, då?

– Det vekslar. Eg har ei sterk barnetru. Det var nok det etiske i meg som vart vekt i tidleg alder, kva som er rett og kva som er gale. Eg har alltid reagert på den dømande guden.

Av og til kan ho tenke: Nei, det er jo sikkert ingenting. Men så går ho ein fjelltur i heimtraktene. Vi kan ikkje ha gjort alt dette åleine, tenker ho då. Det må vere ein større plan bak, ei større meining.

– Eg er nok søkande etter meining i alt eg gjer.

Ho er ikkje så oppteken av om det heiter Gud, Jehova eller Allah, for den saks skuld. Men det er ei kraft der.

– Kva gir den krafta deg?

– Mot. Mot til å gjere alle dei tinga ein må igjennom, svarar ho.

– Livet er vanskeleg. Det er død, smerte og liding, men så er det også artig og fint innimellom. Men du vil ikkje kunne kjenne glede på ein skikkeleg måte om du ikkje veit noko om det som er vondt.

Leder av Norsk Sykepleierforbund. Lill Sverresdatter Larsen. Unio i Streik

Vurderte å gå på havet

Og det veit ho. Som 22-åring og nesten ferdig utdanna sjukepleiar, var ho klar for å flytte til Oslo med nokre venninner. Ho ville reise og arbeide for Leger uten grenser.

Så vart ho gravid med ein mann som hadde to barn frå før.

– Og eg hadde vakse opp med Børre Knudsen, seier ho, og let det henge litt i lufta.

– Kva rolle spelte det, i denne situasjonen?

– Eg tenkte, og hadde allereie då tenkt i mange år, at kvinner må ha rett til å ta abort, der det er naudsynt. Eg kunne ikkje støtte Børre Knudsen og det dei sto for.

Ho var oppteken av at kvar kvinne måtte ta det valet, og ho har venninner sjølv som har tatt abort.

– Men for meg vart det veldig vanskeleg. Eg sa det til Børre Knudsen seinare ein gong, då eg møtte han: Hadde eg ikkje vakse opp som eg gjorde, så hadde eg tatt abort.

– Var det aksjonane til Knudsen som påverka deg?

– Nei, meir dei diskusjonane vi hadde heime rundt det. Dei var ikkje dømande, men bevisstgjerande. Eg trur ikkje foreldra mine ville slått handa av meg om eg hadde tatt abort, eg trur ikkje eg ville følt det slik. Men for meg vart det feil.

Ho skildrar ei mørk tid som ung og gravid, der ho arbeidde nesten konstant: som bartender og som sjukepleiar. Ho gjekk ofte heim etter jobb om natta, ein tur på 3-4 kilometer, over Tromsøbrua. Det var stille, få bilar. Ho stoppa av og til og såg ned i det svarte havet.

– Det ville på ein måte vere så lett. Det kjendest så lett. Det var eit gelender som nådde meg til livet, eg kunne berre ha vippa meg over.

Ho orsakar seg, må vente litt før ho kan fortelje meir. Sjølv om ho vurderte «å gå på havet», som dei seier i nord, var ho heldig og fekk god hjelp. Som student vart ho plassert i heimetenesta innan psykiatrien. Det medførte mange timar i bil med ein psykiatrisk sjukepleiar, som etter kvart skjønte at Larsen ikkje hadde det bra.

– Eg var jo kjemperedd. Livredd. Men eg kom ut av den praksisen med bestått, og med mot til å sjå kva eg hadde av moglegheiter i livet.

Ein heil person

Tjue år er gått. Ho er no gift med han ho møtte under sjukepleiestudiet, og dei har fått to barn saman.

Når ho blir spurt om kva rolle trua spelte den gongen ho vart gravid, ber ho om å få ein pause. Etter ei stund seier ho:

– Eg kunne jo be av og til, men samtidig... Eg skamma meg kanskje litt over meg sjølv. Og den skamma, den er skummel. Ein kan skuve Gud, refleksjonar og andre menneske frå seg, og då er du veldig åleine.

– Og slik var det for deg?

– Ja.

Ho trur både foreldra og svigerforeldra òg kjende på skamma, sjølv om dei aldri har sagt det til henne.

– Kvar kjem den skamma frå, tenker du?

– Mor og far min påla meg ikkje skam. Dei følgde meg opp heile vegen, og eg reiste heim til dei etter fødselen. Men eg passa kanskje ikkje inn i den ideen om kven eg skulle vere. Alle vil jo vere konsistente.

– Det var ei boks du måtte passe inn i?

– Ja, eller iallfall ei boks eg hadde teikna opp for meg sjølv. Og det sit jo sterkt i meg. Det at eg jobba som bartendar og farta rundt, passa ikkje heilt saman med den eg hadde vakse opp som.

Det handlar også om anerkjenning, trur ho, og dreg parallellar til arbeidslivet.

– Kvifor streiker vi? For befolkning og helsetenester. Men dei sjukepleiarane eg møter, snakkar også om eit sterkt behov for å bli anerkjent. For å bli sett for den kompetansen dei har, og den belastninga som har vore. Særleg det siste året, fortel ho.

Ho tenker litt før ho held fram.

– Det er kanskje noko med det, for min del også. Det å bli anerkjent for val ein gjer i livet, og den ein er, som ein heil person.