«Somme har teke frå meg både mi kristne tru og min legitimitet»

– Homofilt samliv er eit teologisk tema som rører ved og rammar enkeltmenneske. Det triggar meg til å spørje: Har vi sett og forstått alt? seier Terje Hegertun.

Teologiprofessoren ved MF vitenskapelig høyskole sit barbeint i si eiga stue. Heile livet har han vore aktiv i pinserørsla, blant anna som redaktør for hovudorganet Korsets Seier. Dei seinaste vekene har debatten gått høgt rundt den nye boka hans, Det trofaste samlivet, der han argumenterer for at det sentrale i eit samliv er den trufaste kjærleiken, og at trufaste homofile parforhold såleis ikkje er i strid med Bibelen.

Mange frydar seg over at det er «pinseprofessoren» Hegertun som kjem med desse teologiske vurderingane. Andre er skuffa.

– Somme har fråteke meg både mi kristne tru og min legitimitet. Eg kan sjølvsagt ikkje la slikt gå innpå meg. Eg trur heller ikkje at eg er blitt liberalteolog, som avisa Dagen påstod på leiarplass. Men også blant mitt eige folk, pinsevennane, er det fleire som meiner at eg har svikta mitt eige oppdrag, seier Hegertun.

– Forstår du dei?

– Ja, eg forstår. Men eg er nokså sikker på at den tilnærminga eg har jobba med, er teologisk berekraftig. Og eg håper at dei som er ueinige med meg, kan merke hjartet mitt i det eg har skrive.

Gift i 45 år

Kjærleiken er eit stikkord for Terje Hegertun. Kjærleiken til Bibelen, som han stadig ønskjer å vere tru mot. Kjærleiken til dei tre sønene, svigerdøtrene og dei mange barnebarna. Kjærleiken til kona Rigmor, som han møtte på ei forblåst øy nest ytst i Lofoten, dit han følgde det kristne kallet som 17-åring.

– Rigmor og eg har vore gifte i 45 år no. Då eg for nokre år sidan tok henne med til ein gullsmed i Oslo sentrum for å gi henne ein ring, blei kvinna bak disken fascinert over at det gjekk an å vere forelska i kvarandre framleis. Ho ville samle nokre vener, sa ho, og ha oss til å halde kurs.

Hegertun humrar.

Det trufaste samlivet har vore basisen for det beste i hans eige liv.

– Rigmor er eit sosialt unikum og Guds store gåve til meg. I hennar familie møtte eg ei djup gudsfrykt, men også mykje humor og forteljarglede som eg har lært mye av.

Kjærleikens makt

Gjennom livet har pinsevennen og professoren møtt mange som ikkje har hatt det same rommet som han sjølv. Folk som ikkje vil noko anna enn å følgje Jesus, men som ikkje er blitt fullt ut aksepterte i kyrkjelydssamanheng. Kristne menneske som strevar og har strevd i møte med strenge fortolkingar av bibelsk samlivsetikk.

– Somme av dei har måtta trekke seg bort for å bevare seg sjølve, seier Hegertun.

Teologiprofessoren meiner at dei fleste kyrkjer og forsamlingar gjerne vil inkludere, og at mange kristne kjenner på ei smerte i det å seie nei til homofilt samliv ut frå det dei kjenner som ei forplikting på Bibelen. Hegertuns poeng er at også eit homofilt samliv kan innebere å leve etter dei ideala som den kristne etikken alltid har teikna opp: kjærleik, ansvarlegheit, forplikting, likeverd, truskap.

– Eg trur på kjærleikens makt. På kjærleiken som stiller opp i dag for den han hadde hug til i går. Det etiske samlivsmaterialet i Bibelen føreset ikkje ein heterofil konstruksjon, seier han.

Han er glad for dei positive tilbakemeldingane han får både frå pastorar og frå homofile som har kjent «trusgnisten byrje å brenne igjen». Somme opplever at det endeleg er rom for dei i det frikyrkjelege Noreg.

---

Terje Hegertun

  • Professor i systematisk teologi ved MF vitenskapelig høyskole
  • Fødd i 1953, som den nest yngste av fem søsken. Vaks opp på Vestvågøy i Lofoten
  • Bur i Oslo
  • Gift med Rigmor. Har sønene Andreas, Kristian og Nikolai
  • Aktuell med boka Det trofaste samlivet (Verbum)

---

Guds kall på Hurtigruta

Det frikyrkjelege Noreg er Terje Hegertuns «rike». Han vaks opp i ein pinsefamilie i Lofoten og blei godt innrullert i den lokale pinseforsamlinga Betel, ei av Nord-Noregs største. Ein periode brukte han rett nok å snike seg ut på do rett før det var hans tur å vitne på ungdomsmøtet, men frimotet kom med alderen.

Ikkje minst skjedde det noko etter den nemnde kallsopplevinga i 17-årsalderen.

– Eg sat ei natt på Hurtigruta frå Stamsund til Bodø og las i Markusevangeliet. Eg las om folket i Kapernaum, som etter at sola var gått ned, kom til Jesus med alle som var sjuke. Brått fekk eg ei kjensle av å vere til stades der dette skjedde, at dette var levande ord, ikkje berre ei forteljing. Eg opplevde eit kall frå Gud til å tene den Jesus som avdekker seg i Det nye testamentet, fortel Hegertun.

Terje Hegertun

Då han fortalte om dette kallet i kyrkjelyden sin, la dei eldste grove fiskar- og bondehender på skuldrene hans, velsigna han og innvia han til teneste. Etter fem veker på bibelskule i Oslo bar det i veg til Værøy, der han skulle drive med kristent ungdomsarbeid. På Værøy blei lidenskapen hans for Guds rike inspirert av dei mange bønnekvinnene med glød i blikket og rull i nakken.

– Du kunne nesten høyre at dei smatta når dei sa «kjære Jesus»! Dei var så begeistra for Guds rike, og hadde eit så rikt indre liv.

Kvinnene heldt gjerne bønnemøte når han og fetteren hadde ungdomsmøte. Dei unge pinsevennane blei løfta fram på bønevenger.

Du kunne nesten høyre at dei smatta når dei sa «kjære Jesus»!

—  Terje Hegertun

Samtidig var øya prega av livsglede. Blant fruktene av opphaldet var til dømes Hegertuns ekteskap og påfølgjande familie. Terje og Rigmor gifta seg og flytta til Oslo, der dei resten av livet har gått i Filadelfiakirken. I dag er det eldstesonen Andreas som er pastor i kyrkja – med andre ord pastor også for sine eigne foreldre.

Blei student som 48-åring

Identiteten som pinsepastor sit djupt også i Hegertun senior, sjølv etter at han i vaksen alder byrja å studere teologi og etter kvart enda som professor på MF vitenskapelig høyskole, ein utdanningsinstitusjon han er full av lovord om.

– I pinsekrinsar har det heitt for spøk om teologistudentar at «aldri har nokon dukka djupare og dukka opp tørrare sju år seinare». Men fagteologien har betydd mykje for meg og har fornya trua mi på Bibelen, seier Hegertun.

Han var 48 år gammal då han byrja på teologistudiet. No er han 67 og snart pensjonist, men kjærleiken til Bibelen har ikkje forlate han. Han lurer på om det blir for sterkt å seie at han elskar Bibelen over alt på jord. Vi er uansett der i lendet.

– Det var pinsevennane som lærte meg å elske Bibelen, men det var andre som lærte meg å forstå han, ler professoren med eit lånt sitat av ein sveitsisk pinseforskar.

Så blir han brått alvorleg, for han tenker på alle dei som har bore Bibelen fram til oss gjennom hundreåra – eit arbeid som kunne koste både blod og tårer.

– Vi sit på skuldrane til dei som aldri fornekta namnet Jesus, heller ikkje under martyriet. Somme stader i verda i dag er framleis den kristne dåpen ein dåp til martyriet. Her i Noreg er utfordringa vår snarare at det er for lett å tru.

Han synest likevel det er vakkert at «den korte tradisjonen» – pinserørsla – kan lene seg til «den lange tradisjonen», samtidig som han kan tilføre entusiasme, friskleik og dynamikk. Heilt frå ungdommens turar til misjonsfolket på det lokale bedehuset til besøk i den katolske kyrkja i nabolaget, har Hegertun vore opptatt av å hente impulsar frå andre. Han er av naturen økumenisk anlagt.

Det var pinsevennane som lærte meg å elske Bibelen, men det var andre som lærte meg å forstå han.

—  Terje Hegertun

– Allereie i ungdommen blei eg glad i vennane på bedehuset. Dei hadde så stor kjærleik til Jesus. Kristne er barn av ulike miljø og tradisjonar, men vi vil grunnleggande sett det same: At Guds rike skal vekse i verda.

Terje Hegertun

Fleire kjelder til tru

Kjeldene til trua hans, som har sin kjerne i den apostoliske truvedkjenninga, er fleire. Den eine kjelda er foreldra si tru. Det hender han spør seg kvar han hadde vore utan dei.

– Eg hugsar at eg sat bakpå mopeden til pappa når vi køyrte til ettermiddagsmøte i Betel, fortel han.

Den andre kjelda er det gode barne- og ungdomsmiljøet der han vaks opp. Det hendte at han gjekk dei fem kilometrane til søndagsskulen åleine.

– På vinteren måtte eg passe meg for ikkje å bli køyrt ned av snøplogen. Innimellom måtte eg krype opp på snøgavlane og bortover marka for ikkje å bli feid bort. Såpass stor var iveren etter å gå på søndagsskule, humrar Hegertun.

Ei tredje kjelde til tru er kallet til å bli evangelist, som han meiner var eit kall til å bli bevart i trua. Sjølv om store delar av den kristne tenesta hans har vore knytt til det skrivne ord, har han heile vegen også vore forkynnar.

– Det å forkynne har vore mi store glede, ved sida av å formulere ting skriftleg. Det er to sider av same sak for meg, å artikulere munnleg det eg har arbeidd med skriftleg.

Teologistudia er den fjerde kjelda. For Hegertun er trua og teologien først og fremst liv og praksis. Han trur at mange av dei teologiske spørsmåla ville blitt for vanskelege å bere utan bibelforteljingane om Jesus.

– Av og til har eg kjensla av at trua mi består av mange spørsmål. Men så er eg hos Jesus med dei spørsmåla.

Fekk tungetale til Trygve Bjerkrheim-song

Gjennom livet har Hegertun stilt seg dei same spørsmåla som mange andre, om det vi trur på faktisk er sant. Heller ikkje teologiprofessoren kan føre bevis for at Gud er til. Men han fell alltid tilbake til trua på å vere i Guds forvaring, at Gud er oss nær. Ein dag vil han sjå Kristus ansikt til ansikt.

Bøna og gudstenestelivet hjelper han i denne trua. Hegertun skoftar sjeldan gudstenesta på søndag formiddag, og er redd for at mange under pandemien har lagt seg til vanar som gjer at det vil koste meir å dra på gudsteneste.

– Om eg skal seie noko til kristenfolket, må det vere: Sørg for å mobilisere no! La hausten bli ein rik haust for Guds rike!

Han ber regelmessig, også i tunger. Tungetale har han hatt sidan han var på bibelskule som 17-åring og nynna på Trygve Bjerkrheim-songen «Det er nok det som Jesus gjorde». Songen sluttar slik: «Me vil byggja på nådeordet, Det er berggrunn som evig held».

– Talar du framleis i tunger?

– Ja. Eg brukar det til personleg oppbygging i mitt eige bøneliv. Ofte er det godt å sleppe å bruke det norske språket når eg ber. Bøn for meg er å vere hos Gud, og kjenne at det er ei kjelde inni meg som lever. Somme gonger har eg også kjent det brenne i brystet, så eg har formidla ei profetisk helsing i gudstenesta.

Bøn for meg er å vere hos Gud, og kjenne at det er ei kjelde inni meg som lever.

—  Terje Hegertun

Han ser likevel ikkje på denne typen nådegåver som viktigare enn nådegåver som diakonalt og administrativt arbeid.

– Djupast sett er all teneste i Guds rike ei gåve som vi forvaltar.

Terje Hegertun

Vil heller brenne enn ruste

For pinsevennen er Den heilage ande Jesu nærvær. Dette nærværet må vere der dersom vi skal tru at Jesus er overalt kor namnet hans blir forkynt.

– Eg deler ikkje opp treeininga i ulike delar. Ho er eit forsøk på å skildre ein Gud som ikkje eigentleg kan forklarast.

Som pentekostal teolog forskar Hegertun blant anna på Den heilage andes plass i kyrkja.

– Mi teologiske visjon er at kyrkja i særleg grad er staden for Guds nærvær, der Anden er. For meg er aldri kyrkja anten sakramental eller karismatisk. Ho er begge deler på same tid. Kyrkja lever ikkje gjennom mitt strev, men gjennom Andens gåver. Ho er Den heilage andes verk. Når eg mottar brødet og vinen i nattverden, er det også ei karismatisk hending, seier han.

Apostelgjerningane i Det nye testamentet gir oss forteljinga om pinsedagen. Gud vendte attende til jorda etter Kristi himmelfart, men ikkje som forventa: Han kom i form av eld, rabalder og vind, og den kristne kyrkja fekk ein kickstart. Terje Hegertun meiner i tillegg at det finst ein pinsedag for kvar nye generasjon.

– Pinsedag var ikkje berre kyrkja sin fødselsdag. Vi lever ikkje som kyrkje utan eit nærvær av Anden. Og eg vil heller brenne enn ruste. Samtidig veit vi at det er eit risikoprosjekt å sleppe til dei profetiske røystene, for vi har sett så mykje brann utan kontroll. Kristne leiararar må vere nøkterne og audmjuke. Då kan den karismatiske gløden halde oss vakne og varme.

---

4 raske

  • Gud er: Alltid større, alltid nærmere.
  • Eg klarer meg ikkje utan: Kjærleiken frå kona mi.
  • På gravsteinen min skal det stå: Det skal familien få bestemme.
  • Boka alle må lese: Den tyske teologen Heinz Zahrnts Saken gjelder Gud, som på ein førebiletleg og enkel måte forklarer protestantisk teologi.

---