Notto Thelle ser på trua som ein løk: – Det finst ikkje ein ferdig formulert kjerne

Heime hos teologen Notto Thelle er det ikkje tale om minimalisme. Veggane står breddfulle av bøker, som det høver seg for ein forfattar og professor emeritus. Eit flygel har funne sin plass på stovegolvet, som ein open delevegg for ein av blokkleilegheitas fleire sitteseksjonar. Det som likevel påkallar ekstra interesse, er alle figurane frå Aust-Asia. Blant dei er buddhaversjonen av Austens tre vise apar, i knallraude fargar. Dei tre buddhafigurane uttrykker at vi skal la vere å dvele ved vonde tankar, slik dei høvesvis held seg for auger, øyrer og munn: «ikkje sjå, ikkje høyre, ikkje seie».

– Vi har huset fullt av avgudar og poetar, humrar Thelle.

Vi trer inn.

Notto Reidar Thelle blei fødd i Hongkong i 1941, berre nokre månader før Japans angrep på den britiske kolonien under andre verdskrigen. Det velfødde spedbarnet Notto, yngst av fire brør, blei dermed sett på ein ufrivillig slankekur, saman med resten av misjonærfamilien. Dei fekk bu på misjonssenteret Tao Fong Shan, som faren, Notto Normann Thelle, hadde bygd opp saman med misjonspionéren Karl Ludvig Reichelt. Men i dei harde krigsåra gjekk kreftene meir til å sette mat på bordet, enn på å drive utstrekt religionsdialog.

– Det var svolt. Det var sjukdom. Vi var utmagra og ganske medtatte. På eit tidpunkt måtte vi ete reinsa hestefôr frå japanske stallar. Det var dramatisk, fortel Thelle.

Trass den dramatiske tida var foreldra gode til å beskytte Notto og brørne hans. Dei minnest Tao Fong Shan som «barndommens grøne fjell», ein god stad å vere for barn.

---

Notto R. Thelle

  • Teolog og forfattar.
  • Professor emeritus ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.
  • Fødd i Hongkong i 1941.
  • Son av misjonspionerane Rannfrid og Notto Normann Thelle.
  • Var sjølv ute som misjonsprest i Japan frå 1969 til 1985.
  • Gift med Mona, har fem barn.
  • Har gitt ut fleire bøker, bl.a. Hvem kan stoppe vinden? (Universitetsforlaget) Ditt ansikt søker jeg, Kjære Siddhartha! Brev og samtaler i grenseland mellom Øst og Vest og Gåten Jesus. Én fortelling – mange stemmer (alle tre på Oriens forlag) og Stillheten og skriket (Vårt Land forlag).
  • Fylte 80 år i vår. Skriv for tida biografien om Karl Ludvig Reichelt, som etter planen skal komme ut i 2022, og fire bøker om japanske vandrepoetar (planlagt gitt ut i 2022 og 2023).

---

Tilbake i Noreg tilpassa Notto seg greitt, etter nokre innleiande vanskar, der han trudde arbeidarar som la hustak, var apekattar, og at leggbeskyttarar til bruk på fotballbanen var lange underbukser. Han gjekk i kyrkja, på bedehuset, i guteforeining og Ungdomsforbundets litt meir frilynte Ynglingen.

– Vi var ein del av den pietistiske tradisjonen, sjølv om vi var ein open heim med mange impulsar, fortel Thelle.

Orka ikkje å bli kristenruss

Familien flytta vidare til Oslo og Notto følgde etter kvart med broren Øystein i det kristne skulelaget på Oslo Katedralskole (Katta). Her blanda fromheita seg med forelskingar, leik og moro. Men Notto hugsar angsten for at nokon skulle komme inn og sjå dei mens dei låg på kne i bøn. Og han hugsar bønepresset: «No må du be!» Mot slutten av gymnasperioden kjente han at skulelaget var blitt for trongt, då Laget sette foten ned for eit fellesmøte med Gymnasiastforbundet.

– Eg var med i arbeidsutvalet for kristenrussen, men orka ikkje å bli kristenruss sjølv. Det var nok eit lite opprør.

Eg var med i arbeidsutvalet for kristenrussen, men orka ikkje å bli kristenruss sjølv. Det var nok eit lite opprør.

—  Notto R. Thelle

Opprøret var likevel ikkje større enn at ungdommen med glede las tidsskriftet Kirke og Kultur og lét seg inspirere av presten Alex Johnson og av den unge teologen Per Lønnings bøker.

Også den svenske forfattaren Pär Lagerkvist blei viktig for han, ikkje minst den historiske romanen Barabbas og den sjølvbiografiske Gäst hos verkligheten.

– Lagerkvist skriv om ein ungdom som må ut av den undertrykkande heimen sin og ut i det fri. Heimen min var mykje meir open, men nokre tema var likevel ferdigformulerte. Eg har i ettertid tenkt at den svenske forfattaren blei ein slags delegat for eit opprør eg sjølv ikkje klarte å formulere.

Notto Thelle

Fekk større frimot

Notto Thelle har heile livet hatt ein motstand mot ferdigtygde trusformuleringar, samtidig som han har hatt vilje til truskap mot den kristne tradisjonen. Denne finstemte kombinasjonen førte han naturleg inn på teologistudiet, på Teologisk fakultet, etter at han ei stund hadde vurdert å begynne på arkitekturstudiet i staden.

– Eg måtte studere teologi for å finne ut av kva eg eigentleg trudde på, seier Thelle.

På studiet oppdaga han at tru var mykje meir enn ein ferdigdefinert pakke. Frimotet blei større.

– Samtidig gjekk eg igjennom dei tradisjonelle krisene. Kan eg bli prest? Trur eg eigentleg på dette? Kan eg stå for det? Dei spørsmåla var eg ikkje ferdig med då eg var ferdig uteksaminert, heller.

Eit spørsmål som opna vegen vidare for Thelle, fekk han av praktikumsrektoren sin, Stephan Tschudi, på avslutningsdagen.

– Notto, sa han, er du glad i menneske? Det var ei utruleg viktig påminning om kva det er å vere truande, prest og teolog. Spørsmålet har følgd meg vidare i livet sidan då.

Etter eit år som feltprest i militæret, bar det vidare til England og deretter Japan for studium i japansk. Thelle skulle bruke dei neste seksten åra av livet sitt som misjonsprest i landet der sola står opp, utsendt frå den dialogiske misjonsorganisasjonen Areopagos. Tanken om at Gud har sett sine spor også i andre religionar, var ein sentral nerve i misjonsarbeidet.

– Eg har ein bodskap å formidle, men denne bodskapen må både formast og informerast i møte med den andre. Formidlinga må skje i dialog med kulturen vi formidlar i. Ein kvar misjonær må vere dialogisk, seier Thelle.

Denne tilnærminga har likevel ikkje vore gangbar misjonsmynt i alle miljø, noko Thelle for tida skriv om i ein Karl Ludvig Reichelt-biografi som etter planen kjem ut neste år, med arbeidstittel Misjonæren som kom inn fra kulden.

– Ola Hallesby meinte at Reichelt forkynte eit amputert evangelium som verken kunne frelse asiatar eller nordmenn. Då far min drog ut som Reichelts nære medarbeidar, gret farmor seg i søvn om natta fordi ho trudde at far ville gå fortapt, fortel Thelle.

Inspirert av Ibsen og zen-meisteren

Sjølv har han tatt teologisk doktorgrad på forholdet mellom buddhisme og kristendom i Japan, eit forhold som har gått frå konflikt til dialog. Dialoginteressa, som pregar Thelles eige verke og liv, har på sett og vis alltid vore med han. Men ho blei inspirert i ungdommen då han las Henrik Ibsens skodespel Keiser og galileer, der fyrst Julian studerer hos dei heidenske filosofane for å vinne over filosofien.

– Altfor banalt sagt må ein lære buddhismen å kjenne for å vinne over buddhismen. Men ein kan ikkje utnytte dialogen som eit knep for å ta den andre. Ein må ta sjansen på å sjå kva som skjer. Julian, på si side, blei den fråfalne. Mens ein misjonær skriv seg inn i den andre si historie, slik den andre også skriv si tru inn i mi formulering av tru.

For Thelle var det viktig å gå så langt i dialogen at han sjølv fekk vegleiing av ein buddhistisk zen-meister. Misjonspresten ville praktisere zen-meditasjon, ikkje berre for å auke forståinga for buddhistisk tradisjon, men også for å skrape bort det overflatiske i sin eigen kristne tradisjon.

– Tru er det som lever når det siste ordet er sagt, når musikken stoppar. Når alt anna forstummar, vibrerer trua vidare. Dette var noko eg lærte i møte med zen-tradisjonen, som eg eigentleg burde visst frå før.

– Du lærte om di kristne tru av zen-meisteren?

– Ja. I den første samtalen vår spurte han meg: Kvifor kjem du hit? Har ikkje kristne også meditasjon og bøn? Eg svarte at eg håpte å kunne lære noko likevel. Då sa han: Det regner i dag. Sei meg, er det buddhisme eller kristendom som regnar? Eg kom ikkje på noko svar. Til slutt lo han berre og sa: Det ganske enkelt regnar. Spørsmåla våre kan ofte fjerne oss frå det fundamentale, det å vere.

Tru er det som lever når det siste ordet er sagt, når musikken stoppar. Når alt anna forstummar, vibrerer trua vidare.

—  Notto R. Thelle

Thelle tenker seg om litt.

– Det er det merkelege med tru, seier han.

– Vi er avhengige av orda. Det er orda vi lever i. Heile det kristne språket handlar om samtalen, ord, relasjonar, fellesskap. Den kristne trua er ikkje der utan orda. Samtidig blei eg i møte med buddhismen minna om at Gud aldri lar seg fange i ord. Gud er alltid større. Han sprenger kategoriane våre.

Notto Thelle

Levande ord

Det er dei levande orda som skaper tru, meiner teologen. Poesien, forteljingane. Der mottakaren sjølv kan fortelje vidare med sitt eige liv.

– Det er vårt privilegium som kristne at vi har dei fantastiske forteljingane i Bibelen. Eg har lese mange buddhistiske sutraer, mange av dei er utruleg kjedelege i forhold. Vi har lett for å gløyme kor mykje kraft det er i bibelforteljingane. Dei går på tvers av språk, kultur, religion, geografi og møter folk – pang! – midt i livet.

Thelle har møtt buddhistar som har lese dei bibelske evangelia og uttrykt: Dersom dette er kristendom, er eg ein kristen.

– Kva tenker du om di eiga tru? Kva er det som har skapt trua i deg?

– Det nok mange ting. Fellesskapet, gleda, gudstenesta. Evangelia. Forteljingane om Jesus. Kva er identitet? Det finst mange fasar i livet, der vi kan vere på veg ut av trua, på veg inn i trua. Eg tenker ofte på løken, som består av lag på lag. Det finst ikkje ein ferdig formulert kjerne. Men trua mi er heile den løken.

Thelle tenker vidare utfrå den svenske poeten Tomas Tranströmers skildring av årringane i eit tre:

– Kanskje er det ikkje dei gode åra i livet og trua som gir styrke, med dei åra der det har vore karrig. Eg vedkjenner meg alle ringane. Trua er ikkje berre den religiøse delen av livet mitt, det er eit kjempeunivers som har rom for alt. Ho gjenkjenner også buddhisten i meg, og ateisten.

Trua må ha plass til motsetningane

Teologen brukar omgrepet «ei større tru». Trua rommar meir enn snevre dogme og definisjonar. Ho er rom på rom, eit vidstrekt landskap.

– Ei større tru har plass til alle motsetningane i livet. Ho tek inn tvilen og trua, skepsisen og jubelen, himmelen og helvetet i ditt eige liv. Dersom trua ikkje har plass til alt dette, veit eg ikkje om ho kan bety så mykje for oss. Men trua rommar både stilla og skriket – den gode stilla, den vonde stilla, jubelskriket og angstropet. Alt høyrer med. Mange har behov for å sprenge dei små romma dei kjenner seg fanga av.

– Bibelen gir jo sjølv uttrykk for ei større tru: Han rommar nær sagt alt, frå smerta og desperasjonen i det djupaste mørkret til jubelen i det strålande lys?

– Ja, det er enormt! Det er også mykje meir drama i folk si tru enn vi ofte tenker over. Men tradisjonell kristendom har ofte vore redd for å opne opp for dei vanskelege spørsmåla, og ikkje minst for ekstraordinære erfaringar, som møte med englar, draumar eller visjonar.

– Har kristne vore for redde for overtru? For at eins eige standpunkt skal rakne?

– Ja, veldig. Mange kristne har vore redde for det ein har sett «ein fare ved».

---

4 raske

  • Gud er: Livsens kjelde.
  • Eg klarer meg ikkje utan: Bortsett frå Mona og familien, må det kanskje vere poesien.
  • På gravsteinen min skal det stå: Takk for alt.
  • Boka alle må lese: Gabriel Scotts Kilden. Eg er for godt oppdradd til å anbefale eigne bøker, men gjer det likevel: Gåten Jesus.

---

Lærte gjestfridom hengande utfor stupet

Ei av Thelles sterkaste opplevingar, var ei buddhistisk pilegrimsvandring til toppen av eit fjell, der vandrarane på slutten blei hengt utanfor stupet og stilt spørsmålet: «Vil du gi livet ditt for å søke oppvakninga? Vil du gi livet ditt for å følgje Buddha?»

– Så spør buddhistmeisteren meg, han visste at eg var kristen: «Vil du gi livet ditt for å skape fred i verda? Vil du gi livet ditt for å følgje Jesus?» For ein gjestfridom! Dette er på mange måtar Bibelen, evangelia. Jesus tek imot alle, også dei verste syndarar. Kvifor er ikkje heile den kristne kyrkja gjestfri på same måte, at ho gir rom for menneska der dei er?

– Kva har det gitt den kristne trua di å ha den openheita overfor andre religionar, og då særleg buddhismen, som du har hatt gjennom livet?

– Eg har lært at Gud ikkje er langt borte frå nokon av oss. Eg skal ikkje definere ein buddhist inn i mi kristne tru, men eg opplever at mange av dei er menneske som er nær Gud. Buddhismen har også lært meg å snakke ærleg om tilværet, om kva ting eigentleg betyr. Han har lært meg å skjere bort fromt prat.

I buddhismen heiter det at «blomsten opnar seg i stupet». For Notto Thelle heiter det like mykje «ære vere Gud i lågaste» som «ære vere Gud i det høgste».

– Uansett kor djupt vi fell, er Gud der.

Thelle ønsker rett nok ikkje å dvele for lenge ved at vi menneske er sprukne leirkar, ein syndserkjennande biletbruk som har stått sterkt i evangelisk-luthersk og ikkje minst lågkyrkjeleg tradisjon. For han inneber evangeliet i endå større grad at vi skal få kunne reise oss i vår fulle høgde, og stå oppreist.

– Jesus seier ikkje til folk at dei er syndarar, det veit dei godt sjølv. Men han rekker handa ut og reiser dei opp, før han ofte seier: Gå bort og synd ikkje meir. Det fleste av dei er jo offer for andre sine synder. Jesus ser dei, gir dei verdigheit og reiser dei opp.

Notto Thelle

På eit tidspunkt i livet kjente Thelle det som om han ikkje levde eit liv som var hans eige. Han omtaler det som ei klassisk «midtlivskrise». Det blei avgjerande for han å finne nokon han kunne snakke med. Etter kvart fann han ein ståstad der han kunne vere tru mot seg sjølv og på nytt sjå andre menneske inn i auga. Han blei reist opp.

– I dag er eg ganske trygg, seier mannen som fylte 80 år i vår.

– Samtidig veit eg at menneskesinnet går i bølgjer. Eg kan kjenne på motløyse, men eg er avslappa med at eg ikkje kjenner alle svara. Dei får eg aldri, sjølv om det også kan vente nye innsikter bak neste sving.

– Kva er vanskelegaste ved å involvere Gud i livssynet ditt?

– Det er så mykje som ikkje stemmer.

– Kva då?

– Vondskapen. Råskapen. Korleis kan vi tru på ein Gud som lar ting skje – om det er det Gud gjer? Det er inga lettvint tru. Menneske kan gjere godt, men også mykje vondt. At vi er skapte i Guds bilete, er ein påstand som blir problematisert kvar einaste dag. Korleis kan vi påstå at det gode vil sigre?

– Korleis komme i rette med det?

– Akseptere paradokset. Eg siterer ofte Václav Havel: Eg er ikkje optimist, for eg veit ikkje korleis det vil gå. Eg er heller ikkje pessimist, for eg veit ikkje korleis det vil gå. Eg har berre eit håp. Og eg takkar Gud for denne gåva.