Midt i Bobbysocks-kaoset blei ateisten Hanne Krogh kristen: – Som å lande etter ein ekstrem turbulens

Hadde du festa ein aktivitetsmålar på hjernen til Hanne Krogh, ville du sett at venstre hjernehalvdel jobba på høggir. Den folkekjære artisten les titusenvis av sider i året, tørster etter kunnskap og rotfester det meste i rasjonalitet.

– Det er nok det eg har kjempa mest med. Intellektet har stått i vegen for trua til tider.

Men når det kjem til tru, koplar artisten ut venstre hjernehalvdel – for å setje det på spissen.

– I trua mi er det mange spørjeteikn. Men så lenge dei spørjeteikna er der, er eg viss på at eg ser ein flik av noko.

Hanne Krogh. Min Tro

65-åringen, med den krittkvite panneluggen og dei markerte, runde brillene kvir seg litt for å setje ord på denne store krafta ho kjenner. Når me prøver å fange Gud i våre omgrep, så er det jo ikkje Gud lenger, seier ho.

– Noko av kjernen for meg, er å berre gi seg over, og oppriktig kvile i «skje din vilje». Men det er også det vanskelegaste.

Sjølv om det til tider er ei krevjande øving, opplever Krogh at overgivinga set henne fri. Med Jesus i livet veit ho at ikkje alt ligg på hennar skuldrer.

Men Hanne Krogh måtte bli over 30 år, og ha blytunge laster på skuldrene, før ho fann trua si. Langt vekke heimefrå opplevde Bobbysocks-stjerna å kome heim.

Ei tru som ikkje begrensar

På motsett side av det nesten tre meter lange, massive trebordet sit ein godt innepakka skapnad denne vinterdagen. Sjølv på kjøkkenet på Frogner i Oslo må Hanne Krogh ha på seg boblejakke og vintersko. «Jeg hater å fryse», lydde ein av sms-ane i forkant.

Leilegheita i ein av hovudstadens flottaste bydelar – med rosett, stukkatur og store vindauge – liknar lite på romma ho vaks opp i. Det sit fortsatt langt framme i Kroghs identitet at ho er «frå blokkene». På pikerommet hang kitsch-bilder av Jesus over senga, og på sengekanten blei ho lese kveldsbøn for. I fleire år gjekk ho på sundagsskule, «som alle andre», men familien «gjekk ikkje i kyrkja på julafta ein gong».

Hanne Krogh. Min Tro

18 år gamle Hanne var like ved å melde seg ut av statskyrkja. Hadde det ikkje vore for moras sterke ønske om at ho skulle bli – mora som hadde gjort «alt» for ho – hadde ateisten Hanne Krogh markert avstanden. Den kristentrua ho kjente til, var ein religion full av formaningar om ting ein ikkje kunne gjere, og ein skarp peikefinger mot rett og galt. Og med ein aktiv venstre hjernehalvdel, virka det usannsynleg at det skulle finnast noko uforklarleg, universelt – og godt.

Men under eit opphald i Los Angeles gjekk det ikkje lenger an å definere seg som ateist.

– Der møtte eg kristne som brukte trua si som eit høve til kva dei kunne gjere, snarare enn alt ein ikkje kunne gjere. Blant desse menneska fann eg språket mitt, seier ho.

For meg er det å utestenge andre menneske det motsette av kristen handling.

—  Hanne Krogh

Landa etter turbulens

Året er 1987. Hanne Krogh er 31 år, og har vore i rampelyset sidan ho som 15-åring vann Melodi Grand Prix med Lykken er. Sidan då har ho blitt folkekjær som Sonja i Reisen til julestjernen, og to år tidlegare har ho og «Bettan» fått heile Europa til å swinge. «Bobbysocks-køyret» står på som best, og verst.

– Det var ei tid som var utruleg gøy. Men eg var uendeleg sliten.

Bildet viser Elisabeth Andreasson og Hanne Krogh på scenen i 1985.

Ho og Elisabeth Andreassen har reist til USA for å spele inn plate. Produsenten høyrer til miljøet rundt Koinonia, og pastor og gospellegende Andraé Crouch. Krogh får møte ein gjeng som er sprudlande og multikulturell, og som lever i trua på ei kraft.

– Det var som å lande etter ein ekstrem turbulens. Kjensla av å kome heim, sjølv om eg var på andre sida av jorda, var utruleg sterk.

Hanne Krogh trefte eit språk som fekk trua på Gud til å gi meining. Krafta ho kjente på, var større enn kategoriane ho kunne bruke ord på å skildre. Og det slo ho seg til ro med. Behovet for å rasjonalisere – intellektualisere – blei overgått.

---

Hanne Krogh

  • Tittel: Artist
  • Alder: 65
  • Bakgrunn: Frå Lambertseter i Oslo, oppvaksen i Haugesund
  • Sivil status: Gift, to barn og to barnebarn.
  • Aktuell med: Hver gang vi møtes på TV2, og soloshowe til hausten.

---

Barnleg og naiv? Gjerne!

– Kanskje er det berre eit ønske, kanskje er det berre eit håp... Men så fint, då! Trua har då inga nedside, konstaterer Krogh.

Ho modererer seg litt. Å overgi seg er ikkje det same som å ikkje ta ansvar for seg sjølv og andre.

– Eg ønsker å ha eit vitne til livet mitt, og leve med at handlingane mine har konsekvensar. Sjølv på dagene eg tviler mest, held eg fast ved det. Eg trur det gjer meg til eit betre menneske.

– Kva konsekvensar tenker du på?

– Det er så enkelt og daglegdags som at eg står til ansvar for å oppføre meg ordentleg. Eg pliktar å vere god. Og så er det ikkje alltid eg klarar det – eg er jo berre eit menneske.

Hanne Krogh. Min Tro

Like lunt som Hanne Krogh smiler, snakkar ho om andre folk. I «kjærleikens evangelium» finn ho ein respekt for enkeltmennesket. Guds universelle kraft handlar om godheit og kjærleik, trur Krogh.

– Når me uttrykker dette i ord, blir det så lite, så barnleg og naivt. Men då ønsker eg å vere barnleg og naiv.

I dei barnlege assosiasjonane kjem ho på kitch-bildet som hang over senga på pikerommet: Jesus som passar på mens ein går langs fjellskrenten.

– Eg vel å tru at det faktisk er sånn.

Når religionen hindrar kjærleik

Både før og no finst det ein ambivalens i Hanne Krogh når det kjem til religion. Når ein til tider har sett trua i eit system, med dikterande leiarar på toppen, har ho blitt misbrukt.

– Idet religionen får den sterke krafta han kan få, har han blitt smidd til våpen av folk som ønsker makt, og brukt til å undertrykke.

Lenge blokkerte den uhyggelege blandinga mellom religion og makt Kroghs vilje til å tru. Kristendommen som blei brukt til å fordømme basert på «rett» og «galt», virka lite innbydande.

– For meg er det å utestenge andre menneske det motsette av kristen handling.

Hanne Krogh. Min Tro

Korleis kyrkja behandla diskusjonen rundt homofile har hatt mykje å seie for Krogh. Fortsatt synest ho dette er ei viktig, og vrien, sak. Slik ho ser det, finst det inga sil for kjærleik, iallfall ikkje i Jesu namn.

– Viss me hindrar menneske i å gi eller å ta imot kjærleik, så nektar du dei samtidig å ta imot kjærleiken frå Gud, trur eg.

– Å nekte menneske å inngå forpliktande samliv med den dei elskar, synest eg ikkje er kristne menneske si oppgåve. Tvert imot.

Sjeldan vare

For å kome fram til kva denne kjærleiken heller er, peiker Hanne Krogh på det vesle og sårbare jesusbarnet, han som blei fødd nedst på rangstigen.

– Det er noko utruleg vakkert i at vår veg til Gud går via eit lite barn, fødd av ei ugift mor. Tenk at vår stige til Gud går via han! Det er noko anna enn å tilbe han som sit øvst på trona.

I kvardagen får trua næring i bønnegruppa ho er med i. Nesten kvar måndag møter ho ein gjeng frå musikkbransjen i «det mest lyttande fellesskapet» ho veit om. Dei har ulike tilnærmingar til tru og tvil – men saman diskuterer dei og ber. Her kan Krogh kome med alt som er.

Hanne Krogh. Min Tro

Kor lenge er det dei har haldt på igjen? Ho må tenke seg om. Ti år, femten år? Krogh drar fram iPhonen, blar igjennom kontaktlista og trykker «ring». Ho bryt ut i eit entusiastisk «Heeeei! Korleis går det med deg?» då samtalen får svar i andre enden.

– Fy søren? Er det så lenge? Snart 19 år, rett og slett... Der ser du.

«Det er dette som er kyrkjelyden min», seier Hanne Krogh idet ho legg på.

– Utanom at me alle driv i denne rare bransjen, kjem me frå veldig ulike stader. Å få vere i eit fellesskap som er oppriktig interesserte i kvarandre sine synspunkt, trur eg er sjeldan vare i samfunnet.

---

4 raske

  • Gud er: Det eg ikkje kan skildre. Men viss noko: kjærleik.
  • Eg klarer meg ikkje utan: Bøker.
  • På gravsteinen min skal det stå: Dette er ein feil.
  • Boka alle må lese: Viss ein skal forstå poesi, bør ein ha lese Bibelen.

---

Samlar på glede

På eit vanleg år speler Hanne Krogh om lag 100 konsertar. I fjor fekk ho berre stå på scenen 14 gonger. I mangel på arenaen kor ho hentar mest gnist frå, opplevde ho å miste ein del av seg sjølv.

Men: Det er verkeleg ikkje er synd på henne under pandemien, er ho snar med å understreke. Artisten har trass alt ei 50 år lang karriere bak seg.

– Eg er aller mest uroa for dei unge som skal bygge fundamentet for resten av livet sitt no. I nesten alle generasjonar har ein levd med trua på at «vår tid blir betre». Viss det framtidshåpet blir borte frå ungdommen no... Det fryktar eg.

Skjebnene går inn på Krogh. Ho ser dei som ikkje får brukt utdanninga si, dei som står utan jobb, dei som ikkje får vakse som menneske i sosialt samver,og dei som ikkje får funne seg ein partnar. Dei unge som i det mistar alle arenaar som hjelper dei å finne ut kven dei skal vere – samtidig som hormona svirrar rundt.

Hanne Krogh. Min Tro

65-åringen meiner likevel at det er grunn til å halde håpet i live. Det er dei vaksne sitt ansvar å bruke alle kreftene sine på på no.

– Eg likar å bruke dei tre store orda om livet: tru, håp og kjærleik. Trua og kjærleiken er gitt oss, mens håpet, det er vårt. Håpet kan me menneske gjere noko med, og er noko av det viktigaste me har.

Hanne Krogh trur på «krafta av glede». Den samlar ho på – nærmast konserverer – og prøver å gi vidare.

– Me har alltid visst at mørke og alvorlege dagar kjem. Den einaste måten me kan hente styrken til å møte dei på, er å ta imot gleda kvar gong ho er der.

Viss det ikkje er noko som er større enn meg… Det orkar eg ikkje, altså

—  Hanne Krogh

Utan tru er livet keisamt

Som 65-åring har Hanne Krogh i mange år levd godt med at «det einaste eg veit, er at det finst noko som eg ikkje veit».

– Viss eg ikkje trur på det, blir dette livet for keisamt. Viss det ikkje er noko som er større enn meg… Det orkar eg ikkje, altså, seier ho og ler.

Når ho faldar hendene for å be Fader Vår, er det eitt ord ho nærmast kviskrar. Ho nesten snik det inn på slutten. Det ordet har vore klargjerande for trua til Hanne Krogh:

– I staden for «makta og æra» kviskrar eg «krafta og æra». Det ordet har eg tatt frå antroposofane.

Makt og kraft er eigentleg same ord, forklarar Krogh.

– Men der kor makt tynger deg ned, løfter krafta deg opp.