Ber om Guds hjelp

– Eg er veldig glad i jula. Det er ei viktig tid som eg alltid ser fram til, seier Bent Høie.

Vi har fått audiens i Helsedepartementet midt i eit hektisk førjulsprogram. Høie går for å vere ein ganske avbalansert og roleg person, men vi merkar drivet berre på måten han går i trappene på. Sju etasjar ned, sju etasjar opp igjen. I tillegg er nok trappa mindre smittefarleg enn ei trong heis.

Helseministeren skal feire jul på hytta saman med ektemannen, Dag Terje Klarp Solvang, i år. For første gong, på grunn av koronasituasjonen, blir det berre dei to på julaftan. Vanlegvis feirar dei annakvart år saman med foreldre og svigerforeldre.

Tidlegare brukte dei også å ta med seg nevøar og nieser i kyrkja på julaftan. Det har dei ikkje gjort dei seinaste åra.

– Men julebodskapen er der likevel, seier Høie.

– Kva betyr julebodskapen for deg?

– Eg er kristen, og jula er saman med påska den viktigaste høgtida vi har. Jula minner oss om at Jesus blei fødd, og betydinga av Jesu fødsel for oss alle. Ho bidrar til å knytte oss saman, uavhengig om du trur eller ikkje. Verdien av å ha eit samlingspunkt rundt ein positiv bodskap som har prega landet vårt så mykje, er stor.

---

Bent Høie

  • Helseminister.
  • Kjem frå Randaberg.
  • 49 år.
  • Gift med Dag Terje Klarp Solvang.
  • Kontinuerleg aktuell i nyheitsbiletet.

---

Vaks opp i bedehusland

Høie har vore kristen heile livet. Han vaks opp på Randaberg i Rogaland, ein stad der du ikkje kan vekse opp utan å komme i kontakt med tru og kristendom. Bedehusa stod tett, og folk høyrde til ulike kristne forsamlingar, sjølv om mange også var medlemmar av Den norske kyrkja, som Høie sjølv.

– Eg brukar å seie for spøk at om du bur på Randaberg og er medlem i Den norske kyrkja, så er du heidning, humrar han.

Han fekk med seg bibelhistoriene også gjennom søndagsskule og barneforeining. Som så mange andre har han eit nært forhold til flanellografen, og til gullfiskar for godt oppmøte.

– Kva slags bilete fekk du av Gud i oppveksten?

– Eg fekk eit positivt bilete av Gud. Familien min var ikkje aktive i nokon kyrkjelyd, men var opptatt av å formidle at kjærleiken og det å bry seg om andre var det viktigaste. Eg er veldig takknemleg for verdiane eg fekk med meg frå foreldra mine. Det fanst andre i miljøet eg vaks opp i, som var meir opptatt av å dømme andre og lage smale rom for kva som var akseptabelt. Dei hadde heilt andre gudsbilete, noko eg merka meg som ung, seier Høie.

– Du er sjølv homofil. Var dette noko som var vanskeleg for deg i møte med ulike kristne miljø?

– Eg stod ikkje fram som homofil før eg var 25 år. Då var mykje rundt meg endra, og eg sjølv hadde eit heilt anna fundament i livet. Å stå fram på ungdomsskulen hadde vore vanskeleg.

---

4 raske

  • Gud er: Tryggleik.
  • Jeg klarer meg ikke uten: Dag Terje.
  • På gravsteinen min skal det stå: Han gjorde så godt han kunne.
  • Boka alle må lese: Bibelen.

---

Tjue år med ektemann

Helseministeren hugsar at det blei undervist frå kateteret at homofili var syndig, at ingen var fødde homofile, men at det var ein mote som hadde spreidd seg frå dei engelske kostskulane.

– Eg hadde ikkje ei veldig klar oppfatning den gongen om at eg var homofil, men eg syntest ikkje det som blei sagt, var greitt. Det kunne ha vore øydeleggande. Heldigvis visste eg at familien min stod for andre verdiar, seier han.

Høie refererer til Arnfinn Nordbø, som også er vaksen opp på Randaberg, og som for nokre år sidan skreiv boka Betre død enn homofil? Han trur at Nordbø, med sin lågkyrkjelege bakgrunn, har hatt stor betyding for at situasjonen for mange homofile er annleis i dag.

– Mykje større betyding enn at eg blei open om det.

Høie gifta seg – inngjekk partnarskap, som det heitte den gongen – i år 2000, så det er allereie eit par tiår sidan. Han fekk sin Dag Terje, som det heitte på framsida av Rogalands Avis, i Lars Oftedals gamle bedehus i Stavanger, omgjort til revyscene.

– Det var ikkje veldig vanleg å inngå homofile partnarskap i 2000, så det fekk merksemd. Men eg hugsar at eit av spørsmåla i Rogalands Avis var: «Gir ein gåve i eit homobryllaup?»

Bent Høie ler.

Dette spørsmålet hadde neppe blitt stilt i dag. Derimot måtte paret ha hatt ein grunnleggande diskusjon på om dei ville gifte seg i kyrkja eller ikkje. Det var ikkje mogleg for tjue år sidan. Høies ektemann var heller ikkje medlem av Den norske kyrkja, så den human-etiske seremonien passa dei godt.

Helseminister Bent Høie

Styrka forhold i tøff tid

– Kor viktig er det å ha ein støttespelar på heimebane når det stormar i jobben din?

– Det er veldig viktig. Det er ein enorm styrke å vere to, ikkje minst i året som har gått. Og så har også vi fått oppleve at det blir ei anna ro over det vi gjer saman. Forholdet er blitt styrka av å kjenne at vi har det godt saman, også når vi berre går og sullar i hagen.

Mens smittetala var låge i sommar, blei det nemleg tid til litt hagesulling for helseministeren som hadde sin første jobb som gartnar – kjent frå Bibelen som verdas første yrke. I haust har det vore verre – no har ektemannen så å seie tatt over dei grøne fingrane.

Det er ein krevjande jobb å vere helseminister midt i ein verdsomspennande pandemi.

– Korleis har det vore for deg å stå midt i dette, med alt ansvaret som du har?

– Det har vore ei tøff tid, det er det ingen grunn til å legge skjul på. Det er mykje ansvar, og mykje usikkerheit. Vi står i ein situasjon der vi veit altfor lite, samtidig som det ikkje kan hindre oss i å ta avgjerder. Desse avgjerdene har veldig negative konsekvensar. Og vi veit lite om kva slags tiltak som faktisk verkar, men har erfart at summen av tiltaka verkar.

– Er det vanskeleg å innføre tiltak som reduserer julefeiringa for folk, at dei ikkje får gått i kyrkja, til dømes?

– Ja, det er vanskeleg. Julegudstenesta er viktig. Men kyrkja har hatt høve til å lage nokre alternativ som gjer at folk kan får med seg nokre gode opplevingar. Og vi tenker at det kjem nye juler. Men gravferdene, der familien i tillegg til sorga må bestemme kven som får vere til stades, det får vi aldri gjort opp igjen. Alternativet hadde likevel vore verre.

Trur på nåde og frelse

Helseministeren insisterer på å framleis kunne synge «Deilig er jorden» til jul, med litt avstand. Han synest det var flott å vere med og synge den vakre og håpefulle salmen i ein video som Den norske kyrkja har fått mykje merksemd for no før jul. Skjønt, synge og synge – det blei kanskje mest «snakking» for Høies del. Men det set på ingen måte hindringar for den glade bodskapen, ein protest mot det vonde og truande, ei insistering på håpet.

Høies julehåp i år er elles tett knytt til vaksiner. Han synest det er fint å ha eit håp som er så handfast. Og så ligg det ein god symbolikk i at vaksinane er på veg no i juletider. Håpet kjem til oss.

– I juleevangeliet er Jesus dette håpet. Kven er Jesus for deg?

– Jesus er knytt til tilgiving, frelse og nåde, seier Høie.

– Jesus var alltid opptatt av andre. Han har vist oss dette for at vi skal prøve å gjere det same som han.

Høie meiner at nåden er å ha rom for å sjå andre, sjølv om dei gjer noko du meiner er feil. Menneske skal ikkje måtte leve med konsekvensane av feiltaka sine resten av livet. Han nemner blant anna bibelforteljinga om kvinna som blir gripen i hor, og korleis Jesus møtte henne.

– Vi skal ikkje vere så opptatt av å dømme og straffe, men heller av å forstå og hjelpe.

– Frelse, nemner du også. Kva er frelse?

– Frelsa er knytt til tilgiving gjennom tru. Vi menneske er i ein situasjon der vi ikkje alltid klarer å gjere dei rette tinga. Det ligg ein tryggleik i at vi kan bli tilgitt. Det er noko vi treng for vår eigen del, for å kunne leve med oss sjølve, men også for å kunne leve med andre. Viss vi ikkje har evna til å tilgi, kan vi ikkje leve med andre menneske.

Ber til Gud

Helseministeren ber regelmessig til Gud. Ikkje minst når han kjenner at livet er ekstra krevjande, som i situasjonen vi er i under pandemien. Han tiltaler Gud direkte. Og i bøna finn han styrke.

– Eg ber om å få hjelp til å handtere store og konkrete utfordringar. Om hjelp til å gjere gode val. For meg er det noko som er personleg viktig.

For Høie er også bøna noko trygt. Å ha høve til å samtale med Gud om dei vanskelege tinga i livet.

– Nokre gonger føler ein at ein handterer ting der ein kjem til kort. Då gir bøna tryggleik, seier ministeren som tidlegare i år også stilte opp på det kristne arrangementet Bønn for Oslo.

Helseministeren trur ikkje nødvendigvis at han hadde vore så mykje annleis som person dersom han ikkje var kristen. Verdiane hans ville vore nokolunde dei same. Likevel er trua viktig for han.

– Trua betyr mykje for korleis eg har det.

Høie trekker også fram Bibelen som ei viktig bok for han, både for han personleg, og for samfunnet i sin heilskap.

– Bibelen har stor betyding for korleis vi har det i dag og korleis samfunnet vårt er. Dersom ein ikkje ser det, går ein glipp av mange viktige samanhengar. Å lære om Bibelen er ein vesentleg del av å forstå og meistre samfunnet rundt oss, seier han.

Helseminister Bent Høie

– Tru er bra for helsa

– Mange i Norge er truande, mange er det ikkje. Går det an å seie noko om kor viktig tru er for folkehelsa?

– Eg har den oppfatninga at å tru er bra for helsa. I Per Fuggeli og Benedicte Ingstads bok Helse på norsk, som tek utgangspunkt i korleis folk sjølv ser på god helse, er eitt av ti helseråd at tru kan vere bra for helsa. Då vi laga vår første stortingsmelding om folkehelsepolitikk, tok vi med dette perspektivet. Det betyr ikkje at dei som ikkje trur, har dårleg helse.

Høie er kritisk til Verdas helseorganisasjons definisjon av god helse, som inneber totalt fråvær av fysisk og psykisk smerte og lyte.

– For dei av oss som trur, kan vi kanskje oppleve noko slikt i det neste livet, men ikkje i dette. Eg brukar å seie at dersom du finn meg i den tilstanden, er det for seint, humrar helseministeren.

– Ein betre definisjon på god helse er om du klarer å meistre livet ditt. Det vil vi nokre gonger trenge hjelp til å få til. For mange vil trua vere godt å ha for å meistre livet, spesielt i vanskelege tider.

Jesus som førebilete

– Bibelen snakkar om nestekjærleik. Synest du denne er blitt aktivert på ein god måte under pandemien?

– Eg meiner at nestekjærleiken er blitt mobilisert og står tydeleg fram. Ikkje minst er det mange eldre og sjuke som takkar for at vi andre ofrar så mykje for å beskytte dei. Dei opplever det som ein enorm solidaritet, i eit samfunn som har ein tendens til å dyrke det unge, friske og suverene menneske. Men alle menneske har like stor verdi, og vi er villige til å ofre mykje for å ta vare på kvarandre.

Jesus er såleis eit døme til etterfølging, meiner Høie, i måten han løfta fram dei svake gruppene i samfunnet på. Helseministeren blir stolt når han ser at også ungdommar i Noreg tar dette innover seg og ofrar noko av det viktigaste i sitt eige liv for å beskytte gamle og svake.

Då Høie sjølv var ungdom, besøkte han mormor si på eldreheimen kvar fredag, handla for henne og gjorde reint i leilegheita. Dei samtalte også mykje om tru, samtalar som var med på å grunnfeste den kristne trua i han.

– Mormor betydde mykje for meg.

Helseministeren håper han blir hugsa som ein person som tok vare på og betydde noko for sine nærmaste. Begge foreldra hans lever framleis, og han har to eldre søstrer – som dulla mykje med han då han var barn. Det er lett å merke at familien betyr mykje for han.

Ber oss om å halde fast ved kjernen

I den spesielle pandemisituasjonen vi er i, latar Høie til å vere flink til å tenke at jobben hans handlar mest om rolle og mindre om han sjølv som person.

– Så når folk er sinte på deg for at arbeidsinnvandrarar slapp karantene, til dømes, så er det ikkje noko som rammar deg personleg?

– Eg blir prega av kritikk og kritiske spørsmål, og kan bli frustrert dersom eg synest noko er urimeleg, men det er ikkje det som held meg vaken om natta. Eg er ikkje uberørt, men dersom eg blir for personleg berørt av kritikken eg får, vil det bli vanskeleg å fungere.

Kritikk høyrer med til ein ministerpost i regjeringa. Men Høie har også hausta mykje ros. Kanskje er det ikkje så viktig for han. Det viktigaste er å prøve å treffe dei avgjerdene som er til størst gagn for samfunnet og for oss alle.

Og no er han opptatt av at vi skal ta gode val for julefeiringa, der vi både kan glede oss over høgtida og unngå at smitten skyt i vêret over nyttår.

– Gjentakingane, og tryggleiken som ligg i det, er det viktigaste for mange i jula. Og nettopp dette er litt vanskeleg i år. Jula blir annleis, og vi ønskjer eigentleg ikkje at jula skal vere annleis. Alt skal vere slik det alltid har vore. Det er det som skaper jul. Men eg håper at folk klarer å halde fast ved kjernen. Denne gjentar seg også i år.