Templet var staden der Kaj-Martin Georgsen vaks opp. Ikkje heilt ulikt profeten Samuel i Bibelen, kunne ein kanskje tenke. Georgsens tempel var Frelsesarmeens hovudkvarter i Oslo. Foreldra hans var frelsesoffiserar og hadde «suppe, såpe og frelse» som sitt daglege virke. Der brukte også sonen all si ledige tid.
Faren var major, no er han sjølv blitt general. Førre veke begynte Georgsen som ny generalsekretær i CARE Norge, ein bistandsorganisasjon som jobbar for kvinners rettar. Suppe, såpe og mikrofinans er blant verkemidla når dei kjempar for fattige kvinner i fleire land i verda – både naudhjelp og langsiktig utviklingsarbeid. For å nå berekraftsmåla som er nedsett av FN, er det særleg viktig å hjelpe kvinnene fram.
– Kvinner spelar sentrale roller i heimane, i omsorgsarbeid og det uformelle arbeidslivet som finst i mange land. Det er ikkje slik det heiter i «Ja, vi elsker» at fedrane har kjempa og mødrene har grett – kvinner står ofte i førstelinja. Dei er i front når det kjem til det som er mest nødvendig og mest utsett, og er såleis også sårbare, seier Georgsen.
Han peikar til dømes på at kvinner ofte blir ramma hardare der det er dårlege sanitære forhold, at dei mange stader ikkje får utdanning, og at dei blir ramma av vald, både i heimane og i krig.
Tener på likestilling
I tillegg er det slik at økonomien i mange land tek skade av at kvinner står utanfor arbeidsmarknaden. Dersom kvinner får utdanning og arbeid, ser det raskt annleis ut. Difor tenker ikkje Georgsen at han går frå børsen til katedralen når han sluttar som direktør for samfunnsansvar og næringspolitikk i DNB for å begynne i CARE.
– I botnen handlar det om menneskerettar. Men eg ønskjer også å løfte fram at vi tener på det, seier han.
Med solid erfaring frå politikk og næringsliv ønskjer Georgsen å få med seg både sivilsamfunnet og næringslivet i kampen for kvinners rettar. Ikkje minst kjem han til å prioritere å utfordre menn til å vere rollemodellar. Som mannleg leiar av ein hjelpeorganisasjon for kvinner er han sjølv eit døme på det.
– Eg har sjølv vakna opp og sett at likestillinga ikkje er komen så langt som eg trudde, og iallfall ikkje internasjonalt. Eg trur mange menn tenker det, at no har vi likestilling. Men det ligg noko strukturelt der, som liknar det vi har sett med Black Lives Matter og MeToo. Og fleire stader går likestillinga endåtil i gal retning, som i Polen og USA.
Sirkus med frelse
Nokre av dei same strukturane har Georgsen også opplevd i det kristne miljøet han vaks opp i, sjølv om han ordlegg seg forsiktig. Det var til dømes lite rom for mor hans å bruke seg sjølv fullt ut, å ha ein sjølvstendig karriere. Ho valde difor å ta hjelpepleiarutdanning i godt vaksen alder. Ho tek framleis vakter, sjølv om ho no er blitt over 80 år.
– Det heiar eg på, seier Georgsen.
Som barn av ein frelsesoffiser måtte han i barndommen ofte synge songar eller lese tekstar for eit eldre publikum. Han kallar det litt spøkefullt for «ein sirkusfamilie på tur». Og han har spela alt frå kornett til tuba og slagverk.
– Du kan ikkje vere med i Frelsesarmeen utan å bli kasta ut i det der. Det er ein del av pakka.
---
Kaj-Martin Georgsen
- 47 år
- Bur i Oslo
- Gift med Per Härdmark
- Ny generalsekretær i CARE Norge
---

CARE-generalen skildrar oppveksten som god og fin. Han var med i kor, speidar og ungdomsklubb i Templet. Han var på leirar om somrane og til påske. Som homofil opplevde han likevel at spelerommet i den kristne forsamlinga var noko avgrensa, sjølv om han ikkje kjente på ubehag eller vanskelege situasjonar. Miljøet og kristendomen som blei forkynt var ikkje fordømmande, presiserer han. I ettertid har han likevel sett at det fanst nokre ekskluderande trekk der: Det var greitt å vere homofil så lenge ein ikkje snakka om det.
– Det var tydelege kriterium for kva som var det rette livet, både når det gjaldt seksuell legning, kva du drakk og åt og kva du gjorde på privaten. Då blei det også mindre rom for mangfaldet.
Fekk nytt spelerom
Han opplevde det som frigjerande å flytte til Frankrike for å studere i 18-årsalderen. Der kunne han starte på nytt. Det kulturelle rommet blei vidare.
– Eg husar at eg tenkte: Å, så digg at ingen kjenner meg! Eg kunne lage mine eigne band som hadde eit anna utgangspunkt. Det hadde ikkje vore ei tvangstrøye for meg, men det blei viktig å redefinere og finne nye og andre typar relasjonar.
Endåtil namnet blei nytt. På fransk heitte han Martin, ikkje Kaj-Martin. Men han kunne vere seg sjølv 100 prosent.
Noko oppgjer med bakgrunnen sin eller med den kristne trua har han ikkje kjent noko presserande behov for. Men han skulle ønske at fleire kristne miljø tok eit oppgjer med kulturar og strukturar som gjer at somme synest livet er lettare å leve på utsida, sjølv om dei framleis er truande. Slik er det for han, han trur framleis på Gud.
Det var tydelege kriterium for kva som var det rette livet.
— Kaj-Martin Georgsen
– I dag har eg mi vaksne tru, som er litt annleis enn trua eg hadde då eg var barn. Kanskje hadde eg ikkje vore truande om eg ikkje hadde hatt den oppveksten eg har hatt. Men trua er eit medvite val, seier han.
Tilgiving og kjærleik
– Kva er kjernen i den trua du har i dag?
– Nåde. Eg hugsar framleis den oppvakninga eg fekk rundt omgrepet nåde, i Templet i Frelsesarmeen. Då fall mykje på plass for meg. Eg kan ikkje uttrykke det så elegant, men det er på den måten eg finn min eigen plass i universet. Og eg ønskjer at nåden også skal prege min måte å vere på overfor andre.
– Kva er nåde for deg?
– Nåde er både tilgiving og kjærleik. Når ein aksepterer at vi menneske er syndarar – vi er aldri perfekte – så treng vi tilgiving. Samtidig kan kjærleiken gjere oss til heilare menneske og gi oss tryggleik om at det ikkje berre er éin måte å vere kristen på.
Han presiserer at han med det ikkje meiner at «alt er greitt», men at det går an å ha ulike syn på korleis liv skal levast. At ein kan ha ei tru over det heile som gir same retning og same mål. Då må vi samtidig klare å skilje mellom gudspakka og kristenmiljø-pakka.
– Kva tenker du om Gud? Kven er Gud?
– Eg har ikkje noka sterk førestelling om det. Eg veit heller ikkje om det finst éin Gud som er større enn kristendommen. Det er eit spennande spørsmål, men det blir fort litt teoretisk. Eg ser fort for meg ein stor far med stort, kvitt skjegg, men i det daglege er det litt lettare å stø seg til Jesus. Jesus stod for tilgivande kjærleik, og det er sterk symbolikk i at han gjekk rundt blant menneska på jorda. Vi er alle ein del av verda og må gå inn i vår eiga tid.
Georgsen er ikkje overvettes begeistra for at Jesus valde seg ut tolv mannlege disiplar, men ser det samtidig som eit uttrykk for den tida han levde i. Då ligg det samtidig ein sterk appell til oss som lever i dag om å vere ein del av samfunnet her og no.
– Det finst ei guddommeleg kraft, treeininga, som er i æva, men som samtidig møter dei menneska som er akkurat her, akkurat no. I dag ville ein sagt at det er eit sterkt kommunikativt grep. Vi må bruke dei verkemidla vi har, og dra ting i rett retning. Spele med det laget ein er sett til å trene. Jesus var radikal, men han hadde ikkje klart å utrette det han gjorde om han hadde vore så radikal at ingen valde å høyre på han. Vi må utfordre, og samtidig sørgje for at vi får gjennomslag.
Ber til Gud
Georgsen ber til Gud, ofte om dei nære ting: situasjonar og menneske. Han seier elles at han ikkje er så flink til å gå på gudstenester, men at han har ein hang til det sakrale. Han har stor sans for det bibelske påskedramaet. Og han synest det er trist å komme til stengt kyrkjedør. Han vil gjerne inn; inn til stilla og kjensla av ei lang historie, om ikkje noko uendeleg. Kyrkjerommet gir han ei ro som gjer det lettare å tenke større tankar enn å dra fram mobilen og finne fram til nærmaste kaffibar.
– Eg er litt konservativ der, så eg likar best dei gamle kyrkjeromma. Dei har noko som arbeidskyrkjene ikkje har, sjølv om også desse på sett og vis går inn i si tid.
– Du finn ro i kyrkjerommet. Kvar finn du elles ro?
– Eg har ikkje så stort behov for å finne meditasjonssoner, men eg likar å springe. Eg har til dømes brukt å vere med på halvmaraton i Gøteborg, det er fint å ha eit mål. I år var det avlyst og forma er dessverre dårlegare. Men eg koplar gjerne av ved å sitte på balkongen eller gå ein tur. Då skrur eg av mobilen, for å unngå å bli forstyrra. I vår tid kan tankerekkene av og til bli utruleg korte.
---
4 RASKE
- Gud er: Rausare enn vi ofte trur.
- Klarer meg ikkje utan: Paris-tur i ny og ne.
- På gravsteinen min skal det stå: Det overlèt eg til dei etterlatne. Den risikoen tar eg!
- Boka alle må lese: Henrik Ibsens Et dukkehjem.
---

Vekt av Ibsen
Georgsen har vore svoren Ibsen-entusiast sidan ungdommen. Henrik Ibsens dramatikk spela ei sentral rolle i å gi han ei oppvakning på det å finne sin eigen identitet, finne sin plass i den store samanhengen. Ibsens tematisering av fridom, ikkje minst i Et dukkehjem, har vore viktig for han. Ikkje for å sjå kor langt eplet kunne falle frå stammen, men for å kjenne på ein reell valfridom i sitt eige liv.
– For meg ligg ikkje fridomen i å skulle bli ateist, men i å ta mi eiga avgjerd, seier Georgsen, før han legg humrande til:
– Så Ibsen var med andre ord ein sentral del av ungdomsoppgjeret mitt!
Ei bibelhistorie som stod sentralt i oppveksten i Frelsesarmeen, var forteljinga om den miskunnsame samaritanen. For CARE-generalen er ho framleis relevant, og ligg der også som eit avgjerande aspekt ved kristendommen. Å gjere godt mot sin neste, også når nesten ikkje er nærmaste nabo, er framleis ein viktig verdi å styre etter.
– Korleis ønskjer du å vere i møte med andre menneske?
– Eg stiller meg ofte spørsmålet: Lukkast eg med å gjere andre betre? Med ikkje å stå i vegen for andre? Eg treng ikkje ein himmel for å motivere meg til dette.
Kaj-Martin Georgsen er motivert av å gjere ein innsats som gagnar samfunnet. Det er også derfor han har gått inn i toppleiarjobben i CARE Norge: Å hjelpe dei fattige og vanskelegstilte. Ein treng ikkje vere Jesus for å gjere ein innsats til beste for andre. Det kan kvar og ein av oss ta del i.
– Du som er vaksen opp i Frelsesarmeen: Kva tenker du når du høyrer ordet frelse?
– Frelsa er ikkje berre for nokre få førehandsdefinerte. For meg er frelse eit raust og sjenerøst ord. Det heng tett saman med nåde, seier Georgsen.
– Det betyr i grunnen at det er håp for alle.
LES MEIR: Min tro-intervjuet med Joanna Rzadkowska
LES MEIR: Min tro-intervjuet med Tord Gustavsen
LES MEIR: Min tro-intervjuet med Olav Fykse Tveit
LES MEIR: Min tro-intervjuet med Solfrid Molland
LES MEIR: Min tro-intervjuet med Anne Hege Grung
LES MEIR: Min tro-intervjuet med Muhammad Rafiq