Der trua lever
av seg sjølv
Når Gud blir borte for Erhard Hermansen, ber andre trua hans for han.
Erhard spring så fort han kan. Langs nokre hus, over ein veg. Hjartet slår fort, han kan høyre raske skritt bak seg. Den blå skulesekken svingar frå side til side på den vesle ryggen. Det er ikkje langt heim.
Han ser over skuldra si, og plutseleg er dei over han.
Det skjer så fort. Eit par gutar held han fast, legg panna hans mot den kalde asfalten. Så kjem ein av dei andre, han har hanskar på, og slår elleveåringen i bakhovudet. Igjen og igjen.