Gianni Vattimo har prøvd å skapa ein dialog mellom religion og filosofi, mellom anna i si bok «Jeg tror at jeg tror». Filosofien til Vattimo er blitt kjent under nemninga «svak tenking».  - Frelsa ligg i dette svake, det at Gud kom som eit barn, seier han.

Frelse i den svake Gud

Den italienske filosofen Gianni Vattimo trur ikkje at Gud er nokon sterk familiefar. Det heilage openberrar seg gjennom det svake.

Publisert Sist oppdatert

På midten av 1990-talet skreiv den italienske filosofen Gianni Vattimo- bokaJeg tror at jeg tror. Her prøvde han å reetablere dialogen mellom religion og filosofi, ein dialog som til ein viss grad var gått tapt i den vestlege postmoderniteten. Vattimo har sidan stått midt i pulsen av ei rekkje filosofar som har «gjenoppdaga» religionen. Nyleg er han omsett til engelsk i bøkene «The Future of Religion», som han har skrive saman med Richard Rorty, og «After the Death of God», skrive saman med John D. Caputo.

– Med «Jeg tror at jeg tror vende» eg attende til røtene mine, fortel Vattimo.

– Eg hadde ein katolsk oppvekst, og var i 15-årsalderen i ferd med å bli ein liten helgen. Men eg ville ikkje bli prest. Etter at eg i 15- til 18-årsalderen utvikla ei dobbelt interesse for religion og politikk, fann eg ut at denne kunne kombinerast i filosofistudiet.

Powered by Labrador CMS