Ukraina-krigens skuggar i Polen og Ungarn

DEMOKRATI: Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

Reportasje

– Vi vil gråte, men vi kan ikkje skremme borna. Vi må smile og halde oss sterke for dei, seier den ukrainske 29-åringen Polina Dukhonchenko.

Vi møter henne i eit hus på den polske landsbygda, ein times køyretur utanfor Warszawa.

For å forstå korleis Polen og Ungarn vert påverka av flyktningane frå nabolandet, hjelper det å møte dei som har flykta – og høyre korleis dei blir tatt imot. Polen har på få veker fått kring tre millionar ukrainske flyktningar over grensa, og på togstasjonane i Warszawa er det tett med flyktningar og frivillige hjelparar.

Huset med flyktningkvinnene

I huset på landsbygda er Polina – midt mellom epletrea som veks i lange rekker rundt huset – på trygg avstand til russarane sine herjingar i heimbyen Zaporizjzja i Ukraina. Byen, med det største kjernekraftverket i Europa, vart utsett for heftige russiske artilleriangrep. Saman bur ho i huset med dottera Galina, som snart skal byrje på skulen.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

Sjølv sette ho seg på toget mot Polen så fort det lét seg gjere.

– Det var forferdeleg å høyre korleis borna gret heile natta, sjølv om dei ikkje hadde meir stemme att. Bombene hadde skremd dei sånn. Då toget stoppa, var det mange menneske utanfor som banka desperat på vindauga og ville bli med. Men toget var fullt, og dei fekk ikkje bli med, fortel Dukhonchenko.

Ein frivillig hjelpeorganisasjon har ordna huset til henne og rundt ti andre ukrainske kvinner som har flykta med borna til Polen. Huset er gammalt, men romsleg. Rundt oss held frivillige polakkar på med å pusse opp, slik at kvinnene og borna kan få ein heim så lenge dei treng han. På veggane er det mønstrete tapet som var vanleg i norske hus på 70-talet. Det er nok soverom til alle, i tillegg til bad og kjøken. Her får dei litt privatliv, som dei fleste ukrainske flyktningane i Polen ikkje får. Frivillige polakkar kjem med fersk ost, kjøt, pasta og all annan mat kvinnene i huset treng. Borna får gå på skule og barnehage. Fleire av kvinnene har allereie fått seg jobb på eplegardane nær huset.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

– Polakkane er fantastiske

– Det er vår heim no. Eg kan gå på jobb, bu her og slappe av. Det er fantastisk å ha fått ein heim igjen, seier Oksana.

Agata Dziopa frå den frivillige organisasjonen Open Foundation har med seg eit skrivebord til sonen Zahar, slik at han kan få gjort litt skulearbeid. Dei mindre borna speler fotball og leikar i hagen.

Polina fortel om korleis det råda eit enormt kaos då ho først kom til Polen og Warszawa.

– Polakkane som hjelper oss er fantastiske, seier Dukhonchenko.

Mindre demokrati

I Norge snakkar fleire analytikarar om at Ukraina-krigen kunne bli eit vendepunkt for demokratiets krise i Europa. Land som Polen og Ungarn – der rettsstaten, mediefridomen og grunnleggande demokratiske rettar har gått i feil retning dei siste åra – ville ikkje lenger la seg lokke inn på Putins veg mot meir autoritært styre. Vil alle flyktningane frå nabolandet påverke situasjonen positivt?

På ein nabolagsrestaurant i Stara Ochota-kvarteret i Warszawa møter vi ein som kan svare. Wojciech Przybylski er sjefredaktør for nettavisa Visegrad Insight, som har spesialisert seg på å forstå utviklinga i Sentral-Europa.

– Ein skulle kanskje tru at flyktningsituasjonen og krigen i Ukraina ville pressa regjeringa her i Polen i meir demokratisk retning, men det er faktisk motsett. Vi er på eit kritisk punkt i Polen no, seier Przybylski, på lågmælt og tilnærma perfekt engelsk.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

Kritikken som stilnar

Han fortel korleis den polske regjeringa nyttar momentumet til å dra søkelyset bort frå angrepa på den polske rettsstaten – og sikre seg støtte frå EU. Så seint som i midten av februar tapte Polen og Ungarn ei rettssak i EU-domstolen. Den slo fast at EU kan kutte overføringane til medlemslanda som ikkje held seg til dei demokratiske prinsippa for unionen.

Det blir vanskelegare å kritisere Polen når landet har blitt den største humanitære hjelparen i Europa.

—  Wojciech Przybylski, sjefredaktør for Visegrad Insight

Han skildrar eit røykteppe over dei store demokratiske tilbakeskritta som Lov og rettferdspartiet i Polen og Viktor Orbán i Ungarn har stått for. I begge land har regjeringane sett inn regimelojale dommarar, strupa den frie pressa og angripe sivilsamfunnet.

– Det blir vanskelegare å kritisere Polen når landet har blitt den største humanitære hjelparen i Europa.

I familie med Putin

Etter samtalen inviterer Przybylski oss heim, der vi får sjå korleis han sjølv har latt ei ukrainsk bestemor flytte inn på det eine soverommet i familiens leilegheit. Han er ein av titusenvis av polakkar som har opna heimen sin for flyktningane frå nabolandet.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

Vi møter òg ein av dei sjølvstendige politiske kommentatorane i Warszawa, Karolina Zbytniewska i nettstaden EURACTIV. Ho fryktar krigen i nabolandet og alle dei ukrainske flyktningane i Polen, vil gje styresmaktene manøverrom til å svekke den polske rettsstaten ytterlegare.

– Vi høyrer allereie signal frå Brussel om at dei likevel er villige til å gje Polen pengane EU har halde tilbake. Eg er redd for at situasjonen no vil gje meir støtte til regjeringa. Dei landa og kreftene som inntil no har pressa den polske regjeringa, vil kanskje sjå gjennom fingrane framover, seier Zbytniewska, der vi møter henne på sentralstasjonen i Warszawa.

Den polske regjeringa står opp for Ukraina og fordømmer Putin, men dei er likevel del av den store familien av høgrepopulistar i Europa som har eit venleg forhold til den russiske presidenten

—  Karolina Zbytniewska, politisk kommentator i EURACTIV

Rundt oss ser vi mange ukrainske mødrer som går med gråtande born på armen, og polske frivillige som prøver å hjelpe dei. Det er kaos og tett med folk.

Den politiske kommentatoren har ikkje latt seg overtyde om at den polske regjeringa, med det nasjonalkonservative og populistiske Lov og rettferdspartiet i spissen, har endra seg i meir demokratisk retning etter krigen.

– Regjeringa står opp for Ukraina og fordømmer Putin, men dei er likevel del av den store familien av høgrepopulistar i Europa som har eit venleg forhold til den russiske presidenten, fortel ho, før ho må rekke toget til heimbyen Gdànsk.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

– Alle andre tema forsvann plutseleg

På ein pub i ein av dei meir ungdommelege, moderne bydelane i Warszawa, møter vi Kasia Szczypska. Ho er ei ung kvinne som jobbar i ein stor, polsk menneskerettsorganisasjon, og flytta for eit år sidan heim att til Polen etter nokre år som menneskerettslobbyist i Brussel.

– Eg ønsker ukrainarane velkomne med opne armar og ope hjarte. Likevel er det som alle andre tema plutseleg forsvann frå polsk offentlegheit, seier ho.

Under pandemien prøvde den polske regjeringa å innføre ei lov som ville gje immunitet til politikarar og byråkratar som var mistenkt for korrupsjon. Den vart stoppa på grunn av protestar i sivilsamfunnet, men rett før vi kom til Polen hadde regjeringa igjen føreslått å innføre lova.

– Det er veldig farleg, det som skjer. Det er som om dei utnyttar røykteppet frå Ukraina, til å gjere endringar her i meir udemokratisk retning, seier Szczypska.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

Dániel Döbrentey, stemmerettsekspert i Hungarian Civil Liberties Unio

Orbán brukte krigen godt

I nabolandet Ungarn vart sittande statsminister Viktor Orbán denne veka vald på nytt, til sin fjerde periode som regjeringssjef. Mange reknar utviklinga i Ungarn som endå verre enn den i Polen, sjølv om dei to landa har hatt ein tett relasjon under sine nasjonalkonservative populistleiarar. Dei fleste rekna med at valet skulle bli jamt, men Orbán vann soleklart endå ein gong med to tredjedelsfleirtal i parlamentet – og har dermed full kontroll over korleis landet skal styrast.

Ein av dei vi møter i Budapest, stemmerettseksperten Dániel Döbrentey, er ikkje i tvil om at krigen i Ukraina påverka valet.

Det var ingen rettferdig valkamp. Alle dei store media i Ungarn vart kontrollert av Orbáns folk, og gav knapt sendetid eller spalteplass til opposisjonen. Media vart dermed eit mektig våpen for Orbán.

—  Dániel Döbrentey, stemmerettsekspert i Hungarian Civil Liberties Union

– Krigen i Ukraina var det som påverka valet aller mest. Regjeringspartiet Fidész hevda på falsk grunnlag at den samla opposisjonen ville gå inn i krigen i Ukraina. Dei posisjonerte seg som forsvararane av freden, seier han.

Döbrentey jobbar i organisasjonen Hungarian Civil Liberties Union, og han viser òg til korleis Orbán-regimet brukte det offentlege regjeringsapparatet som eit instrument i valkampen. Dermed hadde ikkje opposisjonen ein sjanse.

– Det var ingen rettferdig valkamp. Alle dei store media i Ungarn vart kontrollert av Orbáns folk, og gav knapt sendetid eller spalteplass til opposisjonen. Media vart dermed eit mektig våpen for Orbán, seier Döbrentey.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

– Opposisjonen kan takke seg sjølv

Valobservatørane frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) er ofte diplomatiske og milde i språkbruken, men skreiv likevel i sin rapport at valet i Ungarn ikkje var demokratisk. Dei skriv mellom anna at valet var prega av «fråværet av like konkurransevilkår», at valkampen var «særs negativ i tonen og prega av gjennomgripande overlapping mellom regjeringspartia og regjeringsapparatet». I tillegg kom «manglande openheit og utilstrekkeleg tilsyn med valkampfinansieringa regjeringspartia ytterlegare til gode».

På valdagen fekk opposisjonsleiaren Péter Márki-Zay fem minutt taletid på den offentlege kringkastaren, medan Orbán fekk brei dekning både før og etter – slik det var gjennom heile valkampen.

Det meiner Peter Törcsi er greitt, og at ein ikkje kunne forvente noko anna. Han jobbar i den regjeringsvenlege tenketanken Center for Fundamental Rights

I Polen ser folk på Russland som ein trugsel, medan for Orbán er han ein alliert. Det kan føre til sprekker i den alliansen vi har sett mellom Polen og Ungarn

—  Wojciech Przybylski, sjefredaktør for Visegrad Insight

– Kvifor er det negativt at opposisjonen får lite taletid? spør han retorisk. Han grunngjev den store skilnaden i taletid og ressursar med at opposisjonen gjorde akkurat det same før Orbán kom til makta i 2010.

Sjølv om Ungarn har tatt imot langt færre ukrainske flyktningar enn Polen – kring ein halv million – er krigen i nabolandet utvilsamt med på å forsterke den autoritære regjeringa si makt. Der Polen har tatt tydelegare stilling mot Putins krig i Ukraina, sit Orbán på gjerdet som ein sjølverklært fredsapologet. Han har vore skeptisk til sanksjonar og har stengt den ungarsk-ukrainske grensa for Natos våpenleveransar.

– I Polen ser folk på Russland som ein trugsel, medan for Orbán er ein alliert. Det kan føre til sprekker i den alliansen vi har sett mellom Polen og Ungarn, seier Wojciech Przybylski i nettavisa Visegrad Insight – som dekker den politiske utviklinga i Sentral-Europa.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

Borsj og Sankt Olivier-salat

Tilbake i Polen hos dei ukrainske kvinnene i det gamle huset i landsbyen Jakubowizna utanfor Warszawa, vert vi invitert på lunsj. Den er laga av ho som vert kalla «babusjkaen» (bestemor på russisk og ukrainsk). Ho har laga borsj og Sankt Olivier-salat – eit herremåltid.

– Sonen min er att i Ukraina. Han er i ferd med å verve seg til det ukrainske forsvaret. Eg veit ikkje om han klarar å halde seg i live. Det er forferdeleg, bombene kjem om morgonen og natta, seier «babusjkaen», som heiter Valentina.

Rundt bordet går praten mellom dei ukrainske flyktningkvinnene om siste nytt heimanfrå. Ein av dei polske frivillige som hjelper kvinnene, Agata Dziopa, sit òg ved bordet.

Eg kunne ikkje fokusere på min eigen jobb lenger, fordi det ikkje gir meining når så mange menneske treng hjelp. Verda endrar seg så mykje no. Den vil ikkje bli den same etter Ukraina. Det same gjeld for oss her.

—  Agata Dziopa, polsk frivillig som hjelper flyktningane
Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

– Kvar gong eg er her lagar dei så god mat, alltid noko ekstra som smakar fortreffeleg, seier ho om den tradisjonelle, ukrainske suppa vi får servert.

Ho er blant dei som tidlegare har gått i demonstrasjonstog mot Lov og rettferds-regimet i Polen. Mellom anna har ho protestert mot innskrenkingane i abort- og kvinnerettar som regjeringspartiet har stått bak. Agata har òg engasjert seg i Amnesty og andre menneskerettsorganisasjonar. No har ho slutta i marknadsføringsjobben sin for å hjelpe dei ukrainske flyktningane på fulltid.

– Eg kunne ikkje fokusere på min eigen jobb lenger, fordi det ikkje gir meining når så mange menneske treng hjelp. Verda endrar seg så mykje no. Den vil ikkje bli den same etter Ukraina. Det same gjeld for oss her, seier ho.

Solidariteten til trass, er det lite som tyder på at endringa er til det betre.

Mange trur at Ukraina-krigen vil bidra til meir demokrati og stanse den autoritære utviklinga land som Polen og Ungarn. Vi reiste til Warszawa og Budapest for å sjekke om påstanden stemmer.

---

Fakta: Ukraina-krigens påverking på Polen og Ungarn

  • Krigen i Ukraina har vart sidan 24. februar.
  • I nabolanda Polen og Ungarn er det høvesvis tre millionar og ein halv million flyktningar.
  • Styresmaktene i Polen og Ungarn har dei siste åra tatt fleire grep som har svekka rettsstaten, den frie pressa og demokrati

---

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje