Når Lossi rir i natta

TRADISJON: I nokre få enklavar i Rogaland kjempar foreldre for at barna fortsatt skal kle seg ut som trollkjerringar den mørkaste natta i året.

Reportasje

Det er 12. desember og lussi langnatt. Denne kvelden på Fiskå i Strand er det stort sett barn i raud julenissedrakt som går frå dør til dør. Mange har på seg ein romsleg gul refleksvest som lyser opp langs vegen når bilar køyrer forbi. To nissar på el-sparkesykkel ruller inn på gardstunet, slenger frå seg syklane og ringer på. Døra går opp og «Eit barn er født i Betlehem» vert framført a capella i byte mot snop og mandarinar.

Denne natta er Lossi ute og rir. Det kan gå ut over både hus og dyr, mat og øl dersom ho blir sinna. Lossi var rekna som eit skremmeleg juletroll i gamle dagar som tok hestar og reid dei til dei vart dyvåte av sveitte. Det gjeld å halde seg inne med denne trollkjerringa som går frå dør til dør og tiggar. Det kan gå ille med folk som ikkje gir, fortel tradisjonen.

Lossi. Fiskå, Strand.

Matauk

Lossi er omtala i eldre kjelder som ein førkristen tradisjon kjent fleire stader på Vestlandet, men som har heldt seg lengst levande i Dalane og Strand i Rogaland. No møter den sterk konkurranse frå Halloween og me må ut i ytterkantane av kommunen for å finne lossiane denne kvelden.

Fleire aspekt må vere til stades for at tradisjonen skal haldast levande. Barnetette område og entusiastiske foreldre som vil at barna skal få oppleva den same spenninga som dei sjølve fekk, på den lengste natta i året. Ikkje alle forstår kvifor det står barn på døra og syng julesongar. Det krev sitt frå både barn og vaksne å halde ein utdøyande tradisjon i live.

---

Lossi i Noreg

  • Juletradisjon som blir markert i Strand og Dalane i Rogaland natt til 13. desember.
  • Barn kler seg ut og går på dørene for å be om godter.
  • Dei fleste kler seg nå ut som nisser, men tidlegare var det meir vanleg å kle seg ut som skremmande vesen.

---

Magnar Østerhus vaks opp på Fiskå på 1970-talet og minnest ei tid kor det var stas å få ei mandarin.

– Mandarin var ikkje for katten. Det var ei skikkeleg matauk å gå lossi og me var jo heilt underernærte på snop, fortel han.

Østerhus minnest å ha høyrt at lossi opphavleg blei markert for å skremma vonde ånder. Då gjaldt det å sjå styggast og fælast ut.

Lossi

– Me hadde ikkje nissedrakt, men brukte det me hadde og gjekk med strømpebukser over hovudet for ikkje å bli kjent att. Eg huskar nabogutane kom på døra, og me vart livredde.

På Nag og Fiskå er det framleis ingen som opnar dørene på Halloween. Halloween er fy-fy her. Stian Nag gleda seg alltid til å gå lossi som barn på Nag. No har han sjølv to barn som kler seg ut og bankar på dei same husa i bygda. Han håper lossi-tradisjonen ikkje døyr.

– Dei fleste kjenner jo ikkje historia bak. Før gjekk folk med sot i fjeset og kvite frakkar for å skremma kvarandre. Eg malte meg i trynet. Det var mykje humor og det gjaldt å sjå løgne ut. Spenninga er den same for barna mine, sjølv om utkledningen er annleis no. Dei fleste barna kler seg i nissedrakt, fortel han.

Trollkjerring

Eldre skildringar av tradisjonen fortel om ungdomar som kledde seg ut som Lossi med skinnteppe og store horn. Andre kledde seg ut som troll og hekser med det dei fant av gamle klede og avklipte hestehalar.

Gunda Birkeland vaks opp på garden Åvendal i Dalane for 100 år sidan. I eit intervju i Dalane Tidende frå 1989 minnest ho at barna kledde seg ut og gjekk lossinatta.

«Den største av oss skulle vera Lossi sjølv, trollkjerringa, som likna eit uhyre. Kleda var store, og på hovudet skulle det væra eit stort tørkle. Det var om å gjera å vera mest mogleg ugjenkjennelig. Dei mindre ungane følgde etter Lossi, og vi ropte og skrålte der vi gjekk i flokk rundt på garden».

Foto frå Lossi i Dalane frå tidsrommet 1946-1965.

Åsgårdsreia

Forskaren Ørnulf Hodne har skrive mykje om norsk folketru og juletradisjonar. Han må innrømme at lossi-tradisjonen i Strand og Dalane er ukjent for han, men lussi og lussinatta har han skrive om i ei av sine mange bøker om norsk folketru og juletradisjonar.

Han blar fram og les høgt over telefonen frå boka «Jul i Norge»:

«I den forbindelse opptrer Lussi mange steder som et slags arbeidstilsyn som kontrollerer at julekosten lages og fristene overholdes. Hun smakte på juleølet, kom med kakespaden, bivånte lefsebaking i eldhuset og ropte ned i skorsteinspipe på «storjulaften»: «Inkje bryggja, inkje baka, ikje store eldar hava!». Alt dette måtte vere ferdig da. Oppdaget hun at noe av dette ikke ble respektert, rev hun ned øverste delen av pipa og slo stykker alt som fantes på skorsteinen.»

I fleire vestlandsbygder var Lussiferda ein parallell til «Åsgårdsreia» julenatt: eit følge av menn og kvinner som kom ridande gjennom lufta på eldsprutande hestar og reiv til seg menneske, dyr og gjenstandar i farten.

NISSER: Dei fleste barna kler seg nå ut med nissedrakt.

– Dette har vore ein allmenn førestilling, som gradvis forsvinn, men nokre plassar blir dei verande. Det er vanskeleg å finne ut kva som er opphavet. Slik er det med mange gamle ting som er i ferd med å døy ut, seier Hodne.

I slutten av middelalderen var 13. desember vintersolkverv-dagen, og dermed den «lengste nat og steckiste dag» i året, slik det står i vår eldste trykte almanakk frå 1644. I norsk tradisjon framstår «Lussi» både som tidsnemning – Lussikveld, Lussinatt, Lussi langnatt – og som vettenavn.

Det finst ikkje spor etter ei sannsynleg middelaldersk Lucia-dyrking som i Sverige, skriv Hodne i boka «Norsk folketro».

Den mørkaste tida på året blei rekna som farleg. Ingen visste sikkert om sola ville snu. Kanskje ville det berre bli mørkare og mørkare?

– Dei mørke maktene var til stades året rundt, men spesielt i jula var dei vonde maktene aktive og dei måtte ein verne seg mot, fortel Hodne.

Lossi. Fiskå, Strand


Les mer om mer disse temaene:

Erlend Berge

Erlend Berge

Erlend Berge er fotojournalist i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje